Eurovision

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Eurovision (fleirtyding).
Eurovision

Lansert1954
HovudkontorGenève
Nettstadhttp://www.eurovision.net/

Eurovision vart skipa i 1954 i Genève i Sveits, og er ein del av Den europeiske kringkastingsunionen. Eurovision vart skipa for å bistå med utveksling av fjernsyns og radio-program og fjernsynsbilete i tilknyting til nyhendehendingar via Eurovision news exchange.

Eurovision har i dag 75 medlemmer i 56 land i Europa,[1] Nord-Afrika og Midtausten. I tillegg kjem 61 tilknytte selskap i Europa, Afrika, Amerika, Asia og Oseania.

TV-sendingar via Eurovision kan kjennast att ved logoen som vert presentert samtidig med starten av «Te Deum» av Marc-Antoine Charpentier. Den fyrste Eurovisionssendinga gjekk på lufta 6. juni 1954 og var Narzissenfest i Montreux i Sveits.

Den mest kjende sendinga til Eurovision er kanskje den årlege songkonkurransen Eurovision Song Contest, som har gått på lufta ein gong i året sidan 1956. Utover denne kjem andre samsendingar som velsigninga til paven, Urbi et Orbi, og nyttårskonserten frå Wien i Austerrike i tillegg til nyhendebilete frå sportsarrangement.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «OUR MEMBERS» (på engelsk). The European Broadcasting Union. Henta 11. august 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eurovision