Esperantolitteraturens dag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dagen for esperantolitteratur er den 15. desember, fødselsdagen til L.L. Zamenhof, skaparen av språket esperanto. Dagen vert òg ofte kalla Zamenhofdagen. Sidan 1920-åra har det vore tradisjon blant esperantobrukarar og esperantoklubbar over heile verda å feira denne dagen, og det er ikkje uvanleg å nytta høvet til å gje kvarandre esperantobøker i gåve.

Somme esperantoklubbar i Noreg har ein årleg fest for alle medlemane på Zamenhofdagen.