Eufrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Eufrat og Tigris.
Eufrat i Irak.
Foto: Jayel Aheram, 2006
Eufrat ved Basra i Irak.
Foto: Christiaan Briggs, 2003

Eufrat (assyrisk/syrisk Frot/Frat ܦܪܬ, kurdisk Firat, tyrkisk Firat, arabisk الفرات, al-Furat) er den vestre floden i elveparet Eufrat og Tigris i Irak. Namnet kjem kanskje frå assyrisk phrat, som tyder 'overflod', sidan elva i flaumtider gav åkrane langs elva ein overflod av væte.

Innhaldsliste

[endre] Strekning

Elva er omtrent 2 700 kilometer lang og har eit nedbørsområde på 675 000 km². Ho vert danna av to kjeledeelver som renn i hop ved Keban i fjella i Tyrkia: Kara Su ('svart vatn') frå vest og Murad Su frå aust. Den øvre delen av elva renn ned bratte fjell og djupe gjel i Taurus. Ho renn gjennom Syria og inn i Irak. Her har elva gjennom åra flytt seg austover, slik at byar som Babylon er komne inn i den tørre audemarka.

Vassemngda skiftar frå 300 m³/s på sommaren til 4000 m³/s i vårflaumen. Nedstraums får elva ikkje noko tilførsel av vatn. Nord for Basra sør i Irak flyt elva saman med Tigris og blir til elva Sjatt al-Arab, som i sin tur flyt ut i Persiabukta.

Ved Basra deler elva seg i mange løp, og dannar eit stort våtmarksområde.

Gruntgåande båtar kan trafikkere Eufrat opp til den irakiske byen Hit, 1930 kilometer oppstraums, og berre 53 meter over havet.

[endre] Eufrat i Bibelen

I følgje Fyrste Mosebok 2.14 er Tigris ei av dei fire elvane som renn ut av Eden.[1] Elva markerte austgrensa for det landet Gud gav til Abram.[2]

I Openberringa 16.12 skal Eufrat tørke inn i dei siste tider.[3]

[endre] Eufrats historie

Vatnet frå Eufrat var opphavet til den sumerske sivilsasjonen, frå 3000 f.Kr. Mange urtidsbyar låg langs elva, blant dei Mari, Sippar, Nippur, Shuruppak, Uruk, Ur og Eridu. Elvedalen danna mesteparten av oltidsrika Babylonia og Assyria. I mange hundre år markerte elva grensa mellom Persia og Egypt.

I gamletida var Eufrat bunden saman med Tigris ved hjelp av kanalar.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eufrat
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk