Eugen Habermann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plenumsalen i den estiske nasjonalforsamlinga. Utforma av Eugen Habermann og Herbert Voldemar Johanson (1920–1922)

Eugen Habermann (fødd 19. oktober 1884 i Tallinn, død 17. september 1944 ved Gdańskbukta) var ein estisk arkitekt.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Eugen Habermann studerte ved det polytekniske instituttet i Riga frå 1902 til 1905, og frå 1906 til 1909 ved det tekniske universitetet i Dresden. Frå 1909 til 1912 arbeidde han i Dresden, 1910–11 i Liepāja og frå 1913 i Tallinn.

I 1913 leidde Habermann bygginga av konsert- og operahuset Rahvusooper Estonia. Frå 1914 til 1923 arbeidde han som Tallinns byarkitekt. I tillegg hadde han frå 1922 til 1932 ei leiande stilling i tilknyting til faget sitt i det estiske innanriksdepartementet. 1922–32 var Habermann også leiar for det estiske arkitektforbundet, Eesti Arhitektide Ühing.

Arkitekt i Tallinn[endre | endre wikiteksten]

Eugen Habermann har etterlate seg talrike arkitektoniske spor rundt om i Tallinn. Mellom 1917 og 1920 hadde han stor innverknad på utforminga av arkitekturen i byen. Saman med Herbert Voldemar Johanson teikna han bygnaden til den estiske nasjonalforsamlinga, Riigikogu. Det vart det første representative bygget til den nye estiske staten. Bygnaden vart forma etter to ulike stilretningar: den seine jugendstilen frå 1920-åra på yttersida og ekspresjonismen på innsida. Det er det einaste parlamentsbygget i verda som er forma etter ekspresjonistisk stil. I andre halvdelen av 1920-åra vart stilen hans meir funksjonalistisk.