Eurovision Song Contest 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2010
Share the Moment
Offisiell tittel
55. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 25. mai 2010
Semifinale 2 27. mai 2010
Finalen 29. mai 2010
Vertskap
Stad
Telenor Arena i Bærum i Noreg
Programleiar(ar)
Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui
Kringkastar(ar)
Norsk rikskringkasting
Varigskap
Opningsnummer
Finalen «Fairytale» av Alexander Rybak
Pausenummer
Semifinale 1 Film om menneskelege lydar
Semifinale 2 Korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, og breakdance
Finalen «Glow» av Madcon med førehandsinnspelte klipp av dansande flash mobar frå ulike stader i Europa
Bidrag
Antal bidrag
39 land. 25 i finalen. 17 i kvar av dei to semifinalane.
Attende
Georgia
Trekte seg
Andorra
Montenegro
Tsjekkia
Ungarn
Ikkje med
San Marino
Austerrike
Monaco
Italia
Luxembourg
Marokko
Kart
ESC 2010 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen ██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Vinnar
Tyskland med «Satellite» av Lena
Eurovision Song Contest
Moskva 2009 Düsseldorf 2011

Eurovision Song Contest 2010 (ESC 2010), offisielt 55. Eurovision Song Contest, var den 55. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Telenor Arena i Bærum i Noreg. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 25. mai 2010, den andre semifinalen fann stad torsdag 27. mai 2010 og finalen fann stad laurdag 29. mai 2010. Tyskland vann tevlinga med songen «Satellite», sungen av Lena.

Under finalen i Eurovision Song Contest 2009 vart det igjen brukt nasjonale fagjuryar i tillegg til telefonrøysting, der røystene til fagjuryane og telefonrøystene i utgangspunktet skulle telje like mykje. Frå og med 2010 skulle dette systemet òg takast i bruk under semifinalane. Totalt 39 land deltok i tevlinga: Georgia kom attende etter ikkje å ha delteke i 2009, medan Andorra, Tsjekkia, Ungarn og Montenegro trekte seg. Litauen kunngjorde fyrst at dei ikkje kom til å delteke, men stod seinare på lista over stadfesta deltakarland kunngjort av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Arrangement[endre | endre wikiteksten]

Telenor Arena.

Dåverande statsråd i kulturdepartementet Trond Giske og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vart samde om eit budsjett på rundt 150 millionar kroner, noko som er om lag 130 millionar kroner mindre enn budsjettet til Moskva frå 2009, men 50 millionar meir enn HelsingforsFinland arrangerte tevlinga i 2007. Dette estimatet vart seinare justert til 211 millionar kroner.

Det vart tidleg slått fast av Norsk rikskringkasting (NRK) at ein kom til å nytte ein allereie eksisterande arena, og at det ikkje ville verte bygd noko nytt i samband med arrangementet. EBU gav NRK og kulturministaren melding om at det vart stilt strenge krav til arena, noko som gjorde Tromsø, Bergen, Trondheim og Stavanger uaktuelle som arrangørbyar, sjølv om desse byane viste interesse for å arrangere tevlinga. Dimed stod valet mellom Telenor Arena på Fornebu i Bærum og Oslo Spektrum i Oslo. 3. juli 2009 vart det avgjort at tevlinga skulle arrangerast i Telenor Arena.

Finalen vart arrangert 29. mai med semifinalar 25. og 27. mai. Opphavleg dato for finalen var 22. mai med semifinalar 18. og 20. mai, men dette vart endra, då 22. mai òg er dato for finalen i Mesterligaen.

Programleiarar[endre | endre wikiteksten]

Norske medium starta tidleg å spekulere i moglege kandidatar til programlederjobbene. Jon Almaas og Fredrik Skavlan frå høvesvis Nytt på nytt og Skavlan var mellom dei som vart nemnt hyppigast, medan duoen Thomas Numme og Harald Rønneberg vann ei avrøsting der Dagbladet spurde kva for kjendisar ein helst ville ha som programleiarar. Dorthe Skappel, som enda på andreplass i Dagbladet si kåring, viste interesse for å verte programleiar.

På ein pressekonferanse 10. mars 2010 offentleggjorde NRK at Eurovision Song Contest 2010 skulle leiast av Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui. Programleiarane opna og avslutta sendingane i fellesskap, men hadde ulike oppgåver undervegs. Medan Solbakken og N'jie stod for kontakten med deltakarane, hadde Hasnaoui ansvaret for avrøstinga. Dette var andre gongen i historia til tevlinga ein hadde fleire enn to programleiarar; fyrste gongen var i 1999.

Pauseinnslag[endre | endre wikiteksten]

Pauseinnslaget i den fyrste semifinalen var ein film om menneskelege lydar, medan den andre semifinalen sitt pauseinnslag handla om korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, der han deltok i ein oppvisning i breakdance. Pauseinnslaget i finalen bestod mellom anna av førehandsinnspelte klipp av dansande flash mob-ar frå ulike stader i Europa, og dessutan direkteoverføring frå Hamburg. Klipp frå fjernsynsstover i alle deltakarland direkte via nettkamera var òg med. Publikum i salen deltok òg i dansen. Den norske rapgruppa Madcon song songen «Glow» som ein del av pauseinnslaget.

Avrøysting[endre | endre wikiteksten]

EBU vidareførte ordninga med både jury- og telefonrøyster som vart introdusert under finalen i Eurovision Song Contest 2009. I 2010 vart dette systemet òg teke i bruk under semifinalane. Kvart land hadde ein nasjonal fagjury som gav poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag. Røystene til juryen vart kombinert med resultatet frå telefonavrøstinga ved at dei ti bidraga som mottok flest telefonrøystar, òg fekk poeng i valørane 12, 10 og 8–1. Dei ti bidraga som til saman hadde fått flest røyster då jury- og telefonrøystene vart lagt saman, mottok poeng frå landet. Ved eventuell røystelikskap skulle telefonrøystene vege tyngst.

Dette året kunne ein røyste frå før fyrste land hadde framført til om lag 15 minutt etter at siste bidrag var framført. Tidlegare kunne ein berre røyste i om lag 15 minutt etter at eit land hadde framført.[1]

Orkester[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe på nettsamfunnet Facebook som hadde som mål at det skulle nyttast orkester under Eurovision Song Contest 2010, oppnådde nærare 5000 medlemmar. Det vart nytta orkester i tevlinga frå starten i 1956 til og med 1998. Sidan Eurovision Song Contest 1999 har ein som fylgje av den tekniske utviklinga innan musikkindustrien vald å nytte forhandsinnspelte lydspor i staden. Debatten om framtida til orkestret i tevlinga har versert sidan, men EBU ytra ikkje noko ynskje om å endre på den noverande ordninga. Jan Fredrik Heyerdahl frå Kringkastingsorkestret sa at orkestret var interessert i å bidra i tevlinga, om EBU og NRK samtykte.

Fordeling av semifinaleplassar[endre | endre wikiteksten]

Sundag 7. februar 2010 vart det halde ei trekning som avgjorde kva for land som skulle delteke i kvar av dei to semifinalane. Deltakarlanda vart fordelt i fem ulike grupper basert på røystemønstrane frå tidlegare tevlingar. Det vart òg avgjord i kva for ein halvdel av semifinalen dei respektive landa kom til å framføre – dette for at delegasjonane skulle vita når øvingane starta. Det vart òg avgjord i kva for semifinalar vertslandet Noreg og «Dei fem store», Storbritannia, Frankrike, Spania og Tyskland, som alle var førehandskvalifiserte til finalen, skulle vere med og røyste. Den endelege rekkjefylgja for fremføringane vart trekt 23. mars 2010. Her vart det òg avgjord i kva for ei rekkjefylgje landa skulle presentere røystene sine under finalen.

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4 Gruppe 5

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

  • Den fyrste semifinalen vart kringkasta 25. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.
  • Frankrike, Tyskland og Spania måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Moldova SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 52 10
02 Russland Pjotr Nalitsj og vennar «Lost and Forgotten» Engelsk 74 7
03 Estland Malcolm Lincoln og Manpower 4 «Siren» Engelsk 39 14
04 Slovakia Kristína Peláková «Horehronie» Slovakisk 24 16
05 Finland Kuunkuiskaajat «Työlki ellää» Karelsk 49 11
06 Latvia Aisha «What For?» Engelsk 11 17
07 Serbia Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 79 5
08 Bosnia-Hercegovina Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 59 8
09 Polen Marcin Mroziński «Legenda» Engelsk og polsk 44 13
10 Belgia Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 167 1
11 Malta Thea Garrett «My Dream» Engelsk 45 12
12 Albania Juliana Pasha «It's All About You» Engelsk 76 6
13 Hellas Jórgos Alkaíos og vennar «ÓPA!» Gresk 133 2
14 Portugal Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 89 4
15 Makedonia Gjoko Taneski, Billy Zver og Damjan Pejčinoski «Jas ja imam silata» Makedonsk 37 15
16 Kviterussland 3+2 og Robert Wells «Butterflies» Engelsk 59 9
17 Island Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 123 3

