Eufemisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eufemisme er ei formildande omskriving for eit ord eller omgrep som kan verka støytande. Ordet kjem frå gresk euphemos, som tyder god eller lukkebringande tale.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Eufemismar er blitt brukt i staden for ord og omgrep som er tabu å seia, til dømes fordi ein vil unngå å føra vondt over seg og sine. Derfor skulle ein ikkje seia namnet til ein guddom, som Nemesis, Hekate, Persefone, men i staden bruka ei omskriving, som Herren for JHVH.

Det kunne òg vera tabu å bruka det rette namnet på visse vonde krefter, slik som djevelen og rovdyr. I dei fleste indoeuropeiske språk var til dømes ulv eit tabuord, og på norsk erstatta ein det med eufemismane varg og gråbein.

Ein måtte heller ikkje sei namnet til visse dyr, ettersom det kunne bringa ulukke, anten ved å tilkalla rovdyr eller skremma vekk byttedyr. Å bruka det rette namnet til visse byttedyr kunne skremma dei vekk. For nord-norske fiskarar var det av denne grunnen viktig å ikkje nemna fiskeslaget kveite ved namn medan dei var ute på havet.

I nyare tid er det blitt meir vanleg å bruka eufemismar for ting som er vanskelege å snakka om, til dømes det som har med sex, død eller avføring å gjera.

Eufemismemølla[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart som bruken av ein eufemisme blir vanleg, kan han erstatta tabuordet han står for så totalt at han òg overtar tabuet. Då sluttar eufemismen å vera ein eufemisme, og ein må kanskje finna ei ny omskriving. Språkforskaren Steven Pinker har kalla dette tredemølla for eufemismar.

Eit døme på dette er ordet dass, eit norsk ord som i dag blir rekna som ein litt vulgær måte å seia do på. Opphavleg var dette ein tysk eufemisme for das Hauschen, veslehuset, der ein tok vekk siste ordet for å gjera uttrykket snillare. I dag er toalett ein høfleg måte å seia do på, men i USA blir dette ordet rekna som for krast, og ein bruker eufemismar som rest room i staden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]