Ess-dur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ess-dur-skala

E-dur eller Ess-dur er ein durskala som består av tonane E♭, F, G, A♭, tonen B, tonen C og D.

Parallelltonearten er c-moll og varianttonearten er E-moll.

Ess-dur vert ofte assosiert med modig, heroisk musikk, delvis på grunn av måten Beethoven brukte han på. Hans Eroica, Keisarkonserten og Grand Sonate er alle i denne tonearten. Sjølv før Beethoven identifiserte Francesco Galeazzi ess-dur som «ein heroisk toneart, ekstremt majestetisk, alvorleg og seriøs, i alt dette er han overlegen C-dur»[1]

Tre av hornkonsertane til Mozart og Joseph Haydn sin kjende Trompetkonsert er i ess-dur, og det same er Anton Bruckner sin fjerde symfoni, der han nytta mykje horn i førte sats. Eit anna kjent stykke i ess-dur er Richard Strauss sin Ein Heldenleben (Eit helteliv). Det heroiske temaet frå Jupiter-satsen av Holst sin Planetane er i ess-dur. Mahler sin heroiske åttande symfoni er i ess, og hans andre symfoni enda òg i same toneart.

Ess-dur vart ikkje berre nytta for bombastisk musikk med blåseinstrument. Ess var tonearten Haydn oftast nytta i strykekvartettane sine, ti i alt.[2]

Kjende musikkverk i denne tonearten[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Francesco Galeazzi, Elementi teorico-practici di musica (1796) omsett til engelsk i Rita Steblin, A History of Key Characteristics in the Eighteenth and Early Nineteenth Centuries. University of Rochester Press (1996): 111
  2. Paul Griffiths, The String Quartet. New York: Thames & Hudson (1983): 29
  3. http://www.youtube.com/watchv=TYtARqj9vUg&feature=PlayList&p=830C60F8C5505824&index=11

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ess-dur