Europeisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europeisk historie tek for seg historia til verdsdelen Europa, der det moderne mennesket har budd i nesten 40 000 år. Området vart tidleg dominert av sivilisasjonsdanningar kring Middelhavet, særleg den greske og latinske. Seinare har den politiske hovudtyngda vorte flytta mellom fleire stormaktsdanningar, der ingen klarte å oppretthalda hegemoniet over lengre periodar. Rivalisering mellom stormaktene førte i første halvdelen av 1900-talet til to blodige verdskrigar. I nyare tid er det vorte sett i gang ein omfattande prosess for å samla dei mange nasjonalstatane i Europa til ein økonomisk og politisk union, EU.

Førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Kjerneområdet til La Tène-kulturen (oransje) over den eldre Hallstattkulturen, og utbreiinga av den keltiske kulturen ca. 400 f.Kr. (oransjeraudt)

Homo erectus og neandertalarar slo seg ned i Europa lengje før utviklinga av det moderne mennesket, Homo sapiens. Dei tidlegaste tilfella av anatomisk moderne menneske i Europa har vorte datert til rundt 35 000 f.Kr.

Det er funne prov for faste busetjingar datert til 6000-talet f.Kr. i Bulgaria, Romania og Hellas. Yngre steinalder nådde det sentrale Europa på 5000-talet f.Kr. og delar av Nord-Europa i 4000- og 3000-talet f.Kr. Det finst ingen førhistorisk kultur som omfatta heile Europa.

Den første kjende sivilisasjonen i Europa som hadde skriftspråk var den minoiskeKreta og litt seinare den mykenske i dei nærliggande greske områda, frå byrjinga av det 1000-talet f.Kr.

Rundt år 400 f.Kr. vart La Tène-kulturen spreidd over den største delen det europeiske innlandet, så langt som til den iberiske halvøya, og seinare Anatolia. Etruskarane folkesette det sentrale Italia og Lombardia, herfrå vart dei no forskove av keltarar, som òg blanda seg med folkesetnaden i Iberia og skapte den unike keltiberiske kulturen. Sidan keltarane ikkje hadde skriftspråk veit me lite om kulturen deira. Romarane møtte dei og etterlét seg ei mengd informasjon om dei, desse arkiva og dei arkeologiske bevisa formar forståinga vår for denne ekstremt innflytelsesrike kulturen. Keltarane viste ein sterk, men mindre organisert, konkurranse mot Romarriket som etter kvart koloniserte og erobra heile den søre delen av Europa.

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Riket til Aleksander den store og utbreiinga av hellenistisk kultur.

Hellensk kultur[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hellas i antikken.

Ved slutten av bronsealderen fall dei gamle greske kongedømma saman og ein ny sivilisasjon voks opp i tomrommet etter dei. Den hellenske sivilisasjonen vart til av ei samling av bystatar, med Aten og Sparta som dei viktigaste. Statane hadde ulike regjeringstypar og kulturar, som omfatta mange nyvinningar innanfor regjeringstypar, filosofi, vitskap, politikk, sport, teater og musikk. Dei hellenske bystatane grunnla ei stor mengd koloniar på kystane til Svartehavet og Middelhavet, i Anatolia, Sicilia og Sør-Italia, men i det 4. hundreåret f.Kr. hadde dei interne krigane deira gjort dei til eit lett bytte for kong Filip II av Makedonia. Sonen hans Aleksander den store sine militære erobringar spreidde den hellenske kulturen til Persia, Egypt og India, men opna òg for kontakt mellom den nye kulturen og den eldre læra frå desse områda. Dette utvikla seg til ein ny kultur som seinare er vorte kjent som hellenismen.

Romarriket[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Romarriket.
Utviklinga til det romerske riket: før 133 f.Kr (raud), 44 f.Kr (oransje), 14 e.Kr (gul), 117 e.Kr (grøn).

