Ettermiddagste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cream tea i Bourton-on-the-water i 1990.

Ettermiddagste er eit lett måltid og terituale av britisk opphav. Måltidet består av te, bakverk, gjerne også brødmat og søtmat, og blir servert på fint servise. Det tradisjonelle tidspunktet for måltidet er mellom klokka 15 og 17.[1] Ein kan ha ettermiddagste heime, som del av eit teselskap eller bestilla det i serveringsstader fleire stader i verda.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Cream tea med scones, smør, syltetøy og clotted cream.

På engelsk kan ein kalla måltidet afternoon tea, high tea, low tea eller berre tea. Dei opphavlege nemningane er «afternoon» eller «low», etter tidspunktet ein pleier servera måltidet eller dei låge borda ein tradisjonelt åt det ved. «High tea» viste opphavleg til middagsmat servert ved høgare bord, men blir i dag også brukt om dette måltidet,[2] truleg på grunn av dei høgtidelege konnotasjonane. Middag kan framleis heita «tea» på nokre engelske dialektar.

Ein kan vidare skilja mellom full tea, eit komplett måltid med brødmat og dessert, light tea, der ein et scones og noko søtt, og cream tea, med scones, syltetøy og krem, då gjerne i form av clotted cream (tjukna fløyte).[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tea and Tennis (ca. 1880). Måleri av Edward Frederick Brewtnall.

Ettermiddagste utvikla seg som eit eige måltid på 1800-talet, då tedrikking var blitt utbreidd i England og overklassen hadde middagsmåltidet sitt seint om kvelden. Ei utbreidd opphavssoge seier at hertuginne Anna av Bedford fann opp måltidet då ho fekk te og noko å bita i sendt opp til rommet sitt i den lange perioden før middag. Dette blei ein skikk ho inviterte vennar til. Etterkvart utvikla ettermiddagsteen seg til ein elegant affære med mange retter og serveringsutstyr. Særleg sosietetskvinner kledde seg opp og vitja kvarandre i små teselskap. Då dronning Viktoria byrja halda slike selskap blei dei større og meir formelle.[4]

Restaurantar tilknyte fine hotell byrja også å servera ettermiddagste. Den første ettermiddagsteen for «allmugen» blei servert ved Langham Hotel i 1865.[5] Etterkvart som det britiske overklasselivet med mange tenarar endra seg, blei slike serveringsstader dei vanlegaste stadene å ha full ettermiddagste. Den enklare forma cream tea kan ein få både på eksklusive og mindre «fine» stader. Ein kan elles arrangera ettermiddagste i samband med dåp, bryllaup eller andre festlege høve.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Full ettermiddagste på eit etasjebrett med frukt, sandwichar og kaker servert som «high tea» på Sri Lanka.

Ettermiddagste består av te, ofte brygga med lause blad i ei tekanne av metall eller porselen. I kaféar og restaurantar som serverer slike måltid vil ein ofte kunne velja mellom fleire ulike typar te.[6] Ein kan sjølv blanda sitron eller sukker og mjølk i teen.

Hovudretten i det fulle måltidet er som regel snittar i form av sandwichar som kan ha avskorne skorper og vera delte i små rektangel eller trekantar. Desse kan ha fyll som agurk, egg, ost, skinke, laks, gjerne blanda med majones eller med tilbehøyr som engelskkarse. Ved sidan av eller i staden for brødskiver kan ein ha crumpetar eller scones til teen. Desse blir som regel serverte saman med jordbær- eller bringebærsyltetøy og smør eller krem.[7]

Kaker som er typiske for ettermiddagste er Victoria sponge (sukkerbrød pynta med melisdryss), battenbergkake, fruktkake, muffins og cupcakes.[7] Ein kan også ha kjeks, som shortbread eller rich tea biscuit, til teen. Lemon curd, ein slags kompott av sitron, er anna vanleg tilbehøyr. Elles står ein relativt fritt til å velja tilbehøyr, og nyare retter som mousse og ostekake er også populære.[1]

Ettermiddagste på visse serveringsstader kan verka eksklusivt og luksuriøst, noko som blir forsterka av nyskapinga «sjampanjete» og liknande, der ein serverer sjampanje eller musserande vin saman med måltidet.[2]

Den beste ettermiddagsteopplevinga i London blir kåra årleg i The Tea Guild Awards.[5]

Ettermiddagste i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Temåltidet gav namn til ein ny type laus og luftig kjole, tea gown ('tekjole'), typisk brukt utan korsett.[8] Dette var ein mindre formell klesdrakt på 1800- og tidleg på 1900-talet som ein kunne bera heime og i mindre teselskap.[9] Kjolen tilhøyrde ei rørsle kjend som Artistic dress som kjempa for enklare, meir naturlege klede enn det som var vanleg i samtida. Uttrykket tea gown eller tea dress blir framleis brukt på engelsk om lange eller halvlange kjolar som passar til fine høve, men ikkje er altfor formelle.[10]

Ettermiddagste som britisk institusjon er nemnd av ei rekkje forfattarar, mellom anna i to berømte linjer av Rupert Brooke i diktet «The Old Vicarage, Grantchester», skrive i 1914, under den første verdskrigen:

Stands the Church clock at ten to three?
And is there honey still for tea?

I «Afternoon Tea» av The Kinks frå 1967 blir saknet etter ein kjærast gjeve uttrykk gjennom kor annleis ettermiddagsteen vil bli:

I think about that small cafe
That's where we used to meet each day
And then we used to sit a while
And drink our afternoon tea.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ettermiddagste

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 English Tea Party, joyofbaking.com
  2. 2,0 2,1 T.d. High Tea at The Victoria Room Arkivert 2013-04-21 ved Wayback Machine. i Australia.
  3. History of High Tea - History English Afternoon Tea
  4. 4,0 4,1 What Is Afternoon Tea, afternoontea.co.uk
  5. 5,0 5,1 Anne Bergseng, Her får du Londons beste te, VG.no (15.04.13)
  6. Anne Bergseng, Trendy med ettermiddagste i London, VG.no (11.12.10)
  7. 7,0 7,1 Traditional Afternoon Tea Arkivert 2013-06-05 ved Wayback Machine., theritzlondon.com
  8. Terminology: What is a tea gown?, thedreamstress.com
  9. What Are Tea Gowns?, wisegeek.com
  10. The Tea Gown Arkivert 2013-06-22 ved Wayback Machine., simplybridal.com