Eurovision Song Contest
- Sjå òg Eurovision (fleirtyding).
Eurovision Song Contest (ESC) er den årlege musikktevlinga til Eurovision. Han har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.
Kvart medlemsland kan sende ein song som vert sunge på direktesendt fjernsyn og deretter vert røysta på av dei andre deltakarlanda, for å finne den mest populære songen i tevlinga. Tevlinga har vorte kringkasta kvart år sidan 1956 og er eit av dei eldste fjernsynsprogramma i verda. Det er òg ein av dei mest sette ikkje-sportslege hendingane i verda, og dei siste åra har publikumstala vore på mellom 100 til 600 millionar internasjonalt. Eurovision Song Contest vert òg kringkasta utanfor Europa, til dømes i Argentina, Australia, Brasil, Canada, Kina, Colombia, Egypt, India, Japan, Jordan, Mexico, New Zealand, Filippinane, Sør-Korea, Taiwan, Thailand, Uruguay og Venezuela til tross for at dei ikkje deltek. Sidan 2000 har tevlinga òg vorte kringkasta over Internett. I 2006 såg meir enn 74 000 personar i nesten 140 land tevlinga på Internett.
Poenggjevinga i Eurovision Song Contest har skjedd etter fleire ulike system opp gjennom historia, men i dag gjev kvart land poeng i følgjande verdiar etter telefonrøysting: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12. Dersom to eller fleire land står med likt tal poeng til slutt, vinn dét landet som har motteke poeng frå flest land. Er stillinga framleis lik, vil tal på mottekne 12-poengarar avgjera, deretter 10-poengarar og så vidare vera avgjerande.
Tradisjonelt arrangerer vinnarlandet tevlinga året etter, vanlegvis ein laurdag i midten av mai i form av eit rundt tre timar langt fjernsynsshow.
Innhaldsliste |
[endre] Noreg i Eurovision Song Contest
- For meir om dette emnet, sjå Noreg i Eurovision Song Contest.
Noreg har delteke sidan 1960, då Nora Brockstedt deltok med songen «Voi Voi», og vunne tre gongar: I 1985 med Bobbysocks sin song «La Det Swinge», i 1995 med Secret Garden sin song «Nocturne» og i 2009 med Alexander Rybak sin song «Fairytale». Uttakinga av den norske deltakaren skjer gjennom Melodi Grand Prix.
[endre] Deltakarar
51 land har delteke minst ein gong i tevlinga. Nokon av landa har etter kvert vorte oppløyst og vorte til nye land.
| År | Land som debuterte i tevlinga |
|---|---|
| 1956 | |
| 1957 | |
| 1958 | |
| 1959 | |
| 1960 | |
| 1961 | |
| 1964 | |
| 1965 | |
| 1971 | |
| 1973 | |
| 1974 | |
| 1975 | |
| 1980 | |
| 1981 | |
| 1986 | |
| 1993 | |
| 1994 | |
| 1998 | |
| 2000 | |
| 2003 | |
| 2004 | |
| 2005 | |
| 2006 | |
| 2007 | |
| 2008 |
[endre] Vertskap
- For meir om dette emnet, sjå Vertsbyar for Eurovision Song Contest.
Dei fleste land får dekka arrangementet av kommersielle sponsorar og bidrag frå dei andre deltakarlanda. Tevlinga vert sett på som ein unik moglegheit til å fremme vertslandet som turistdestinasjon. Sumaren 2005 avskaffa Ukraina normal visumplikt for besøkande frå Den europeiske unionen (EU) fordi tevlinga vart halden i hovudstaden Kiev.
Forbredingane til tevlinga startar nokon veker etter at vinnarlandet bekreftar at dei har kapasitet til å arrangere tevlinga. Vertsbyen er som oftast hovudstaden. Dei to største arenaene var Parken i København, med plass til 38 000 personar, då Danmark var vertsland i 2001, og Düsseldorf Arena i Düsseldorf, med plass til 36 000 personar, då Tyskland var vertsland i 2011. Den minste byen som har arrangert tevlinga er Millstreet i Irland. Landsbyen som berre har 1 500 innbyggjarar arrangerte tevlinga i 1993 i Green Glens Arena, som har plass til 8 000 personar.
