Estisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Estisk geografi
Kart over Estland
Kart over Estland
Kart over Estland
Detaljkart over Estland
Detaljkart over Estland
Detaljkart over Estland
Plassering
Land Estland
Koordinatar 59°N 26°EKoordinatar: 59°N 26°E
Totale landegrenser 633 km
Grenseland Latvia 343 km
Russland 290 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

45 226 km²
43 211 km²
2 015 km²
Kystlinje 3 794 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Suur Munamagi 318 moh.
Austersjøen 0 moh.
Lengste elv Võhandu (162 km)
Største innsjø Peipus (3 555 km²)
Maritime krav
Økonomisk sone avgrensa etter avtalar med naboland
Territorialfarvatn 12 nm
Arealbruk
Dyrkbar mark 12,05 %
Permanente avlingar 0,35 %


Anna 87,6 %
Irrigert land 40 km²
Naturressursar
oljeskifer, torv, forforitt, rav, blåleire, kalkstein, dolomitt, dyrkbar mark
Naturfarar
Flaum oppstår ofte på våren
Miljøproblem
Lufta er kraftig forureina med svoveldioksid på grunn av kraftverk som brenn oljeskifer i nordaust. Jordsmonnet og grunnvatnet er forureina med petroleumprodukt og kjemikaliar frå tidlegare sovjetiske militærbasar. Estland har meir enn 1 400 naturlege og kunstige innsjøar, og dei minste av desse som ligg i jordbruksområda er kraftig forureina av organisk avfall. Sjøområda nær kysten er forureina mange stader.

Estland er eit land i Baltikum ved den austlege kysten av Austersjøen. Landet grensar til Finskebukta i nord og ligg mellom Latvia og Russland. Estland er eit flatt land, og den gjennomsnittlege høgda er berre 50 meter.

Oljeskifer og kalkstein, i lag med skogane som dekkjer 47 % av landet, spelar ei viktig økonomisk rolle i dette landet som elles har få naturressursar. Estland har over 1 500 innsjøar og vatn, mange myrområde, og ei kystlinje på 3 794 km med mange bukter, sund og viker. Hamna Muuga i Tallinn er ei av dei beste isfrie hamnene i Europa.

Estland si strategiske plassering har ført til mange krigar om territoriet gjennom historie. I 1944, då landet var okkupert av Sovjetunionen vart regionane Jaanilinn og Petseri annektert. Rettstillinga om desse områda, og kor grensa går er i dag framleis ikkje avgjort mellom Estland og Russland.

Geografiske trekk[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Estland i April 2004

Estland er eit lågt land med ei flatevidd på 45 226 km². Estland har ei lang kystlinje langs Austersjøen med 1 520 øyar og skjer. Dei to største øyane er Saaremaa med 2 673 km² og Hiiumaa med 989 km². Desse to øyane er ein populær feriestad i Estland. Det høgaste punktet i landet, Suur Munamägi er ein skogkledd ås søraust i landet, og strekkjer seg 318 meter over havet. Han er òg det høgaste punktet i heile Baltikum. Estland er dekt med om lag 18 000 km² skog. Jordbruksområda utgjer om lag 9 260 km², enger 2 520 km², og beiteområda 1 810 km². Det finst meir enn 1 400 naturlege og kunstige innsjøar og vatn i Estland. Den største av dei, Peipus (3 555 km²), dannar ein stor del av grensa mellom Estland og Russland. Den nest største innsjøen, Võrtsjärv på 270 km² ligg sentralt i landet. Narva og Emajõgi er dei viktigaste av dei mange elvane i Estland.

Nordvestkysten av Estland nær Nõva i Lääne kommune

Estland har ei 267 km lang landegrense med Latvia, og 290 km med Russland. Frå 1920 til 1945 gjekk Estland si grense mot Russland, fastsett av Tartufreden i 1920, lenger aust for Narvaelva i nordaust, og forbi byen Petsjory (Petseri) i søraust. Dette området, som utgjer om lag 2 300 km² vart innlemma i Russland av Stalin etter den andre verdskrigen. Estland vil no ha tilbake det tapte området.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Estland har eit temperert klima som ikkje er ulikt det ein finn i Skandinavia. Austersjøen medverkar i stor grad til dette, og fører til kjølig og fuktig vêr året rundt, og vintertemperaturane er relativt milde samanlikna med andre område på same breiddegraden. Dei nordlege kystområda kan derimot få kraftig vind innimellom som gjev ganske så sure forhold, i tillegg til den kalde austavinden frå Russland. Lett snøfall er vanleg over heile landet om vinteren, men smelteperiodar som kjem med jamne mellomrom hindrar snødekket i å verte for djupt. Om sommaren har ein regn og regnbyger om lag kvar andre eller tredje dag. Mai og juni er den tørraste tida på året. Tallinn har ein normal årsnedbør på 585 mm.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Den tyngste arva etter sovjetperioden i Estland er den omfattande forureininga. Den sovjetiske hæren var blant dei verste syndarane, og militære installasjonar frå denne tida dekkjer 800 km² av Estland. Militæret dumpa hundretusenvis av tonn med jetdrivstoff i jorda, og kasta giftige kjemikaliar, og gamalt sprengstoff og våpen i sjøen ved kysten og i dei mange innsjøane. Då hæren trekte seg tilbake frå Estland i 1990 vart det gjort store øydeleggingar på kasserte bygningar og utstyr. I oktober 1993 laga det estiske miljødepartementet ein foreløpig rapport, som oppsummerte øydeleggingane. Rapporten skildra at dei hadde gått verst utover matjorda og dei underjordiske vasskjeldene på grunn av systematisk dumping av jetdrivstoff frå seks sovjetiske flybasar. Ved flybasen nær Tapa vart det estimert at seks kvadratkilometer med land var dekt av drivstoff, og 11 kvadratkilometer av grunnvatnet var forgifta. Vatnet i det omliggande området var ikkje mogeleg å drikke. Med dansk hjelp byrja estlendarane å rense området.

Andre miljøproblem er luftforureining. Nesten 75 % av den estiske luftforureininga kjem frå to oljeskiferbaserte varmekraftverk, som er i drift nær Narva. Gruvedrifta etter oljeskifer nordaust i Estland etterlet og gigantiske haugar med kalkstein. Nær byen Sillamäe, der det tidlegare låg eit atomkraftverk, vart om lag 1 200 tonn med uranium og 750 tonn thorium dumpa i Finskebukta. Dette skal ha skapt alvorlege helseproblem for innbyggjarane i området.

Miljøvernsavtalar:
delaktig i avtalar som omhandlar: Biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, skipsforureining, vern av ozonlaget, våtmarksområde.
signert, men ikkje stadfesta: Kyoto-avtalen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]