Ethlinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ethlinn, eller Ethnea er i den irske gudekrinsen mor til guden Lug. Ho var dotter av fomorkongen Balor, som sette ho inn i eit høgt tårn for å hindre at ho skulle føde ein son. Det var slik spådd at ein son- eller datterson til han ville drepa bestefar sin. Cian, ein av tre brør, sneik seg inn i tårnet kledd ut som terne, og ho fødde tre søner etter møtet med han. Balor baud at desse tre sønene skulle druknast medan dei framleis var små, men ein av dei tre gutane kom levande frå det og vart oppfostra hjå faren Kian. Dette barnet var Lug. Seunare vart ho gift med Nuada og fekk born med han.

Ethlinn er rekna som bestemor til Cú Chulainn og stammor til Finn Mac Cumhail.

Sjølve soga om tårnet og spådomen minner i mangt om den greske forteljinga om Danae, mor av helten Perseus, som vart fødd etter at Zevs sneik seg inn i eit tilsvarande tårn.