Etoloakarnanía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Etoloakarnanía
Περιφερειακή ενότητα Αιτωλοακαρνανίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Vest-Hellas
Hovudstad Mesolóngi
Folketal 210 802 (2011) Rangering 8.
Areal 5 461 km² Rangering 1.
Folketettleik 39/km²
Kommunar 7
Postnummer 30x xx
Retningsnummer 263x0, 264x0
Bilnummer AI, ME
Heimeside www.aitoloakarnania.gr

Periferieininga Etoloakarnanía (gresk Περιφερειακή ενότητα Αιτωλοακαρνανία, Periferiakí enótita Etoloakarnanías) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Hellas. Hovudstaden i periferieininga er Mesolóngi av historiske årsaker, men den største byen og det økonomiske senteret er Agrínio. Tilgrensande periferieiningar er Árta i nord, Evrytanía i nordaust, Fokída i søraust og Fthiótida i aust. Området er i dag òg forbunde til Préveza med tunnel under munningen av Amvrakiabukta (Ártabukta) og til Akhaía og Peloponneshalvøya via Río-Andírio-brua.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den lengste elva er Akhelóos, som renn gjennom ein frodig dal. Den nest lengste elva er Évinos. Andre elvar er Ermítsa, Ínakhos og Mórnos. Av fjell finn ein Panetolikó i nordaust, Akarnanikó og Váltos i nordaust, Makrynóros heilt i nord, Nafpaktíafjella i søraust, Arákynthos og Krávara i sør og Lidoríki.

Av innsjøar finn ein Lysimakhíasjøen, Ozeróssjøen og Trikhonídasjøen. Reservoaret Kremastá har vore den største kunstige innsjøen i Hellas sidan 1970.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen i 1821. I hundreåra før dette var det okkupert av Det osmanske riket. I starten inkluderte prefekturet óg Evrytanía, før det vart skild ut til eit eige prefektur.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Arkadía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer
Etoloakarnanía Áktio-Vónitsa Anaktório
Medeónas
Páleros
Amfilokhía Amfilokhía
Ínakhos
Menídi
Xirómero Astakós
Alyzía
Fytíes
Mesolóngi Mesolóngi 301 00
Etolikó
Iniádes
Agrínio Agrínio 302 00
Angelókastro
Arákynthos
Thestiís
Makrynía
Neápoli
Panetolikó
Parakambýlia
Paravóla
Strátos
Thérmo Thérmo
Navpaktía Návpaktos
Andírio
Apodotía
Plátanos
Pylíni
Khálkia

Kjelde[endre | endre wikiteksten]