[endre] Vinnarar
- For meir om dette emnet, sjå Vinnarar av Eurovision Song Contest.
| År | Vertsby | Vinnarland | Artist | Vinnarsong | Språk |
|---|---|---|---|---|---|
| 1956 | Lys Assia | «Refrain» | Fransk | ||
| 1957 | Corry Brokken | «Net als toen» | Nederlandsk | ||
| 1958 | André Claveau | «Dors mon amour» | Fransk | ||
| 1959 | Teddy Scholten | «Een beetje» | Nederlandsk | ||
| 1960 | Jacqueline Boyer | «Tom Pilibi» | Fransk | ||
| 1961 | Jean-Claude Pascal | «Nous les amoureux» | Fransk | ||
| 1962 | Isabelle Aubret | «Un premier amour» | Fransk | ||
| 1963 | Grethe Ingemann og Jørgen Ingemann | «Dansevise» | Dansk | ||
| 1964 | Gigliola Cinquetti | «Non ho l'età» | Italiensk | ||
| 1965 | France Gall | «Poupée de cire, poupée de son» | Fransk | ||
| 1966 | Udo Jurgens | «Merci Chérie» | Tysk | ||
| 1967 | Sandy Shaw | «Puppet On A String» | Engelsk | ||
| 1968 | Massiel | «La, la, la» | Spansk | ||
| 1969[N 15] | Salome | «Vivo cantando» | Spansk | ||
| Frida Boccara | «Un jour, un enfant» | Fransk | |||
| Lennie Kuhr | «De troubador» | Nederlandsk | |||
| Lulu | «Boom Bang A Bang» | Engelsk | |||
| 1970 | Dana | «All Kinds Of Everything» | Engelsk | ||
| 1971 | Séverine | «Un banc, un arbre, une rue» | Fransk | ||
| 1972 | Vicky Leandros | «Apres toi» | Fransk | ||
| 1973 | Anne-Marie David | «Tu te reconnaitras» | Fransk | ||
| 1974 | ABBA | «Waterloo» | Engelsk | ||
| 1975 | Teach-In | «Ding-A-Dong» | Engelsk | ||
| 1976 | Brotherhood of Man | «Save Your Kisses For Me» | Engelsk | ||
| 1977 | Marie Myriam | «L'oiseau et l'enfant» | Fransk | ||
| 1978 | Izhar Cohen | «A-ba-ni-bi» | Hebraisk | ||
| 1979 | Milk and Honey og Gali | «Hallelujah» | Hebraisk | ||
| 1980 | Johnny Logan | «What's Another Year» | Engelsk | ||
| 1981 | Bucks Fizz | «Making Your Mind Up» | Engelsk | ||
| 1982 | Nicole | «Ein Bißchen Frieden» | Tysk | ||
| 1983 | Corinne Hermes | «Si La Vie Est Cadeau» | Fransk | ||
| 1984 | Herreys | «Diggi-Loo Diggi-Ley» | Svensk | ||
| 1985 | Bobbysocks | «La Det Swinge» | Norsk | ||
| 1986 | Sandra Kim | «J'aime la vie» | Fransk | ||
| 1987 | Johnny Logan | «Hold Me Now» | Engelsk | ||
| 1988 | Céline Dion | «Ne partez pas sans moi» | Fransk | ||
| 1989 | Riva | «Rock Me, Baby» | Serbokroatisk | ||
| 1990 | Toto Cutugno | «Insieme: 1992» | Italiensk | ||
| 1991 | Carola Häggkvist | «Fångad av en stormvind» | Svensk | ||
| 1992 | Linda Martin | «Why Me» | Engelsk | ||
| 1993 | Niamh Kavanagh | «In Your Eyes» | Engelsk | ||
| 1994 | Paul Harrington og Charlie McGettigan | «Rock'n Roll Kids» | Engelsk | ||
| 1995 | Secret Garden | «Nocturne» | Norsk | ||
| 1996 | Eimear Quinn | «The Voice» | Engelsk | ||
| 1997 | Katrina and The Waves | «Love shine a light» | Engelsk | ||
| 1998 | Dana International | «Diva» | Hebraisk | ||
| 1999 | Charlotte Nilsson[N 16] | «Take Me To Your Heaven» | Engelsk | ||
| 2000 | Olsen Brothers | «Fly On The Wings Of Love» | Engelsk | ||
| 2001 | Tanel Padar og Dave Benton | «Everybody» | Engelsk | ||
| 2002 | Marija Naumova | «I Wanna» | Engelsk | ||
| 2003 | Sertab Erener | «Everyway That I Can» | Engelsk | ||
| 2004 | Ruslana | «Wild Dances» | Engelsk og ukrainsk | ||
| 2005 | Élena Paparízou | «My Number One» | Engelsk | ||
| 2006 | Lordi | «Hard Rock Hallelujah» | Engelsk | ||
| 2007 | Marija Šerifović | «Molitva» | Serbisk | ||
| 2008 | Dima Bilan | «Believe» | Engelsk | ||
| 2009 | Alexander Rybak | «Fairytale» | Engelsk | ||
| 2010 | Lena Meyer-Landrut | «Satellite» | Engelsk | ||
| 2011 | Ell & Nikki | «Running Scared» | Engelsk | ||
| 2012 | Loreen | «Euphoria» | Engelsk | ||
| 2013 |
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Bosnia-Hercegovina var tidlegare ein del av Jugoslavia. Dei endra flagget sitt etter tevlinga i 1998.
