Etnedal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Etnedal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0541
Fylke Oppland
Adm.senter Bruflat
Areal 458 km²
Folkemengd 1 405 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2011) Jan Arild Berg (Sp)
Målform Nøytral
Nettstad www.etnedal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0541.svg
Etnedal kommune på Commons

Etnedal kommune ligg i Oppland fylke og grensar i aust mot Nordre Land, i sør mot Sør-Aurdal, og i vest og nord mot Nord-Aurdal.

Kommunen er den austlegaste i landskapet Valdres og blei oppretta 1894 ved at Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal blei slegne saman til den nye Etnedal kommune.

Innhaldsliste

Geografi [endre]

Elva Etna renn frå innsjøen Steinsetfjorden vest i kommunen, forbi Bruflat, før den passerer Lunde bru, Høljarast bru og helleristingane ved Møllerstufossen og renn ut i Randsfjorden. Elva er ikkje regulert.

Næringsliv [endre]

Hovudnæringane i kommunen er husdyrhald og skogbruk, men det er også aktivitet innanfor industri og turisme.

Tusenårsstad [endre]

Kommunens tusenårsstad er kommunesenteret Bruflat. Her er det laga ein park ved omsorgsbustadene, og kommunen skal etterkvart forsøke å få oppført eit lite bygdetun med gamle hus for aktivitetar.

Ting å sjå [endre]

Lunde Bru
  • Lunde bru, som er attgjeven på kommunevåpenet. Den er Nord-Europas lengste steinkvelvsbru, og blei bygd i 1829 som ein del av den gamle kongevegen til Bergen. I 1992 blei ein del av denne vegen oppussa og er nå i bruk som naturstig og turveg.
  • Høljarast bru, krigsminnesmerke.

Bakgrunnsstoff [endre]

Fotnotar [endre]