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

  • Den andre semifinalen vart kringkasta 27. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.
  • Noreg og Storbritannia måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Litauen InCulto «East European Funk» Engelsk 12 44
02 Armenia Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 6 83
03 Israel Harel Skaat «Milim» Hebraisk 8 71
04 Danmark Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This» Engelsk 5 101
05 Sveits Michael von der Heide «Il pleut de l'or» Fransk 17 2
06 Sverige Anna Bergendahl «This Is My Life» Engelsk 11 62
07 Aserbajdsjan Safura «Drip Drop» Engelsk 2 113
08 Ukraina Aljosja «Sweet People» Engelsk 7 77
09 Nederland Sieneke «Ik ben verliefd (Sha-la-lie)» Nederlandsk 14 29
10 Romania Paula Seling og Ovi «Playing with Fire» Engelsk 4 104
11 Slovenia Ansambel Roka Žlindre og Kalamari «Narodnozabavni rock» Slovensk 16 6
12 Irland Niamh Kavanagh «It's for You» Engelsk 9 67
13 Bulgaria Miroslav Kostadinov «Angel si ti» Bulgarsk 15 19
14 Kypros Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 10 67
15 Kroatia Feminnem «Lako je sve» Kroatisk 13 33
16 Georgia Sopho Nizharadze «Shine» Engelsk 3 106
17 Tyrkia maNga «We Could Be the Same» Engelsk 1 118

Finalen[endre | endre wikiteksten]

  • Finalen vart kringkasta 29. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen.
  • 20 land kvalifiserte seg frå dei to semifinalane 25. og 27. mai. Totalt deltok 25 land i finalen.
  • I 2010 fekk en berre røyste i 15 minutt etter alle landa hadde framført sitt bidrag. Dette var ulikt systemet frå 2009 der ein kunne røyste under alle framføringane.
  • Då Spania framføre sitt bidrag laup den kjende avbrytaren Jimmy Jump opp på scena. Svante Stockselius, øvste ansvarlege for Eurovision Song Contest, gav Spania lov til å framføre bidraget på nytt etter at Danmark hadde framført sitt bidrag. Jimmy Jump fekk seinare ei bot på 15 000 kroner.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Aserbajdsjan Səfurə «Drip Drop» Engelsk 145 5
02 Spania Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 68 15
03 Noreg Didrik Solli-Tangen «My Heart Is Yours» Engelsk 35 20
04 Moldova SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 27 22
05 Kypros Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 27 21
06 Bosnia-Hercegovina Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 51 17
07 Belgia Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 143 6
08 Serbia Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 73 13
09 Kviterussland 3+2 og Robert Wells «Butterflies» Engelsk 18 24
10 Irland Niamh Kavanagh «It's for You» Engelsk 25 23
11 Hellas Jórgos Alkaíos og vennar «ÓPA!» Gresk 140 8
12 Storbritannia Josh Dubovie «That Sounds Good to Me» Engelsk 10 25
13 Georgia Sofia Nizharadze «Shine» Engelsk 136 9
14 Tyrkia maNga «We Could Be the Same» Engelsk 170 2
15 Albania Juliana Pasha «It's All About You» Engelsk 62 16
16 Island Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 41 19
17 Ukraina Aljosja «Sweet People» Engelsk 108 10
18 Frankrike Jessy Matador «Allez Ola Olé» Fransk 82 12
19 Romania Paula Seling og Ovi «Playing with Fire» Engelsk 162 3
20 Russland Peter Nalitsj og vennar «Lost and Forgotten» Engelsk 90 11
21 Armenia Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 141 7
22 Tyskland Lena «Satellite» Engelsk 246 1
23 Portugal Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 43 18
24 Israel Harel Skaat «Milim» Hebraisk 71 14
25 Danmark Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This» Engelsk 149 4
02 Spania Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 68 15

