Eurekabreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurekabreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 69°44′S 68°45′W / 69.733°S 68.750°W / -69.733; -68.750
Lengd 33 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Eurekabreen
69°44′00″S 68°45′00″W / 69.7333°S 68.75°W / -69.7333; -68.75
Eurekabreen is located in Antarktis
Eurekabreen (Antarktis)

Eurekabreen er ein brei, slak isbre, som er 33 km lang og 31 km brei ved munningen, som flyt vestover frå vestsida av Palmer Land og ut i George VI Sound. Han grensar på nordsida til nunatakar sør for Mount Edgell, på sørsida til Traverse Mountains og Terminus Nunatak og ved munningen til Prospectbreen som gjer det mogeleg med ei rute til Wordieisen. Han vart først kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill og kartlagt på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey. Namnet, som kjem frå det gammalgreske ordet eureka, syner til gleda sledelaget frå BGLE følte då dei fann ein vei til George VI Sound via denne breen i 1936.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eureka Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. november 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eurekabreen» (innhald frå Geographic Names Information System).