Mykje av den greske kulturen vart teken opp i den gryande romerske staten etter kvart som denne voks seg ut frå Italia. Dei tok fordel av fiendane sine splittingar. Den einaste utfordringa mot romersk overherredøme over Sør-Europa kom frå den fønikiske kolonien Karthago. Den romerske sigeren over denne i punarkrigane mot slutten av 200-talet f.Kr. markerer starten på romersk kontroll over Middelhavet. Det politiske tyngdepunktet til riket låg rundt Middelhavet, medan det kontrollerte alle dei omliggande landa.

Romarriket gjekk over frå kongedøme til republikk før det mot slutten av første hundreåret f.Kr. enda opp som eit keisarrike under keisar Augustus og etterfølgjarane hans. Under keisar Trajan på 100-talet hadde riket si største utstrekking, dei nordlege grensene var definert av dei store elvene Rhinen og Donau og det omfatta delar av Storbritannia, Romania og Mesopotamia. Keisarriket gav fred, sivilisasjon og eit effektivt sentralstyre til undersåttane sine, men på 200-talet svekte ein serie borgarkrigar den økonomiske og sosiale styrken til riket. På 300-talet klarte keisarane Diokletian og Konstantin å seinka oppsplittinga av riket ved å dela det i ein vestre og ein austre del. Diokletian og arvingane hans utførte blodige forfølgingar av kristne samfunn, men Konstantin gjorde tvert imot offisielt slutt på all forfølging av kristendomen i 313 med ediktet frå Milano. Rundt 380, under keisar Theodosius den store, blei kristendom den offisielle romerske statsreligionen, og den katolske kyrkja kunne veksa seg til ein mektig institusjon.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Mellomalderen.

Tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Oppdelinga av riket til Karl den store.

Vest-Europa steig fram som ein eigen sivilisasjon etter fallet til Vestromarriket på 400-talet, etter at fleire invasjonar av barbariske stammar, i hovudsak germanarar, skilde området frå resten av Middelhavet, der Det bysantinske riket eller Austromarriket skulle overleva i tusen år til. På 600-talet byrja arabarar ein sterk ekspansjon som førte muslimsk kultur til sørkystane av Middelhavet (frå Tyrkia til Sicilia og Spania), noko som skapte ei endå vidare kløft mellom dei ulike middelhavssivilisasjonane. Store mengder vitskap og teknologisk lære vart tapt, internasjonal handel minska kraftig, og folk fann tilbake til jordbrukssamfunn. I det same hundreåret skapte bulgararane den første slaviske staten i Europa, Bulgaria. Føydalismen erstatta det sentraliserte romerske styresettet, den einaste institusjonen som overlevde Romarriket var kyrkja, som heldt ein del av den romerske kulturarven og fortsette som den dominerande kjelda for kunnskap i det vestlege Europa fram til 1200-talet. Biskopen i Roma, etterkvart kjent som paven, vart leiaren for den vestlege kyrkja.

Det heilage romerske riket av den tyske nasjonen vart danna av den frankiske kongen Karl den store i år 800, etter at han hadde underkua det vestlege Tyskland, delar av Italia og store delar av dei omkringliggande landa. Han fekk betydeleg hjelp i form av ein allianse med paven, som ynskte å kutte banda sine med det bysantinske rike. Dette samarbeidet førte til danninga av eit nytt keisarrike i Vest-Europa og at paven sin domene vart omgjort til ein uavhengig stat i det sentrale Italia.

Europa i 814.

Seint på 800-talet og på 900-talet fekk det nordlege og vestre Europa føle den nådelause makta og innverknaden av vikingar, som plyndra, handla og erobra raskt og effektivt med sine avanserte sjøfarande skip. Dei følgjande hundre år, perioden til ca år 1000, såg ein vidare auke av føydalismen, noko som førte til at det tysk-romerske riket svekte seg mykje, sidan makta vart fordelt mellom dei mange smårika keisarriket var vorte oppdelt i.

Etter aust-vest-brotet vart den vestlege (romersk-katolske) kristendomen teke opp av dei nyleg danna kongedømma i sentrale Europa: Polen, Ungarn og Böhmen. Den romersk-katolske kyrkja utvikla seg til ein sterk politisk maktspelar, noko som førte til konfliktar mellom paven og keisaren.

Seinmellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Europa i 1430

Tidlege teikn på ei gjenoppdaging av den antikke sivilisasjon i Vest-Europa byrja å tre fram på 1000-talet sidan handelen byrja å ta seg opp att i Italia, som førte til økonomisk og kulturell vekst i uavhengige italienske bystatar som Venezia og Firenze. Samstundes byrja nasjonalstatar å utvikle seg i område som Frankrike, England, Spania, og Portugal, sjølv om denne prosessen skulle ta fleire hundre år. Det tysk-romerske riket fragmenterte ytterlegare til ei rekkje småstater som berre formelt var underlagt keisaren.

På starten av 1300-talet vart Austersjøen ei av Europas viktigaste handelsårer. Hansaen, eit handelsforbund mellom hovudsakleg tyske handelsbyar, opna for å inkludere store delar av Polen, Litauen og resten av området rundt det baltiske havet i den europeiske økonomien.

Ein av dei største katastrofane Europa har sett var svartedauden. Det fanst fleire utbrot, men det mest alvorlege skjedde rundt midten av 1300-talet, då ein reknar med at pesten tok livet av rundt ein tredjedel av folkesetnaden i Europa.

Det er vanleg å assosiere slutten av mellomalderen med erobringa av Konstantinopel og Det bysantinske riket av osmanske tyrkarar i 1453. Tyrkarane gjorde byen, med det omsette namnet Istanbul, til hovudstad i riket sitt, som skulle vara fram til første verdskrigen og som òg omfatta Egypt, Syria og mesteparten av Balkan.

Renessanse og reformasjon[endre | endre wikiteksten]

1400-talet, ved slutten av mellomalderen, hadde nye mektige nasjonar utvikla seg, bygde av såkalla nye monarkar som hadde sentralisert makt i Frankrike, England og Spania. Derimot hadde kyrkja tapt mykje av makta si på grunn av korrupsjon, interne konfliktar og utbreiinga av kultur som førte til kunstnariske, filosofiske, vitskaplege og tekniske nyvinningar i tida som er kjent som renessansen («gjenfødinga» av sivilisasjonen).

Dei nye statane var ofte i politiske kriser og krig. Spesielt etter at Martin Luther starta reformasjonen i 1517, herja ei rekkje politiske og religiøse krigar kontinentet. Splittinga av den dominerande vestlege kyrkja skulle få store politiske, sosiale og kulturelle implikasjonar for Europa. Striden mellom katolikkar og protestantar kunne særleg kjennast i England, der kong Henrik VIII braut med paven og erklærte seg sjølv for kyrkja sitt overhovud (slik vart den anglikanske kyrkja til), og i Tyskland der reformasjonen sameinte dei ulike protestantiske småfyrstane mot dei katolske Habsburg-keisarane.

I motsetnad til Vest-Europa løyste landa i Sentral-Europa, Det polsk-litauiske samveldet og Ungarn, den religiøse krisa ved å innføra religiøs toleranse. Sentral-Europa var allereie splitta mellom austleg og vestleg kristendom, og splittinga vart no utvida til å vere mellom katolikkar, protestantar, gresk-ortodokse og jødar.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Koloniseringstida[endre | endre wikiteksten]

Dei mange krigane stoppa ikkje dei nye statane frå å utforska og erobra andre delar av verda, særleg i Asia og det nyleg oppdaga Amerika. På 1400-talet utvikla Portugal det portugisiske imperiet i tre verdsdelar, og tidleg på 1500-talet følgde Spania etter. Dei iberiske landa var dei første som oppretta koloniar i Sør-Amerika og handelsstasjonar langs kystane av Afrika og Asia, men dei vart raskt følgt av Frankrike, England og Nederland.

Imperialistiske utvidingar av økonomiske og politiske kontrollområde fortsette dei neste hundreåra (med nokre tilbakeslag, som den amerikanske revolusjonen og frigjeringskrigane i Sør-Amerika). Spania heldt kontroll over den største delen av Sør-Amerika, Karibia og Filippinane. England tok heile Australia og New Zealand, mesteparten av India og store delar av Afrika og Nord-Amerika. Frankrike tok delar av Canada og India (som dei tapte til England i 1763), Indokina og store delar av Afrika. Nederland vann Aust-India (no Indonesia) og øyar i Karibia. Portugal skaffa seg kontroll over Brasil og mange område i Afrika og Asia. Seinare kom makter som Tyskland, Belgia, Italia og Russland til å skaffe Europa endå fleire koloniar.

Tidleg moderne tid[endre | endre wikiteksten]

(1500-, 1600- og 1700-talet) Reformasjonen fekk varig effekt på idéen om eit samla Europa. Ikkje berre stod nasjonane mot kvarandre på grunn av ulike religiøse syn, men nokre statar vart svekte av indre religiøs strid, støtta av dei utanlandske fiendane deira. Frankrike leid denne skjebnen på 1500-talet med ein serie konfliktar kjent som Hugenottkrigen, som enda med triumf for Huset Bourbon. England slapp frå dette, og slo seg til ro under dronning Elisabeth med ein moderat anglikanisme. Tyskland, delt opp i små fyrstedøme under det teoretiske rammeverket til det tysk-romerske riket, vart òg splitta, til trettiårskrigen bytte ut religion med nasjonalisme som drivkraft for europeiske konfliktar.

Gjennom den tidlege delen av denne perioden veik føydalsystemet for kapitalismen som viktigaste økonomiske filosofi i Vest-Europa. Den aukande utnyttinga og ekspansjonen av det europeiske kolonioverherredømet førte til ein kommersiell revolusjon. I denne perioden såg Europa byrjinga på moderne vitskapar og nytte av vitskap for å skapa nye teknologiske forbetringar, noko som førte til den industrielle revolusjonen. Nye typar handel og utvida horisontar gjorde det naudsynt med utviklinga av internasjonale lover.

Etter freden i Westfalen som enda trettiårskrigen vart absolutisme det normale styresettet i Europa, medan nokre land eksperimenterte med grunnlover, ført an av den engelske borgarkrigen. Europeiske internasjonale konfliktar slutta ikkje, men fekk mindre øydeleggjande effektar på livet til vanlege menneske. Opplysningstida gav ei filosofisk grunnstøtte for den nye europeiske modellen, og fortsette spreiinga av litterære kunnskapar. Den raske spreiinga av kunnskapar vart gjort mogleg etter at trykkekunsten vart teken i bruk, og fødde ein ny sekulær tankegang.

Aust-Europa var ein arena med konfliktar, der Sverike, Det polsk-litauiske samveldet og Det osmanske riket kjempa for dominasjon. Denne perioden såg eit gradvis forfall av desse tre stormaktene, som etter kvart vart forskove av absolutistiske monarki som Russland, Prøyssen og Austerrike. Ved slutten av 1700-talet overtok desse posisjonane som stormakter i Aust-Europa, etter å ha delt Polen mellom seg, medan Sverige og Tyrkia miste mykje land til Russland og Austerrike høvesvis. Fleire polske jødar emigrerte no til Vest-Europa og etablerte jødiske samfunn i område dei hadde vorte utviste frå under mellomalderen.

Den franske revolusjonen i 1789 fekk store følgjer for heile Europa. Opprøret hadde bakgrunn i absolutismen, opplysingstida og den amerikanske frigjeringskrigen. Det førte til avsettinga og seinare avrettinga av kong Ludvig XVI. I 1791 blei den første franske republikken danna. Tusentals franskmenn blei avretta i den nyleg oppfunne giljotinen i eit forsøk på å bli kvitt aristokratar, geistlege og andre rekna som trugsmål mot republikken.

