Visent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Europeisk bison)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Steppevisent.
Visent
Visenthann
Visenthann
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Visent
Utbreiinga av Visent
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Bovinae
Slekt: Bison
Art: Visent B. bonasus
Vitskapleg namn
Bison bonasus

Visent eller europeisk bison (Bison bonasus) er oksedyr i slekta Bison, og er det tyngste landdyret i Europa. Ein fullvaksen visentokse kan verta 2,9 meter lang og nær 2 meter høg, og vega opptil 900 kg. Visentar er flokkdyr som lever av urter, gras og kvistar. Dei finst i dag i naturreservat i Polen (Białowieżaskogen), Kviterussland, Russland (Vest-Kaukasus) og Baltikum. Arten er truga av utrydjing, og er rekna som sårbar av IUCN.

Visentku og kalv i fangenskap i Russland.
Visentar i Romania.

Europeisk bison er til vanleg mindre enn den amerikanske bisonen som han er nærskyld med; han har mindre pels på nakken, hovudet og overkroppen, men lengre hale og horn. Han er også som regel einsfarga brun i pelsen, medan amerikansk bison kan ha eit svartleg framparti.

Historisk utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Visentokse i Białowieżaskogen i Polen

For 2 000 år sidan levde visentane i mesteparten av Europa – frå England i vest til Sibir i aust, og frå Spania i sør til Sverige i nord. I Vest-Europa vart visenten utrydda på 1000-talet, unntatt i Ardennane, der han overlevde fram til 1300-talet. Den siste visenten i Transilvania døydde i 1790. I aust høyrte visentane etter lova til dei polske kongane, litauiske storhertugane eller dei russiske tsarane. På 1500-talet innførte kong Sigismund I av Polen dødsstraff for drap på visentar. Trass i dette og andre vernetiltak minka visentpopulasjonen i hundreåra som følgde. Særleg under og rett etter første verdskrigen lei bestanden store tap, sidan soldatar og krypskyttarar utrydda visenten på dei tidlegare polske områda. I 1927 vart verdas siste viltlevande visent skoten i Vest-Kaukasus. Då fanst berre 54 visentar i dyrehagane rundt om i verda. Desse nedstamma frå 12 dyr.

I dag vert det drive eit stort avlsarbeid for å trygge arten. Polen har vore leiande i lang tid gjennom nasjonalparken Białowieża, der dei i 1929 med utgangspunkt i fire visentar starta eit planmessig avlsarbeid. I dag finst 350 visentar i den polske delen av skogen, og om lag 3 000 over heile verda (60 % frittlevande) – alle stammar frå Białowieżaskogen.

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Det er identifisertt tre underartar av visent:

  • Låglandsvisent – Bison bonasus bonasus (frå Białowieżaskogen)
  • Ungarsk (karpatisk) visent – Bison bonasus hungarorum – utrydda
  • Kaukasisk visent – Bison bonasus caucasicus – utrydda. Eitt av dei 12 dyra som gav opphav til den moderne bestanden var av denne underarten

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Visent