Eugen Haugland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eugen Haugland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juli 1912
Stavanger kommune
Død

21. oktober 1990 (78 år)
Haugesund kommune

Yrke tresteghoppar, politi, lengdehoppar
Høgd 183 centimeter

Eugen Haugland (12. juli 191221. oktober 1990) var ein friidrettsutøvar frå Stavanger som spesialiserte seg i tresteghopp. Han vann sju NM-gull i tresteg og eitt i lengdehopp, til saman fekk han 15 medaljar i dei to øvingane. Hans livs lengste tresteghopp målte 15,23 meter. I arbeidslivet var han politimann i Haugesund, og i idretten var han medlem av Haugesund IL. Han var far til Terje Haugland og farfar til Hanne Haugland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Haugland fekk sitt gjennombrot då han i 1931 vart noregsmeister i tresteg med god margin. To år seinare var han tilbake i NM og sikra seg ein ny meistertittel i tresteghopp, og vart også meister i lengdehopp med 7,06 m, tre centimeter lengre enn den store lengdehopparen i Noreg på 1930-talet; Otto Berg. Haugland vann i 1934 NM i tresteg på sitt svakaste resultat, 14,40 m. Seinare i same sesongen, den 30. september, sette han heime i Haugesund ny norsk rekord med 15,09 m og vart fyrste nordmann over 15-meterstreken i tresteghopp. Han tangerte den rekorden då han året etter, på Bislett stadion, vart noregsmeister for fjerde gong i øvinga.

I OL-året 1936 forbetra Haugland noregsrekorden til 15,13 m under NM på Frogner stadion i Oslo, som då gjekk så tidleg som 21. juni. Tidleg i august oppnådde han nøyaktig same resultatet i Berlin i kvalfiseringa til OL-finalen, lengst av alle. Men i finalen mislukkast han og vart nummer 14 med 14,56 m. Ei veke etter den olympiske tevlinga var han tilbake i Haugesund og forbetra noregsrekorden sin til 15,21 m. Dagen etter presterte han sitt livs lengdehopp då han landa på 7,29 m.

Den 13. august 1938 gjorde Haugland sitt aller lengste tresteghopp med 15,23 m, fem dagar etter han i Oslo vart slått av Kaare Strøm og mista noregesrekorden. Haugland deltok ikkje i europameisterskapane 1934 og 1938. Derimot var han med då EM vart avvikla i Oslo sommaren 1946, og kom på fjerdeplass i tresteghopp med 14,76 m. To år seinare vann han i Trondheim sitt sjuande NM-gull i tresteghopp og fekk sin sjette NM-medalje i lengdehopp.

Haugland deltok i tolv landskampar.

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1931: Gull i tresteghopp
  • 1933: Gull i lengdehopp og tresteghopp
  • 1934: Gull i tresteghopp
  • 1935: Gull i tresteghopp og bronse i lengdehopp
  • 1936: Gull i tresteghopp og bronse i lengdehopp
  • 1937: Gull i tresteghopp og sølv i lengdehopp
  • 1938: Sølv i tresteghopp
  • 1939: Sølv i tresteghopp og bronse i lengdehopp
  • 1948: Gull i tresteghopp og sølv i lengdehopp

Kjelder[endre | endre wikiteksten]