Euro-Vision

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om songen. For tevlinga, sjå Eurovision Song Contest. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Eurovision (fleirtyding).
«Euro-Vision»
Singel av Télex
frå albumet More than Distance
Land Belgia
Språk Fransk
Utgjeve 1980
Låtskrivar(ar) Michel Moers, Dan Lacksman og Marc Moulin
«Euro-Vision»
Eurovision Song Contest 1980
Land Belgia
Artist(ar) Michel Moers, Dan Lacksman og Marc Moulin
Alias Télex
Språk Fransk
Komponist(ar) Michel Moers, Dan Lacksman og Marc Moulin
Låtskrivar(ar) Michel Moers, Dan Lacksman og Marc Moulin
Resultat
Finalepoeng 14
Finaleplass 17
Belgia i Eurovision Song Contest
«Hey Nana»
(1979)
«Euro-Vision» «Samson»
(1981)

«Euro-Vision» var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 1980, framførd på fransk av Télex.

Eurovision Song Contest 1980[endre | endre wikiteksten]

Télex vann Eurosong og fekk dimed representere Belgia i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland. Songen starta som nummer 19 i finalen etter Spania med «Quédate esta noche» av Trigo Limpio. Bidraget fekk ti poeng frå Portugal, tre poeng frå Hellas og eitt poeng frå Storbritannia. Belgia fekk tilsaman 14 poeng og enda på 17. plass av totalt 19 bidrag.

«Euro-Vision» er den fyrste songen som har nemnt Eurovision i songteksten. Det var òg den fyrste synthpop-songen som var med i tevlinga. Marc Moulin hevda etter tevlinga at gruppa ville ende på sistplass, og at Portugal øydela dette då dei gav Belgia ti poeng.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Belgium 1980» (på engelsk). ESC History. http://www.esc-history.com/details.asp?key=449. Henta 14. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1980 Mal:Belgiske songar i Eurovision Song Contest