Røystegjeving[endre | endre wikiteksten]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

I den første semifinalen brukte eitt land berre juryrøystar, sidan det ikkje kom inn nok telefonrøyster etter det EBU krev. Det er ikkje kjend kva for eit land dette dreiar seg om.[2] EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. Det detaljerte resultatet for kvart enkelt land vart ikkje offentleggjort.[3]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Moldova 5         1     2 7   4 8 7 10   3   5 52 10
Russland 12 12   3 10 4 2 8 5 1   3 1   12     1 74 7
Estland       12 12   1 5     1 1 4   1 2     39 14
Slovakia       2   6 5   1       5     5     24 16
Finland   3 10 2 6     1 7 2         7 6   3 2 49 11
Latvia     6   5                           11 17
Serbia 3 4 1 6   3 12   3   3 7 2 10   3 12 4 6 79 5
Bosnia-Hercegovina 1 2   5     12 6   3 7 5   8 4   6   59 8
Polen 2 6       4     6   6       3   7 7 3 44 13
Belgia 6 10 8 10 10 8 7 4 12 12 4 10 12 4 8 12 10 12 8 167 1
Malta     3 12 1 1   6     2 2 3 6 2 4   2 1 45 12
Albania         4   2 7 4 8 6 12   12   10 2 5 4 76 6
Hellas 7 7 2 8 8   10 8 7 10 8 10 10 3 5 8 4 8 10 133 2
Portugal 5   5 4 6 7 5 3 2 4 4 5   2   7 8 10 12 89 4
Makedonia 4 1   1     8 10       12       1     37 15
Kviterussland 8 12 4 3   5     3   5   6 7 5   1   59 9
Island 10 8 7 7 7 2 3   10 12 10 8 8 6 1 6 5 6 7 123 3

12 poeng i semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 1:

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
5 Belgia Island, Malta, Polen, Portugal, Tyskland
3 Russland Estland, Kviterussland, Moldova
2 Albania Hellas, Makedonia
Estland Finland, Latvia
Serbia Bosnia-Hercegovina, Frankrike
1 Bosnia-Hercegovina Serbia
Island Belgia
Kviterussland Russland
Makedonia Albania
Malta Slovakia
Portugal Spania

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. Det detaljerte resultatet for kvart enkelt land vart ikkje offentleggjort.[3]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Litauen 2   1   4   2       12   2 1 8   5 7 44 12
Armenia 1 12   3 5   8 10 10     8 12   10 4   83 6
Israel   8     8 7 6 12 3 5   1 4   5   7 5 71 8
Danmark 5 5 7 5 12 6 5 4 12 10 4 2 3 4 3 6 8 101 5
Sveits                             2     2 17
Sverige 3 3   12 10 2   6 1   5   1 2   2 12 3 62 11
Aserbajdsjan 2   5 5 6 3 12 1 8 8 10 7 10 10 12 12 2 113 2
Ukraina 10 10 2 3     8 2 5 1 2 6 6 6 7 3 4 2 77 7
Nederland     4 4 2 1       6 3       1 5 3 29 14
Romania 6 4 8 8 4 7 5 3 3 4 6 4 8   4 8 10 12 104 4
Slovenia     1                     5       6 16
Irland 7 1 3 6 12   4   8 4 2     3   1 6 10 67 9
Bulgaria               1         5     7   6 19 15
Kypros 4 6 10 7   6 3 4   6     5 12       4 67 10
Kroatia   7   2 7   1       12 1 3         33 13
Georgia 12 12 6   1 2 10 7 5 2 7 7 10 7 7 10   1 106 3
Tyrkia 8     10 8 10 12 10 7 7 3 8 12   8 6 1 8 118 1

12 poeng i semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 2:

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
3 Aserbajdsjan Georgia, Tyrkia, Ukraina
2 Armenia Israel, Kypros
Danmark Romania, Sverige
Georgia Armenia, Litauen
Sverige Danmark, Noreg
Tyrkia Aserbajdsjan, Bulgaria
1 Irland Sveits
Israel Nederland
Kroatia Slovenia
Kypros Kroatia
Litauen Irland
Romania Storbritannia

Finalen[endre | endre wikiteksten]

EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. I motsetnad til i 2009 vart ikkje det detaljerte resultatet for kvart enkelt land offentleggjort.[3] Poenggjevande land er organisert i same rekkefølgje som landa røysta i under finalen.

