Et uus saaks alguse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Et uus saaks alguse»
Eurovision Song Contest 2013
Land Estland
Artist(ar) Birgit Õigemeel
Alias Birgit
Medverkande Kaido Põldma, Lauri Pihlap og Raimondo Laikre (støttevokalistar)
Språk Estisk
Komponist(ar) Mihkel Mattisen og Silvia Soro
Låtskrivar(ar) Mihkel Mattisen og Silvia Soro
Resultat
Semifinalepoeng 52
Semifinaleplass 10
Finalepoeng 19
Finaleplass 20
Estland i Eurovision Song Contest
«Kuula»
(2012)
«Et uus saaks alguse» «Amazing»
(2014)

«Et uus saaks alguse» (estisk for Så det kan verte ein ny start) var det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på estisk av Birgit. Songen er skriven av Mihkel Mattisen og Silvia Soro.

Eesti Laul 2013[endre | endre wikiteksten]

Birgit sendte inn den estiskspråklege songen «Et uus saaks alguse» til Eesti Rahvusringhääling (ERR) og vart valt ut til å delta i Eesti Laul 2013, den estiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Bidraget enda fyrst på femteplass i semifinalen, men gjekk vidare til finalen der han vann og fekk representere Estland.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Estland i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på tiandeplass med 52 poeng; åtte frå Irland, seks frå Sverige, fem frå Russland, Kviterussland, Moldova og Italia, fire frå Nederland, Litauen og Storbritannia, tre frå Austerrike og eitt frå Danmark, Ukraina og Belgia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 13. plass med ei rangering på 10,06 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på åttandeplass med ei rangering på 7,47. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg til finalen 18. mai 2013 der dei enda på 20. plass med 19 poeng; ti frå Latvia, seks frå Finland og tre frå Litauen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget 24. plass med ei rangering på 19,59 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 16. plass med ei rangering på 13,41.[1] På scena hadde Birgit med seg Kaido Põldma, Lauri Pihlap og Raimondo Laikre som støttevokalistar. Põldma og Pihlap var òg støttevokalistar for Estland då landet vann i 2001.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Digital nedlasting[2]
  1. «Et uus saaks alguse» - 3:57

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Flagget til Estland Elmari Top 10 1[3]
Flagget til Estland Uuno Top 25 3[4]
Flagget til Estland Sky Plus Top 40 3[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 3. juni 2013. 
  2. «Muusika24 - Birgit Õigemeel-Et uus saaks alguse» (på estisk). Muusika24. Henta 26. mai 2013. 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. august 2013, henta 26. mai 2013 
  4. http://www.uuno.ee/index.php?pid=193&lang=1&page=7
  5. http://skyplus.fm/?cmd=article&article=1268