Espen Bredesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Espen Bredesen

Espen Bredesen (fødd 2. februar 1968) er ein tidlegare norsk skihoppar som representerte Oppsal IL/Kollenhopp.

I Ski-VM i Falun i 1993 vann Bredesen gull i storbakken og i laghopp. I sesongen 1993/1994 vann han den tysk-østerrikske hoppuka, tok to medaljar under OL på Lillehammer (gull i K90 og Sølv i K120), og tok sølvmedalje i VM i skiflyging.

To gongar forbetra han verdsrekorden i skihopping, til 209 og 210 meter, i 1994 og 1997. I 1993 vart han tildelt Morgenbladets gullmedalje og i 1994 vart han tildelt Holmenkollmedaljen samman med Ljubov Jegorova og Vladimir Smirnov.

Bredesen var norsk flaggberar i vinter-OL 1998 i Nagano.

Bredesen la opp same året på grunn av ein nakkeskade han hadde pådrege seg under trening 4 år tidlegare.

Han er i dag engasjert av NRK som ekspertkommentator i skihopping.

[endre] Bakgrunnsinformasjon

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk