Europarørsla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den nye logoen til Europarørsla, frå 2012.

Europarørsla er ei europeisk rørsle som arbeider for å fremja demokrati, fridom, fred, kulturforståing og sosial utjamning gjennom tettare europeisk integrering. Rørsla har hovudkontor i Brüssel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det gamle flagget til europarørsla.

Commiteen for den Europeiske Einingsrørsla, som hadde som føremål å samordna politisk og økonomisk integrering i Europa i etterkrigstida vart stifta på Haagkonferansen, der rundt 800 europeiske delagatar, pluss observatørar frå Canada og USA var samla 7.–11. mai 1948. Rørsla femna vidt og samla støtte frå heile det politiske spektret. Statsleiarar som Konrad Adenauer, Winston Churchill, Harold Macmillan, François Mitterrand, Paul-Henry Spaak, Albert Coppé og Altiero Spinelli deltok på konferansen. Haagkonferansen kan sjåast på som starten på den den europeiske unionen.

25. oktober 1948 skifta rørsla namn til Europarørsla (Mouvement européen). Duncan Sandys vart valt til president og Léon Blum, Winston Churchill, Alcide De Gasperi og Paul-Henri Spaak vart «ærespresidentar». I dag er Pat Cox president. Han var tidlegare president for Europaparlamentet og tok over etter José María Gil-Robles i 2006

Eit viktig resultat av arbeidet til Europarørsla var stiftinga av Europarådet i mai 1949. Europa-colleget vart òg stifta i 1949. På 50-talet arbeidde rørsla med å skipa nettverk og stifta diskusjonsgrupper både i aust- og vest-Europa. Rørsla var òg ein av pådrivarane for opprettinga av Europaparlamentet og for Mastrichtraktaten.

Den norske greina[endre | endre wikiteksten]

Den norske greina vart stifta 30. mai 1949. Rørsla arbeider for at Noreg skal verta medlem av EU og stortingsrepresentant Svein Roald Hansen (Ap) er leiar for den norske greina av Europarørsla og Grete Berget er generalsekretær. Rørsla samarbeider tett med Europeisk Ungdom.

Tillitsvalde[endre | endre wikiteksten]

Presidentar i Europarørsla

Namn Tidsrom
Jo Leinen 2011 til i dag
Pat Cox 2005 til 2011
José María Gil-Robles 1999–2005
Mario Soares 1997–1999
Valéry Giscard d'Estaing 1989–1997
Enrique Barón Crespo 1987–1989
Giuseppe Petrilli 1981–1987
Georges Berthoin 1978–1981
Jean Rey 1974–1978
Walter Hallstein 1968–1974
Maurice Faure 1961–1968
Robert Schuman 1955–1961
Paul-Henri Spaak 1950–1955
Duncan Sandys 1948–1950

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsinnformasjon[endre | endre wikiteksten]