Eudyptes moseleyi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eudyptes moseleyi

Status i verda: EN Sterkt truga

Eudyptes moseleyi i Berlin Zoological GardenFoto: Arjan Haverkamp
Eudyptes moseleyi i Berlin Zoological Garden
Foto: Arjan Haverkamp

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Spheniscidae
Slekt: Eudyptes
Art: E. moseleyi
Namn på andre språk
  • Engelsk: 'Tristan Penguin',[1] 'Northern Rockhopper Penguin',[2] og 'Moseley's Penguin',[3]
Vitskapleg namn
Eudyptes moseleyi
Mathews & Iredale, 1921

Eudyptes moseleyi, engelsk namn Tristan Penguin, tidlegare underarten Eudyptes chrysocome moseleyi av klippehopparpingvin, er ein liten pingvin i slekta Eudyptes med gul fjørpryd på hovudet. Denne pingvinarten lever i det sørlege Atlanterhavet og i Det indiske havet.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eudyptes moseleyi skil seg lite i utsjånad frå andre i slekta Eudyptes, han har fjørtopp og lys, gult augebryn som endar i ein fjørdust, men augestripa er smalare og kortare enn hos klippehopparpingvinen. Han er ein av dei minste pingvinane, ca. 55 centimeter,[4] berre dvergpingvinen er vesentleg mindre. Eudyptes moseleyi dukkar typisk ned til 18 meter for å hente føde og er under vatn i rundt eit minutt, men han kan gå ned til 100 meters djupne. Føda er sett saman av krepsdyr, fisk og blekksprut, i ei undersøking utgjorde krillarten Thysanoessa gregaria den dominerande mengda av føde.[5] Dei beitar ofte selskapeleg i flokk, og er kolonihekkarar. Kullet er vanlegvis på to egg. Langt dei fleste, ca. 80 %, lever i det sørlege Atlanterhavet, resten av populasjonen i Indiahavet.[3]

Bestanden er estimert til ca. 265 000 hekkande par og er minkande. Arten er rekna som sterkt truga grunna snøgg tilbakegang i heile utbreiingsområdet dei siste tredve åra.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 11. januar 2014 
  2. IOC_World_Bird_List, versjon 4.1 henta 11. januar 2014
  3. 3,0 3,1 Encyclopedia of Life 2014
  4. 4,0 4,1 4,2 BirdLife International 2014
  5. Cherel, Y.; Y. Tremblay, E. Guinard, J. Y. Georges (1999-07-01). «Diving behaviour of female northern rockhopper penguins, Eudyptes chrysocome moseleyi, during the brooding period at Amsterdam Island (Southern Indian Ocean)». Marine Biology 134 (2): 375-385. doi:10.1007/s002270050554. ISSN 1432-1793 0025-3162, 1432-1793. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eudyptes moseleyi