Eugène Burnand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eugène Burnand. Sjølvportrett 1915.

Eugène Burnand (30. august 18504. februar 1921) var ein sveitsisk målar. Han vart fødd i Moudon i den sveitsiske kantonen Vaud. Før han i 1872 flytta til Paris, studerte han hos Barthélemy Menn på kunstskulen i Genève. I Paris byrja Burnand arbeide i atelieret til Jean-Léon Gérôme, der han var fram til 1878. Han var i hovudsak kjent som landskapsmålar. Seinare dreiv han òg med grafikk og han illustrerte bøker. Mellom 1907 og 1912 teikna han på fleire av pengesetlane til den sveitsiske nasjonalbanken.

'Læresveinane Peter og Johannes springande til grava om morgonen etter oppstoda', ca. 1898.

Burnand var sterkt påverka av realismen, og særleg av kunstnarar som Jean-François Millet og Gustave Courbet. Dette ser ein i hans kanskje mest kjende verk; Læresveinane Peter og Johannes springande til grava om morgonen etter oppstoda frå ca 1898. Måleriet heng i dag i Musée d'Orsay i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eugène Burnand