Eugène Jansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eugène Jansson
Gryning över Riddarfjärden, 1899
Soluppgång över taken, 1903
Badtavla, 1908

Eugène Fredrik Jansson (18. mars 186215. juni 1915) var ein svensk målar, fødd i Stockholm. Han er kjend som Blåmålaren, då mange av landskapsbileta hans er måla i blåtonar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jansson voks opp i heller små kår, med foreldre som var interessert i kunst og musikk. Han gjekk ei kort tid på Konstakademien i Stockholm, og studerte under den leiande målaren Edvard Perséus, men svak økonomi tvinga han til å lære seg målaryrket mykje på eigenhand.

Jansson laga fleire store landskapsmåleri med stockholmsmotiv, ofte i kvelds- eller nattstemning. Gjennomgåande var desse måleria prega av ein blåaktig fargetone, noko som gjorde at fekk tilnamnet Blåmålaren. Han let gjerne lange, ringlande rader av gatelykter verte reflektert i vatnet. Riddarfjärden i Stockholm frå 1898, Nocturne frå 1901 og Soluppgång över taken frå 1903 er mellom hans mest kjende måleri frå dene perioden i hans liv.

Seinare byrja han meir og meir å måle kraftige, nakne mannlege gestaltar, som ofte solbada på badehusbryggjer eller dreiv idrett. Jansson leid frå ungdomen av ein nyresjukdom som tvinga han til regelbunde å gymnastisere og bade. På Flottans badhus fann han rikeleg med modellar til sitt figurmåleri. Desse måleria med nakne menn, merker seg ut med ei frisk, solfylt stemning, og noggrant studium av det anatomiske. Jamsides interessa for den menneskelege kroppen, kom eit anna element; Jansson var homoseksuell i ei tid då homoseksuelle handlingar var ulovlege.

Saman med mellom andre Carl Larsson, Ernst Josephson, Karl Nordström, Nils Kreuger, Richard Bergh var Jansson ein av dei såkalla Opponenterna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eugène Jansson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]