Etiopisk jødedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etiopisk jøde under den særeigne sigd-høgtida.

Etiopisk jødedom er ei form for jødedom praktisert av jødar som stammar frå Etiopia. Religionen deira skil seg på fleire område frå annan jødedom, særleg ved at dei ikkje følgjer talmudiske lovar og bruker ge'ez som bibel- og bønespråk i staden for hebraisk. På den andre sida følgjer dei etiopiske jødane fleire viktige jødiske skikkar – sjabbat, omskjering, rituell reinsemd og fleire jødiske høgtider.

I Etiopia har jødane lenge vore kjend som falasha (utstøytte eller framande) på grunn av lovar som sa at dei skulle mista landet sitt og støytast ut om dei ikkje vende seg om til kristendommen. Dette blir rekna som eit nedsetjande ord av jødane, som føretrekk nemninga Beta Israel ('Israels hus').

Etiopiske jødar blei anerkjende som jødar av Israel i 1950. Sidan den tid har store delar av dei, over 110 700, slått seg ned i Israel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne jødedomsartikkelen som har med Etiopia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.