Revolusjonen førte til fleire krigar. Den revolusjonære tida enda med at general Napoleon Bonaparte utførte statskupp i 1799. Sjølv om dei tidlegare handlingane hans var som ein forsvarar av revolusjonsideane mot Austerrike og Storbritannia, erobra han etter kvart halve Europa før han vart overvunnen og avsett av motstandarane sine.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Etter at det revolusjonære Frankrike fall, prøvde dei andre statane å retta opp situasjonen til slik han var før 1789. Men forsøka deira klarte ikkje å forhindre at dei revolusjonære tankane spreidde seg. Ideane om demokrati hadde hatt ein djup innverknad på middelklassa. Den industrielle revolusjonen brakte med seg viktige økonomiske og sosiale endringar, dei lågare klassene byrja å føle innverknad frå sosialistiske, kommunistiske og anarkistiske idear, og dei nye kapitalistane byrja å lene seg mot liberalismen (eit omgrep som tydde noko anna då enn det gjer no).

For meir om dette emnet, sjå Februarrevolusjonen og Den tyske revolusjonen i 1848.

Vidare vart situasjonen påverka av fleire nye nasjonalistiske rørsler (i Tyskland, Italia, Polen osb.) som søkte nasjonal samling og frigjering frå utanlandsk styre. Perioden mellom 1815 og 1871 såg ei stort mengd revolusjonsforsøk og frigjeringskrigar. Sjølv om dei revolusjonære som oftast vart nedkjempa, hadde dei fleste europeiske statane vorte konstitusjonelle monarki før 1871, og Tyskland og Italia hadde utvikla seg til nasjonalstatar. Det 19. hundreåret såg òg det britiske imperiet tre fram som verdsmakt på grunn av den industrielle revolusjonen og den britiske rolla i napoleonskrigane.

Den politiske dynamikken i Europa forandra seg tre gonger i løpet av 1800-talet, fyrst Wienerkongressen, så Krimkrigen og til slutt dei ulike småkrigane som førte til samlinga av Italia og Tyskland. Etter at Napoleon fall, møttest dei allierte leiarane i Wien for å diskutere fredsavtalar etter napoleonskrigane. Wienerkongressen, som varte frå 1. oktober 1814 til 9. juni 1815, førte til dramatiske endringar i den europeiske politiske situasjonen. Frankrike tapte alt land som landet hadde vunne sidan 1795, Russland overtok det meste av Hertugdømmet Warszawa, Prøyssen overtok Westfalen og det nordre Rhinland, Sverige fekk Noreg, Tysklands småstatar vart omgjort til ein laus føderasjon under leiarskap frå Austerrike og Prøyssen, og fleire andre mindre forandringar i det politiske landskapet. Statsmennene i Wien vart òg samde om å møtast igjen regelmessig og skipa det såkalla kongressystemet, eit tidleg forsøk på eit overnasjonalt diplomatisk organ noko til liks med SN.

Men freden varte berre til det osmanske riket nekta å vere eit mål for spela til dei andre stormaktene, dette førte til Krimkrigen i 1854 og ein serie mindre trefningar blant dei verdsomspennande europeiske imperia som la scena til rette for den første verdskrigen. Forandringa til ein tredje gong kom med samlinga av Italia og Tyskland som drastisk forandra maktbalansen i Europa.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

Dei to verdskrigane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Første verdskrigen og Andre verdskrigen.

Etter ei relativt fredeleg tid gjennom den største delen av det 19. hundreåret, skulle rivaliseringa mellom dei europeiske stormaktene no eksplodere i 1914 med den første verdskrigen. På den eine sida stod trippelalliansen (Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia) og Tyrkia, på den andre sida Serbia og trippelententen (Frankrike, Storbritannia og Russland). Italia skifta side i 1915 og USA slutta seg til ententen i 1917. Til trass for at Russland trekte seg ut av krigen (på grunn av den russiske revolusjonen) klarte ententen til slutt å sigra over sentralmaktene hausten 1918.

