Etiopia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
የኢትዮጵያ ፌዴራላዊ

ዲሞክራሲያዊ ሪፐብሊክ
Ityop'iya Federalawi Demokrasiyawi Ripeblik (Den føderale demokratiske republikken Etiopia)
(norsk: Etiopia, etiopisk)

Det etiopiske flagget Det etiopiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Whedefit Gesgeshi Woude Henate Ethiopia»
Motto Har ikkje
Geografisk plassering av Etiopia
Offisielle språk Amharisk
Hovudstad Addis Ababa
Styresett
Forbundsrepublikk
Girma Wolde-Giorgis
Haile Mariam Desalegne (fungerande)
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 104 300 km² (26.)
0,7 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
93 815 992 (13.)
85 /km² (123.)
Grunnlagd
900-talet f.Kr.
Nasjonaldag 28. mai
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
84 020 mill. USD (76.)
1 000 USD (183.)
Valuta Birr
Tidssone UTC +3
Telefonkode +291
Toppnivådomene .et


Etiopia er ein stat på Afrikas horn nordaust i Afrika. Etiopia grensar mot Eritrea, Djibouti, Somalia, Kenya, Sør-Sudan og Sudan. Landet er det tredje folkerikaste i Afrika, etter Nigeria og Egypt. Det er ei av dei eldste statsdanningane som framleis er til, etter Armenia, og er det einaste landet i Afrika som ikkje har vore under kolonistyre.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje etiopisk tradisjon i Aksum-krønika er namnet Etiopia (ge'ez ʾĪtyōṗṗyā) avleidd frå Ityopp'is, ein son av bibelske Kusj som skal ha grunnlagd Aksum. Den greske oldtidshistorikaren Plinius den eldre nemnde også at landet skulle ha fått namn etter ein Aethiops.

Forskarar på 1800-talet meinte i staden at namnet kom frå gresk Αἰθιοπία (Aithiopia), frå gamalgresk Αἰθίοψ Aithiops sett saman av αίθαλο (aíthalo, 'sotet') og οψ (ops, 'andlet').[1]

I Europa var landet tidlegare også kjend som Abessinia og Abyssinia, namn avleidde gjennom arabisk Habesh frå Ḥabaśāt, eigenamnet til habeshafolk, som i dag kan visa til størstedelen av innbyggjarane i Etiopia og Eritrea.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folkegrupper[endre | endre wikiteksten]

Dei største gruppene er oromo 40 %, amhara og tigre 32 %, andre grupper er sidamo 9 %, shankella 6 %, somaliarar 6 %, afar 4 %, gurage 2 %, og andre tilsaman 1 %. Sjølv om amhararane er i mindretal, er statsapparatet dominert av amharar.

Folkesetnaden sin gjennomsnittsalder var i 2002 17,3 år. Spedbarnsdøydelegheit var litt over 10% (2003), og gjennomsnittleg levealder var 41,2 år (2003)

Språk[endre | endre wikiteksten]

Sjå Språk i Etiopia

Det blir snakka 84 språk i Etiopia. Blant dei er amharisk (offisielt), tigrinsk (offisielt), oromign, guaragign, somalisk, arabisk og engelsk (offisielt). I lag med Tanzania er Etiopia det landet sør for Sahara som har satsa mest på ein språkpolitikk som byggjer på eigne språk. Amharisk blir skrive med eit eige stavingsalfabet, fidel, som er ein variant av ge'ez-skriftsystemet. Fleire andre språk, m.a. tigrinsk, blir skrive med det same alfabetet.

I 2003 var godt over halvparten av den vaksne folkesetnaden analfabetar.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Dei største gruppene er kristne 60.8 % og muslimar 32,8 %.[2] Den etiopiske kyrkja har røter attende til urkristendomen, ho var del av den koptiske kyrkja fram til 1959.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Etiopia sin handel med varer består hovudsakleg i eksport av kaffi, i 2001 23,4 % av bruttonasjonalproduktet.

  • BNP: USD 800 / innbyggjar[3]

Økonomisk struktur[endre | endre wikiteksten]

  • Landbruk: 46,3 %
  • Tenester: 41,1 %
  • Industri: 12,6 %
Kart over Etiopia

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etiopia er det eldste uavhengige landet i Afrika, og det einaste afrikanske landet som aldri var koloni.

Landet vart styrt av keisar Haile Selassie på mesteparten av 1900-talet, avbrote av ein kortvarig italiensk okkupasjon frå 1936 til 1941. Haile Selassie vart styrta i 1974, av ein prosovjetisk marxistleninistisk junta, Dergen, som gjorde Etiopia til ein eittpartistat. I 1991 vart Dergen styrta av Ethiopian Peoples Revolutionary Democratic Front (EPRDF), som framleis sitt med makta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den blå nilen byrjar her, i Tana-sjøen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Etiopia er kjend for sine katastrofale tørkeperiodar, så ein kan kanskje bli overraska over kor behagleg klimaet eigentleg er i dette området. Dei høgareliggande områda i vest slepp unna den steikande varmen i Denakilørkenen og lummervarmen i det søraustlege låglandet. Om vinteren bles det vanlegvis ein nordaustleg vind frå Arabia, og over om lag 2000-2200 m har ein ofte frost, sjølv om dagtemperaturen vanlegvis er over 20 °C. Den kjøligaste tida på året er juli og august då daglege torevêr flyttar seg over desse høgdedraga. Hagl er ikkje uvanleg, og mange dagar ser ein berre glimt av sola mellom skyene om morgonen og ettermiddagsbygene. I dei sørlege Oromofjella kan ein få store nedbørsmengder når desse bygene blandar seg med monsunvinden frå Det indiske havet.

Frå mars til mai kan ein få kortare periodar med lett regn i dei austlege fjellområda. I samband med El Niño-hendingar kan ein få fleire periodar med lett regn, men færre episodar med store nedbørsmengder, og dette kan medføre tørke. I samband med La Niña episodar skjer ofte det motsette (mindre lett regn, meir kraftig regn).

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Det prekambriske underlaget i Etiopia utgjer berggrunnen i høglandet og alle dalstrøk langs Tigre og Den blå Nilen. Glimmerskifer er mest vanleg med innslag av hornblende og feltspat. I Adigrat vert grunnfjellet overlagra av kvit og brun sandstein med opptil 300 meter tjukkleik, som vart avsett i triastida. Seinare i triastida vart det danna kalkstein som tilhøyrer Antalogruppa. Ved Chelga og Adigrat finst òg kol. Over 2400 meter finst to vulkanske seriar frå triastida eller eldre: Ashangigruppa og Magdalagruppa. Frå tertiærtida finst vulkanske bergarter i sørlege delen av Etiopia. Aden vulkanserie frå tertiærtida består av basalt og vulkansk oske som finst vest for Massawa og ved Annesleybukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Flag of Ethiopia.svg
Regionar i Etiopia
Afar  | Amhara  | Benishangul-Gumaz  | Gambela  | Harari  | Oromia  | Somali  | Den sørlege regionen  | Tigray
Byar med eigen status: Addis Ababa  | Dire Dawa