Eta Carinae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av Eta Carinae og den kringliggjande tåka kalla Homunculus.[1]
Plasseringa til Eta Carinae og andre himmellekamar i den større Carinatåka.

Eta Carinae er ein av dei mest lyssterke stjernene i Mjølkevegen og har ein masse på mellom 100 og 150 solmassar. Ho har ein avstand til jorda på rundt 7500 lysår. På 1840-talet gjekk ho gjennom ein massiv eksplosjon som slengde meir enn 10 solmassar av materie ut i verdsrommet; ein eksplosjon som ville ha øydelagd dei fleste andre stjerner. Eta Carinae var då for ein kort periode den nest mest lyssterke stjerna på nattehimmelen sett frå jorda. Eta Carinae er ei binærstjerna, og ein reknar med at Eta Carinae vil eksplodera som ein supernova når ho går tom for kjernebrensel. [2]

Eta Carinae er del av den større og stjernedannande Carinatåka.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eta Carinae

Kjelder[endre | endre wikiteksten]