Espen Knutsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Espen «Shampo» Knutsen (fødd 12. januar 1972) er ein norsk tidlegare ishockeyspelar og -trenar fødd i Oslo, sett på som eitt av dei største norske talenta innan idretten.

Knutsen har spelt for norske Vålerenga i Oslo, svenske Djurgården og amerikanske Mighty Ducks og Columbus Blue Jackets i NHL-serien. Han har også merka seg ut ved å spela på det norske ishockeylandslaget. Vinteren 2002 spelte han for verdslaget i NHL All-Star-kampen. Verdslaget vann 8-5 mot Nord-Amerika der Shampo laga 4-5-målet. Han er ein av få nordmenn med erfaring frå den amerikanske NHL-serien, der han spelte til saman 207 kampar. Då han spelte for Djurgården blei han utnemnd til den beste norske spelaren i svensk eliteserie.

Ein nakkeskade gjorde at han måtte avslutta spelarkarrieren, og han blei i staden hovudtrenar for Vålerenga Ishockey i sesongen 2006/07.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]