Eugene Shoemaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eugene Shoemaker

Fødd28. april 1928
Los Angeles
Død18. juli 1997
Alice Springs
NasjonalitetUSA
Områdegeologi, Astrogeologi
Yrkeastronom, geolog
InstitusjonarUnited States Geological Survey
California Institute of Technology
Alma materCalifornia Institute of Technology
Princeton University
EktefelleCarolyn S. Shoemaker
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences

Eugene Merle Shoemaker (28. april 192818. juli 1997), ofte kjend som berre Gene eller Eugene (M.) Shoemaker, var ein amerikansk astronom frå California som var med på å grunnleggja fagfeltet planetologi. Shoemaker er best kjend som oppdagaren av kometen Shoemaker-Levy 9, saman med kona Carolyn Shoemaker og kollegaen David Levy. Romsonden NEAR Shoemaker blei kalla opp etter han etter at Shoemaker døydde i ei bilulukke.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Eugene Shoemaker med rakettbelte under trening av astronautar.

Shoemaker var fødd i Los Angeles i California. Han studerte ved Princeton University, der han tok doktorgrad i 1960. I 1961 grunnla og leidde han forskingsprosjektet for astrogeologi ved U.S. Geological Survey i Flagstaff i Arizona. Shoemaker var ein viktig medarbeidar i Ranger-programmet for ubemanna utforskingar av månen på 1960-talet.

Shoemaker var også med på å trena astronautar. Han blei sjølv vurdert som mogleg deltakar i Apollo-programmet, men kunne ikkje få ei slik rolle ettersom han hadde Addisons sjukdom.

Gene Shoemaker kom til California Institute of Technology, Caltech, i 1969, der han byrja eit systematisk leiteprogram etter asteroidar som kryssa jordbana. Shoemaker oppdaga fleire slike asteroidefamiliar, mellom anna Apolloasteroidane. Han var ein viktig pådrivar bak tanken om at plutselege geologiske endringar kan skuldast asteroidenedslag, og at slike nedslag er vanlege innan geologiske tidsrom.

Shoemaker brukte mange av sine eldre år til å leita etter og studera ukjende meteorkrater i heile verda. Under ei slik ferd til Australia døydde han i ei bilulukke på vegen nordvest for Alice Springs i juli 1997. 31. juli 1999 blei noko av kremeringsoska hans frakta til månen av Lunar Prospector. Han var den første, og til no einaste, personen til å bli gravlagd på månen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]