Estetikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fontaine av Marcel Duchamp (1917). Det sentrale spørsmålet i estetikk er kva er fint og kva er stygt.

Estetikk (frå gresk Αισθητική, Aisthētiké, 'sansekunnskap' eller 'oppfatning') er eit kunstteoretisk omgrep brukt om både «læra om kunnskap som kjem til oss gjennom sansane» og «læra om det vakre og vene i kunsten».

Ordet «estetikk» vert òg brukt som eit samleomgrep for felles stilideal, ein kulturell smak eller eit kunstsyn som er dominerande i ein periode eller i eit samfunn. Ein kan såleis snakke om hinduismens estetikk, nazismens estetikk og så vidare.

Estetisk filosofi[endre | endre wikiteksten]

Tittelbladet til Aesthetica (1750—58)

Estetikk er ei grein av filosofien som tek føre seg kunstens natur, venleik og smak. Omgrepet «estetikk» innan filosofien vart først brukt av den tyske filosofen Alexander Gottlieb Baumgarten (1714–1762) i boka Aesthetica i 1750—1758. Dette la grunnlaget for estetisk filosofi som ein sjølvstendig filosofisk vitskap.

Oppleving, sansing og kulturell smak[endre | endre wikiteksten]

Estetikk kan definerest som menneskets oppleving av omgjevnadene sine og av føremål dei bruker på ulike måtar. Å gje omgjevnader og føremål ei formgjeving dei har likt har vore viktig for menneska både i hverdagsliv og i kunst, frå design og arkitektur til musikk og litteratur. Den franske sosiologen Pierre Bourdieu (1930–2002) gjev eit teoretisk grunnlag som avgrenser estetikken som handler om kva ikkje estestiske haldninger som gjer seg gjeldande i det sosiale spelet i kulturlivet. For å forstå dette må dei kjenneteikna eller signala dei ulike aktørane omgjer seg med analyserast.

Estetiske fag[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet estetiske fag brukest ofte om kreative fag som målarkunst og ymse formggjevingsfag, men kan òg omfatte for eksempel dans, teater, musikk, skjønnlitteratur.

Nærskylde ord[endre | endre wikiteksten]

  • Estetisk vert brukt om det som følgjer estetikkens reglar eller er harmonisk og vakkert.
  • Estetiker eller estet er ein person som er særleg oppteken av det vakre.
  • Å estetisere vil seie å gjere noko vakrare, særleg når det er overdrive og utelukkande.
  • Estetisisme er en haldning der ein person først og fremst er oppteken av estetiske kvalitetar og alt som er vent.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur