Esterházy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Esterházy-våpenet.
Familietreet til slekta Esterházy.

Esterházy (tysk, på ungarsk Eszterházy, slovakisk Esterházi) er ei ungarsk adelsslekt. Esterházy var ein gong mellom dei største landeigarane i Ungarn.

Opphavleg var familien små landeigarar frå den litle staden Esteráza, som ikkje finst lenger. Esterháza låg i nærleiken av Dunajská Streda og ville no ha vore ein del av det sørvestlege Slovakia, men som då låg i Ungarn. Frå 1421 hadde dei ein eigedom i Galanta. Grev Nikolaus Esterhàzy (1583–1645) og sonen hans, fyrst Paul Esterházy (1635–1712) gjorde slekta betydningsfull. Familien vart delt i fire linjer:

  • den eldre Forchenstein-lina, grunnlagd av Nikolaus Esterházy, med sete i Eisenstadt (ungarsk Kismarton)
  • den yngre Forchtenstein-lina
  • Zvolen-lina, grunnlagd av Paul Esterházy (død 1641)
  • Csesznek-lina, grunnlagd av Dániel Esterházy

I 1626 vart Esterházy-familien teke opp i grevestanden, og 1712 vart Forchtenstein-lina teke opp i fyrstestanden av dei austerrikske habsburgarane.

Suksessen familien hadde, bygde på erobring av land, og lojalitet mot den katolske kyrkja og særleg den austerrikske herskaren. På byrjinga av 1900-talet, var dei mellom dei største landeigarane i Habsburg-imperiet. Brorparten av eigedomane deira låg i det som no er Slovakia.

Eit anna viktig sete for familien var i Eisenstadt, der dei hadde eit slott frå 1300-talet, som vart gjenoppbygd 1663-72. Eisenstadt ligg i dag i den austlege delen av Austerrike, men fram til 1920 var det innanfor kongeriket Ungarn.

Esterházy-slottet i Fertőd, tidlegare Esterháza.

Slekta hadde elles bustadar i hele kongeriket og i Transilvania, og mange av familielemene budde i Wien. På 1770-talet reiste fyrst Nikolaus Esterházy, som mislikte Wien, eit imponerande slott ved Eszterháza. Mange meiner slottet er den finaste av esterházyboligane, og det vert ofte kalla «det ungarske Versailles».

Hovudlina til familien (den gamle Forchstein-lina) var stort sett tospråkleg—ungarsk som etniske ungarar og tysk som aristokratar. Dei familielemen som budde i andre område av Ungarn, med andre (hovudsakleg slaviske) hovudspråk, meistra òg desse. Det var vanleg å nytta både dei tyske og dei ungarske versjonane av namna deira, i høve til kvar dei var.

Slekta er kanskje best kjend i samband med Joseph Haydn, som var kapellmeisteren deira. Han vart tilsett av fyrst Paul Anton i 1761.

Det noverande overhovudet for hovudlinar til familien, er fyrst Anton Rudolv Maria Georg Cristoph Hubertus Johannes Aglaë Esterházy von Galanta (født 1936). Sonen og arvingen hans, prins Paul-Anton Nikolaus Maximilian, vart født i München i 1986.

Forfattaren Péter Estrházy er òg medlem av familien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Esterházy