Eurosona
Eurosona er nemninga brukt om dei 17 medlemslanda i Den europeiske union (EU) kor euro vert brukt som valuta. Desse landa er tilslutta Den økonomiske og monetære unionen (ØMU). Den europeiske sentralbank (ESB) er ansvarleg for pengepolitikk til Eurosona.
Fellesvalutaen vart oppretta elektronisk på verdas finansmarknadar i 1999, men vart ikkje innførd som fysisk betalingsmiddel før 1. januar 2002. Europeiske mikrostater som Monaco, San Marino og Vatikanstaten har innførd euro gjennom spesielle avtalar, men er formelt ikkje ein del av Euroområdet ettersom dei ikkje er medlemmar av EU. Unilateralt er fellesvalutaen òg kome til anvendelse i Andorra, Kosovo og Montenegro.
Sidan 1999 har òg Hellas, Slovenia, Kypros, Malta, Slovakia og Estland tilslutta seg EMU. Alle medlemslanda av Europaunionen, foruten Storbritannia og Danmark, er bunda til å innføre euro, og dermed ventes det at fleire land vil ta del i valutaunionen ettersom samarbeidets konvergenskriterier oppfylles for kvert land.
Eurosonen utgjer i dag ein av verdas største økonomiar, avhengig av kor kursen står mellom den amerikanske dollaren og euroen. Dessuten ventes euroområdets økonomiske størrelse å vokse kraftig i dei komande åra, fyrst og fremst på grunn av den fortsatte utvidelsen av sonen.
[endre] Utbredelse
[endre] Offisielle medlemsland
Euroområdet vart danna då euroen vart skapt 1. januar 1999. Valutaen vart fyrst innførd elektronisk og berre i dei 11 av EU sine då 15 medlemsstatar som oppfylte dei såkalte konvergenskriteriane.
Hellas, som var ein av dei EU-statane som fyrst ikkje kvalifiserte seg til eurosonen, sluttet seg til område 1. januar 2001, ettersom landet då vart ansett å oppfylle konvergenskriteriane.
Eit år seinare, 1. januar 2002, vart euroen innførd som fysisk valuta; det var no mogleg å handle med eurosedlar og euromyntar. Overgangen innebar at over 300 millionar personar på ein og same tid bytta valuta. Det var no eksempelvis mogleg for ein tyskar å handle i ein fransk forretning utan å måtte veksle valuta.
Sjølv om eurosonen allerede i dag innbefattar mange EU-medlemsstatar og dertil fleire andre land og territorier, så ventar fortsatt mange land på å få slutte seg til valutaunionen. I fylgje Maastricht-traktaten må nemleg alle medlemslanda, med unntak av Danmark og Storbritannia, som har kvert sitt unntak frå pålegget, innføre euroen som valuta så snart dei oppfyllar konvergenskriteriane. Dette gjorde Slovenia, som fyrste land etter dei opprinnelege 12 eurolanda, i 2006 og kunne såleis innføre euroen som valuta 1. januar 2007. Kypros og Malta gjekk over til euroen 1. januar 2008. Slovakia innførde euroen 1. januar 2009 etter ein beslutning fatta av Euroområdet sine finansministre 8. juli 2008.
Europakommisjonens konvergensrapport frå 2008 slo fast at Slovakia oppfylte konvergenskriteriane, og 3. juni 2008 ga EU sine finansministre landet klarsignal om å innføre euroen frå 2009.
8. juni 2010 ga EU sine finansministre klarsignal til at Estland kunne innføre euro frå 1. januar 2011.
| Land |
Folketall |
Areal (km²) |
Kode |
Tidlegare valuta |
Vekslingskurs |
Bundet sidan |
Innføring av euro |
Budsjett- balanse (%) |
Stats- gjeld (%) |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 8 192 880 | 83 858 | ATS | Austerriksk schilling | 13,76030 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | –0,5 | 59,1 | |
| 10 584 534 | 30 528 | BEF | Belgisk franc | 40,33990 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | –0,2 | 84,9 | |
| 1 324 333 | 45 226 | EEK | Estlandsk krone | 15,64660 | 28. juni 2004 | 1. januar 2011 | +2,8 | 3,4 | |
| 5 301 992 | 338 145 | FIM | Finske mark | 5,945730 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | +5,3 | 35,4 | |
| 61 538 322 | 551 695 | FRF | Franske franc | 6,559570 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | –2,7 | 64,2 | |
| 10 964 021 | 131 940 | GRD | Greske drakmer | 340,7500 | 19. juni 2000 | 1. januar 2001 | –2,8 | 94,5 | |
| 4 062 235 | 70 273 | IEP | Irske pund | 0,787564 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | +0,3 | 25,4 | |
| 58 133 509 | 301 230 | ITL | Italienske lire | 1936,270 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | –1,9 | 104,0 | |
| 784 301 | 9 250 | CYP | Kypriotiske pund | 0,585274 | 10. juli 2007 | 1. januar 2008 | +3,3 | 59,8 | |
| 465 000 | 2 586 | LUF | Luxembourgsk franc | 40,33990 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | +2,9 | 6,8 | |
| 400 214 | 316 | MTL | Maltesisk lire | 0,429300 | 10. juli 2007 | 1. januar 2008 | –1,8 | 62,6 | |
| 16 491 461 | 41 526 | NLG | Nederlandske gylden | 2,203710 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | +0,4 | 45,4 | |
| 10 605 870 | 92 391 | PTE | Portugisisk escudo | 200,4820 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | –2,6 | 63,6 | |
| 5 439 448 | 48 845 | SKK | Slovakisk koruna | 30,12600 | 8. juli 2008 | 1. januar 2009 | –2,2 | 29,4 | |
| 2 010 347 | 20 273 | SIT | Slovensk tolar | 239,6400 | 11. juli 2006 | 1. januar 2007 | –0,1 | 24,1 | |
| 45 120 000 | 504 782 | ESP | Spansk peseta | 166,3860 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | +2,2 | 36,2 | |
| 82 422 299 | 356 974 | DEM | Tyske mark | 1,955830 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 | ±0,0 | 65,0 | |
| 323 840 766 | 2 629 838 | EUR | Europeisk euro | 1,000000 | 31. desember 1998 | 1. januar 1999 |
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Eurosonen» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2011.