I Versailles-traktaten frå 1919 påla vinnarane harde kompensasjonsplikter på Tyskland og anerkjente dei nye statane (som Polen, Tsjekkoslovakia og Jugoslavia) som hadde vorte danna i Aust-Europa av dei gamle imperia (Tyskland, Austerrike-Ungarn og Russland), på grunnlag av nasjonal sjølvbestemming. I dei følgjande tiåra førte redsle for kommunismen og den økonomiske depresjonen til danninga av ekstreme fascistiske eller nasjonalsosialistiske regjeringar – i Italia (1922), Tyskland (1933), Spania (1939)) og andre land som Ungarn.

Området aksemaktene rådde over i 1941

Etter å ha alliert seg med Mussolini sitt Italia i stålpakta, underskrive ein ikkjeangrepsavtale med Sovjetunionen, og etter ei militær oppbygging gjennom den siste halvdelen av 1930-åra, starta den tyske diktatoren Adolf Hitler den andre verdskrig i september 1939. Aksemaktene hadde i starten av krigane fleire store suksessar (som erobringa av Polen, Noreg, Frankrike og Balkan før 1941), men i 1941 byrja dei å overstrekkje ressursane sine. Hitlers ideologiske fiendar var kommunistane i Sovjetunionen, men på grunn av at Tyskland ikkje klarte å leggje under seg Storbritannia og sidan Italia svikta i Nord-Afrika og Middelhavet vart hærane til aksemaktene delt mellom å forsvare Vest-Europa og Skandinavia og òg å angripe Afrika. Angrepet på Sovjetunionen vart difor ikkje kraftig nok, og dei tyske troppane vart stoppa utanfor Moskva i desember 1941.

Dei neste åra snudde krigslukka. Japan, som var alliert med aksemaktene, gjekk til åtak på britane i Søraust-Asia og den amerikanske marinebasen Pearl HarborHawaii, Tyskland erklærte så krig mot USA. Dei allierte statane vann i Nord-Afrika og invaderte Italia i 1943, og invaderte så Frankrike i 1944. Våren 1945 vart Tyskland sjølv angripe av Sovjetunionen frå aust og vest av dei andre allierte. Hitler gjorde sjølvmord og Tyskland overgav seg tidleg i mai.

Den kalde krigen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den kalde krigen.

Den første og spesielt den andre verdskrigen avslutta den førande posisjonen Vest-Europa heldt over verda. Karta over Europa vart teikna opp på nytt på Jalta-konferansen og seinare delt mellom to maktblokker; dei kapitalistiske vestlege landa i allianse med USA gjennom NATO og den austlege kommunistiske Warszawapakta leidd av Sovjetunionen.

Spenninga mellom NATO-landa og Warszawapakta auka utover på 1950- og 60-talet, òg på grunn av tilhøve andre stader i verda. Koreakrigen 1950-53, oppstanden i Ungarn 1956, U2-affæren 1960, bygginga av Berlinmuren 1961 og Cubakrisa 1962 tok verda nær ein ny verdskrig. Seinare på 1960-talet vart spenninga halde ved like gjennom Vietnamkrigen 19651975, invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 og fleire andre konfliktar.

Samstundes byrja dei vestlege landa ein prosess for politisk og økonomisk integrasjon, for å sameine Europa og forhindre ein ny verdskrig. Denne prosessen førte til utviklinga av organisasjonar som Den europeiske unionen og Europarådet.

1970-talet blir kalla avspenningstiåret. Betre dialog mellom Aust- og Vest-Tyskland under Willy Brandts Ostpolitik og inngåingar av nedrustningsavtalene Salt 1 og Salt 2 var framsteg, men framleis måtte tilhøvet mellom aust og vest omteiknast som ein kald krig. Sovjetunionens krig og innblanding i Afghanistan og uroa i Polen rundt fagforeininga Solidaritet var viktige årsaker til dette.

