Iturup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Etorofu)
Iturup
øy
Land  Russland
Del av Stor-Kurilrekken
Areal 3 166,64 km²
Folketal 6 799 (2021)
Kart
Iturup
45°1′0″ N 147°37′0″ E
Wikimedia Commons: Iturup
NASA-bilete av sørenden av Iturup med vulkanen Berutarube og små skyer.

Iturup (russisk Итуру́п; ainu エトゥオロ, Etuworop-sir; japansk 択捉島, Etorofu-tô) er den største øya i dei sørlege Kurilane. Ho er den nordlegaste øya i dei sørlege Kurilane og vert i dag kontrollert av Russland og Sakhalin oblast. Japan har derimot òg gjort krav på øya.

Iturup ligg nær sørenden av Kurilane mellom Kunasjir (19 km mot sørvest) og Urup (37 km mot nordaust). Byen Kurilsk, det administrative senteret i Kurilskij distrikt, ligg om lag midt på øya på vestkysten.

Øya har eit areal på 3139 km², ei lengd på 200 km og ei breidd på 7 til 27 km.

Sundet mellom Iturup og Urup vert kalla Vriessundet, etter den nederlandske utforskaren Maarten Gerritsz Vries, som var den første europearen som utforska området.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Iturup består av vulkanske massiv og fjellryggar. Ei rekkje vulkanar går frå nordaust til sørvest og dannar ryggraden på øya. Den høgaste av desse er Stokap (1634 moh) sentralt på øya. Kysten av Iturup er høg og bratt. Vegetasjonen består hovudsakleg av gran, lerke, furu og blandingslauvskog med or, lianar og kurilsk bambuskratt. Fjella er dekte av bjørk og sibirsk dvergfuru, urter eller berre bert fjell.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Japanarar og eit buddhistisk tempel på Iturup (før 1939)

Opphavleg var øya busett av ainufolket og etter kvart kom det både ein russisk busetnad (seint på 1700-talet) og ein japansk garnison her (1800) der Kurilsk i dag ligg. I 1855 vart Iturup avstått til Japan gjennom Shimoda-traktaten.

26. november 1941 la eit japansk hangarskip ut frå Hitokappubukta (japansk 単冠湾) på austsida av Iturup for å delta i åtaket på Pearl Harbor.

I 1945 vart ho okkupert av Sovjetunionen etter Japan tapte i den andre verdskrigen. Dei japanske innbyggjarane vart drive ut til det japanske fastlandet.[2] I 1956 vart dei to landa einige om å gjenopprette diplomatiske forhold, men fredsavtalen har enno (2008) ikkje avgjort statusen til Iturup og fleire andre øyar i området som Japan framleis gjer krav på.

Eit sovjetisk antiluftvern, Burevestnik, (russisk for 'stormsvale') ligg på øya og har sidan 1950-åra vore base for ei rekkje Mikoyan jagarfly. I 1968 vart Seaboard World Airlines Flight 253 avskore over Kurilane og tvunge ned til Burevestnik med 214 amerikanske troppar som var på veg til Vietnam. Ein eldre flyplass, Vetrovoje, ligg aust på øya og vart hovudsakleg nytta av japanske styrkar under den andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nederlandsk utforsking, arkivert frå originalen 25. mars 2008, henta 29. juli 2008 
  2. Takahara, "Nemuro raid survivor"

Koordinatar: 45°02′N 147°37′E