Deltakarland Poenggjevande land[4] Sum
Aserbajdsjan   3       12   8 7       8     1 4 2   7   12 12 2 12 7 10   6 2 5     7 3 7 8   145
Spania 2       7         4 5   4 12               2 4 5       8     1     1   4 2   7 68
Noreg   2                   7   3       5     3       3                       6 4 2 35
Moldova 10                         6 6                           4               1   27
Kypros             4                 12   1     2 4           1                   3 27
Bosnia-Hercegovina       12 6 8 10       4               5                               6       51
Belgia 4 10 12 5       10   6   3 5 5   6 10 10 7   10   1 4 10 3   7   7     6         2 143
Serbia     5   3   8   12   8               10               1     10     1   7     7 72
Kviterussland                         2                 1                           3 12   18
Irland     2       1     1   2                                   6   7   6         25
Hellas 7   8 10 12 3   1 6 7       8     8   4 5 5 5     7   12       12 12 3     2     3 140
Storbritannia   4     1                   2                                           3   10
Georgia   5       5 7 4 4   1 8 10   8 5 2     1   6 7     1 5 12 7 1 4     5 5 5   6 12 136
Tyrkia 8 1 10 3 8   12   10 3 2 6     12     6 12 3   10 8     2   4 3 3 6 10 8   10   5 5 170
Albania 1   1     7 5 2 5             10 7                         8 3 1     12       62
Island     4             5   4       3   3             6 6     2   8               41
Ukraina 5     7   1   3         7   10       2     7   7     6 6 10     5 7 2   8 7   8 108
Frankrike   6 3 4     3   3 8 3 1   7   8 6 7   2         2 4 3         2   3 1       6 82
Romania   7   6 5 2   6 2   7   3 10 7 4 5 8   10 1   2 3 5 10 8 2 1 4   8 5 8   12   10 1 162
Russland           4           10   2 3           6   10 8       5 12         10   10     10 90
Armenia 6   7 1   6   5         12     7     6 8 4 8 6 1     7   5   7   12 12 4 6 10 1 141
Tyskland 3 8   8 10 10 6 7 8 12 10 12 6 1 1 2 3 12 3 12 12 3 5 12 4 12 4 10   12 10 4 4   8     12 246
Portugal     6 2                         1 4 8 6       6 1         5                 4 43
Israel         4       1 10 6       5       1   8   3     5 2   8     3 10     1 4   71
Danmark 12 12     2   2 12   2 12 5 1 4 4   12     4 7     10 8 8   3     2 6 2 4 2     8 5 149

12 poeng i finalen[endre | endre wikiteksten]

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i finalen:

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
9 Tyskland Danmark, Estland, Finland, Latvia, Noreg, Slovakia, Spania, Sveits, Sverige
5 Danmark Island, Irland, Polen, Romania, Slovenia
4 Aserbajdsjan Bulgaria, Malta, Tyrkia, Ukraina
Hellas Albania, Belgia, Kypros, Storbritannia
3 Armenia Israel, Nederland, Russland
Tyrkia Aserbajdsjan, Frankrike, Kroatia
2 Georgia Armenia, Litauen
1 Albania Makedonia
Belgia Tyskland
Bosnia-Hercegovina Serbia
Kviterussland Georgia
Kypros Hellas
Romania Moldova
Russland Kviterussland
Serbia Bosnia-Hercegovina
Spania Portugal


Artistar som har delteke tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Feminnem Kroatia 2005 Bosnia-Hercegovina 079 14 X X
Niamh Kavanagh Irland 1993 Irland 187 01 X1 X1

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

1.^ Det vart ikkje arrangert nokon semifinale i 1993, men ein kvalifikasjonsrunde der sju land deltok.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oslo 2010: Televoting during entire shows, eurovision.tv
  2. «How close was a country from qualifying last night?». Eurovision Song Contest. 26. mai 2010. Henta 14. november 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Bakker, Sietse (28. juni 2010). «EBU reveals split voting outcome, surprising results». EBU. Henta 28. juni 2010. 
  4. «Scoreboard: Eurovision Song Contest 2010 Final». Eurovision.tv. Henta 22. mai 2011. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]