Den sovjetiske leiaren Mikhail Gorbatsjov kom til makta i 1985. Med sin perestrojka- og glasnost-politikk minka den sovjetiske innverknaden over Aust-Europa. Dei gamle kommunistiske regjeringane braut saman og Vest-Tyskland absorberte Aust-Tyskland i 1990. I 1991 fall Sovjetunionen sjølv frå kvarandre, den gamle unionen vart delt i tretten nye statar, med den russiske føderasjonen som den staten som tok over Sovjetunionen sitt sete i SNs sikkerhetsråd.

Det mest valdelege utbrotet skjedde i Jugoslavia. Fire av dei seks jugoslaviske republikkane (Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Makedonia) erklærte seg sjølvstendige, noko som førte til ein serie krigar som i nokre område varte til 1995. Dei siste to republikkane danna den føderale jugoslaviske republikk under Slobodan Milošević. Milošević førte landet til krig mot NATO over Kosovo, og vart avsett av ein fredeleg revolusjon i oktober 2000. Den føderale republikken vart omdanna til ein union mellom dei to republikkane Serbia og Montenegro og eit vestleg demokratisk styresett vart innført.

Den europeiske unionen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå EU.
Den europeiske unionen, 2005

Prosesen for europeisk integrasjon byrja med etableringa av Den europeiske kol- og stålfellesskapen mellom Tyskland, Frankrike, Italia, Nederland, Belgia og Luxemburg i 1952, og utvidinga til nye samarbeidsområde gjennom Romatraktaten i 1957. Arbeidet var styrt av ynsket om å skape ein felles europeisk marknad som skulle gjere føretak og næringsliv tilgjengeleg til marknader, kapital og arbeidskraft og på den måten skape positiv utvikling og fred mellom landa. Gjennom skipinga av Den europeiske fellesskapen vart det oppretta sterkare sams styringsorganisasjon. I 1992 vart Den europeiske unionen skipa og det vart fastsett målsetjingar om sterkare integrasjon innan økonomisk og monetær politikk, sams forsvarspolitikk og justissamarbeid.

Samarbeidet vart utvida til nye land i 1973 med Storbritannia, Danmark og Irland, i 1981 med Hellas og i 1986 med Spania og Portugal. I 1995 kom Sverige, Finland og Austerrike med, medan Noreg for annan gong valde å stå utanfor.

Ved byrjinga til det nye hundreåret hadde nasjonane i unionen skapt ei frihandelsone og eliminert dei fleste barrierane for å reise over grensene. Ein ny felles valuta, euroen, vart oppretta elektronisk i 1999 og knytte saman valutaen til dei deltakande landa. Den nye valutaen vart opna for sirkulasjon i 2002 og dei gamle valutaene vart etter kvart tekne ut av sirkulasjon. Men ikkje alle EU-medlemene valde å bli med i den monetære unionen, m. a. //Storbritannia, Danmark og Sverige.

I 2004 vart EU utvida med 10 nye medlemsland i Aust- og Sør-Europa: Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Slovenia, Malta og Kypros. Dette har gjeve store konsekvensar både for dei nye og dei tidlegare medlemene. Størst har truleg merksemda vore om den nye, store arbeidsmarknaden, som gav mange frå dei nye medlemslanda eit høve til å finne betre betalt arbeid i Vest-Europa.

I 2005 stranda EU sine forsøk på å skape ei felles grunnlov, etter at både Frankrike og Nederland gjennomførte folkerøystingar med negativt resultat. I debatten som følgde, har det vorte aukande tvil om dei politiske leiarane er i utakt med store veljargrupper. EU-systemet har som tidlegare tilpassa seg realitetane og held fram med integrasjonen sin med små skritt.

I 2006 vart medlemskapsforhandlingane med Romania og Bulgaria sluttført, med sikte på medlemskap frå 2007. Tyrkia si forhandling om medlemskap er likevel meir usikkert, og det er stor indre usemje om dette temaet blant EU-landa.