Espresso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein espresso framstår som ein mørk, konsentrert drikk med eit raud-brunt skumlag på toppen. Dei vert serverte i små porsjonar.

Espresso (av italiensk 'esprimere', «presse ut» eller «presse gjennom») er ein spesiell måte å bryggje kaffi på, som gjev ein veldig kraftig, smakfull drikk. Dette skjer ved at kaffien vert bryggja under trykk. Drikken vert servert i små porsjonar på om lag 3 cl, og vert laga ved å presse varmt vatn gjennom finmalen kaffi. Franskmannen Descroisilles fann opp espresso/mokka-kanna i 1802. Denne forma for kaffi hadde likevel størst gjennomslag i Italia, der italienaren Gaggia fann opp espressomaskina i 1946.

I Italia, der drikken kjem frå, er espresso den vanlegaste forma for kaffi, og den typen ein får servert dersom ein bestiller kaffi på ein bar eller resturant. Filter- og kokekaffien slik vi kjenner han er lite kjend i Italia. Espresso vert brukt som fundament for andre drikkar som inneheld kaffi, som t.d. caffè latte, cappuccino og cortado.

Variasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Lungo (lang): meir vatn (omtrent dobbelt så mykje) vert pressa gjennom kaffipulveret, noko som gjev ein svakare men bitrare smak, samt meir koffein.
  • Ristretto (restriksjon): mindre vatn, meir konsentrert
  • Doppio (dobbel): to espressoar i ein kopp.
  • Corretto (korrigert): med ein eller anna form for brennevin.
  • Americano (Amerikansk): blanda ut med varmt vatn.
  • Caffe’ Macchiato (merka, markert): med ei matskei mjølkeskum.
  • Cortado: blanda ut med med varm mjølk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]