Etherow
| Etherow | |
| elv | |
|
Etherow (venstre), møter Black Brook frå Bleaklow.
|
|
| Land | |
|---|---|
| Kjelde | |
| - stad | Featherbed Moss, Bleaklow |
| - høgd | 500 moh |
| Munning | |
| - stad | Goyt |
| - høgd | 80 moh |
| - koordinatar | |
| Lengd | 30 km |
| Nedslagsfelt | 77,7 km² |
Etherow er ei elv i Derbyshire og Stor-Manchester i England, Ho er ei sideelv til Goyt, og er 30 kilometer lang, med eit nedbørfelt på 77,7 km². Den øvre dalen til elva blir kalla Longdendale. Elva danna tidlegare grensa mellom dei historiske grevskapa Cheshire og Derbyshire.
Elveløpet [endre]
Elva har utspringet sitt på Featherbed Moss like over grensa til South Yorkshire, og ho renn herfrå ned i Longdendale, der ho passerer gjennom Longdendale Chain, ei rekkje på seks reservoar som vart bygd på slutten av 1800-talet for å sikre vassforsyninga til Manchester og Salford. Nedanfor reservoara passerer elva Tintwistle og Hollingworth og fortset mot sørvest til ho munnar ut i Goyt ved Brabyns Park nær Marple. 6 km nedstraums frå munningen til Etherow renn Goyt saman med Tame og dannar elva Mersey.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Etherow» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
Etherow i Hollingworth
|