Eurosport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eurosport er eit nettverk av sportskanalar, der hovudkanalen kringkastar over satellitt og kabelfjernsyn til over 54 land på 20 forskjellige språk. Det er TF1 Group som eig nettverket.

Eurosport sender variert sport som Champions League, UEFA-cupen, motorsport, Dei olympiske leikane, sykling (inkludert hendingar som Le Tour de France og Giro de Italia, tennisturneringar, World Snooker Championship, Australian Football League, vintersport og diverse ungdomsidrettar. Tidlegare har den vist tilstelningar som Cupvinnarcupen, før den vart avslutta i 1998/99 sesongen til fordel for endringar i Meisterligaen.

Betaltv-operatørar har som regel Eurosport som ein del av den grunnleggjande pakketilbodet. Kanalen er tilgjengeleg i dei fleste landa i Europa, ofte med kommentatorar som snakkar språket. Mange land har dessutan nasjonale sportskanalar som viser andre idrettar enn kva Eurosport syner.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eurosport vart lansert i 1989 som eit samarbeid mellom Den europeiske kringkastingsunionen og britiske Sky Television plc. Når Sky så fusjonerte med Bsb ville dei istaden fokusere på den nye kanalen Sky Sports.

Eurosport stoppa sendingane sine i mai 1991, etter at den konkurrerande kanalen Screensport hadde sendt inn ein klage til EU-kommisjonen over strukturen til selskapet. Kanalen vart likevel redda då franske TF1 Group kjøpte selskapet. Dermed var Eurosport var i stand til å starte sendingane i same månaden. Screensport fusjonerte forøvrig med konkurrenten i mars 1993.

Eurosport kom til slutt under eigarskap av eit fransk konsortium, som bestod av TF1 Group, Canal +-gruppa og Havas Images. Sidan januar 2001 har kanalen vore eigd av TF1 åleine.

Den 10. januar 2005 opna kanalen Eurosport 2. Denne kanalen er tilgjengeleg i 35 land. I Noreg sender den berre med britisk kommentering.

Den 25. mai 2008 vart Eurosport HD opna, denne kanalen sender det same som hovudkanalen, berre i High Definition.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]