Eternity Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eternity Range
fjellkjede
Mount Charity sett frå aust
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - høgd 3 239 moh.
 - koordinatar 69°46′S 64°34′W
Lengd 213 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Eternity Range
69°46′0″ S 64°34′0″ W
Eternity Range is located in Antarktis
Eternity Range (Antarktis)
Wikimedia Commons: Eternity Range

Eternity Range er ei fjellkjede omtrent midt på Den antarktiske halvøya. Ho er 213 km lang med ei høgd opp mot 3239 moh,[1] og strekkjer seg frå nord til sør.

Eternity Range er delt mellom tre hovuddelar. Dei høgaste toppane i kvar frå nord til sør er Mount Faith, Mount Hope og Mount Charity. Desse fire namna vart gjeven av Lincoln Ellsworth som oppdaga fjellkjeda frå lufta i løpet av flyturen hans 21. og 23. november 1935.

I november 1936 vart fjellkjeda kartlagd av John Riddoch Rymill frå British Graham Land Expedition som gav namnet «Mount Wakefield» til det sentrale fjellet i fjellkjeda. Denne kompliseringa av Rymill, og uvissa om den nøyaktige plasseringa og utstrekkinga til oppdaginga til Ellsworth, stoppa ei stund ei løysing på namngjevinga av området. Etter nøye studiar av dei originale rapportane, kart og fotografi, og samanlikningar med stoff frå påfølgjande ekspedisjonar, som Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947, og Falkland Islands Dependencies Survey, 1960, vart det konkludert med at fjellkjeda her skildra i det minste utgjer kjernen av Ellsworth sin Eternity Range og namngav denne fjellkjeda til minne om oppdaginga hans. Namnet «Wakefield», gjeven av Rymill, vart overført til det nærliggande Wakefield Highland.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eternity Range» (innhald frå Geographic Names Information System).