Europeisk ål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Europeisk ål

Status i verda: CR Kritisk truga
Status i Noreg: CR Kritisk truga

Anguilla anguilla
Ål Anguilla anguilla

Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Strålefinnefisk
Orden: Ålefisk (Anguilliformes)
Familie: Ålefamilien (Anguillidae)
Slekt: Anguilla
Art: A. anguilla
Vitskapleg namn
Anguilla anguilla
Ål
Namn på andre språk
Norrønt Áll
Svensk Ål
Dansk Ål
Engelsk Eel
Tysk Aal
Fransk Anguille
Spansk Anguila
Russisk Ugor (Угорь)

Europeisk ål, eller berre ål (Anguilla anguilla), er ein slangeforma fisk som lever både i salt- og ferskvatn. Ålen er utbreidd frå Nord-Afrika og nordover til Kvitsjøen. Han har eit særeige livsmønster og uklår forplanting. Ålen gyter i Sargassohavet. Yngelen spreier seg derifrå, og kjem attende etter fleire år, når han er klår til å gyta.

Når ålen er ute av vatnet, dannar han eit slim som gjer at han kan overleva lenge utan tilførsel av vatn. Dette gjer at ålen kan koma seg over små landområde. Ved transport av ålfangst på landjorda, vert ålen lagd i kar utan vatn. Slik overlever han lenger enn han ville ha gjort om han vart lagd i t.d. ein stamp med vatn.

Fangst av ål[endre | endre wikiteksten]

Fiske av ål går stort sett føre seg ved hjelp av teiner eller ruser, men det vert òg brukt stong på hobbybasis. Ålen er rekna som ein delikatesse, men er ein lite brukt matfisk i Noreg i dag. Det meste av ål som vert fiska i Noreg, vert eksportert til Asia, særleg Japan. Det vart i 2005 fiska 158 tonn ål i Noreg. Ålen er ein truga art, og står på raudlista. Miljøvernarar har difor bede om stopp i fisket av ål i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]