- ↑ 2,0 2,1 Hellas endra flagget sitt etter tevlinga i 1978.
- ↑ 3,0 3,1 Kroatia var tidlegare ein del av Jugoslavia.
- ↑ 4,0 4,1 Makedonia var tidlegare ein del av Jugoslavia.
- ↑ 5,0 5,1 Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia og Serbia og Montenegro.
- ↑ 6,0 6,1 San Marino endra flagget sitt etter tevlinga i 2011.
- ↑ 7,0 7,1 Serbia var tidlegare ein del av Jugoslavia og Serbia og Montenegro. Dei endra flagget sitt etter tevlinga i 2010.
- ↑ 8,0 8,1 Slovenia var tidlegare ein del av Jugoslavia.
- ↑ 9,0 9,1 Spania endra flagget sitt i 1977 og 1981.
- ↑ 10,0 10,1 Endra namn frå Vest-Tyskland til Tyskland etter tevlinga i 1990.
- ↑ 11,0 11,1 I 1991 hadde fleire land lausrive seg frå Jugoslavia og berre Serbia og Montenegro var att. Dei deltok i 1992 som Jugoslvia, med eit anna flagg enn tidlegare. Landet gjekk òg frå å vere ein sosialistisk føderal republikk til å verte ein føderal republikk. Jugoslavia deltok for siste gong i 1992.
- ↑ 12,0 12,1 Serbia og Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia. Landet vart oppløyst etter tevlinga i 2006, men deltok ikkje det året.
- ↑ Spania nyttar eit anna flagg no enn dei gjorde då dei vann i 1968 og 1969.
- ↑ I 1982 vann Tyskland under namnet Vest-Tyskland.
- ↑ Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga fordi det ikkje var nokon reglar for kva som skjer om flere land får like mange poeng. Med reglane ein nyttar i dag ville Frankrike vunne.
- ↑ Endra namn til Charlotte Perrelli i 2003.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest
- NRKs nettside om Eurosong
- Den norske grandprixklubben
- Eurovision Song Contest - Historikk
- Fransk nettside om Grand Prix d'Eurovision
- Eurovision Song Contest
|
|
|
|---|---|
| Vertsbyar · Vinnarar · Programleiarar · Røysting · Land · Språk · Dei fem store · OGAE · Marcel Bezençon Awards · Eurovision In Concert · Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest | |
| 1956 · 1957 · 1958 · 1959 · 1960 · 1961 · 1962 · 1963 · 1964 · 1965 · 1966 · 1967 · 1968 · 1969 · 1970 · 1971 · 1972 · 1973 · 1974 · 1975 · 1976 · 1977 · 1978 · 1979 · 1980 · 1981 · 1982 · 1983 · 1984 · 1985 · 1986 · 1987 · 1988 · 1989 · 1990 · 1991 · 1992 · 1993 · 1994 · 1995 · 1996 · 1997 · 1998 · 1999 · 2000 · 2001 · 2002 · 2003 · 2004 · 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 |
|
|
|||||
|---|---|---|---|---|---|
| Dei fem store · Forholdet mellom Armenia og Aserbajdsjan | |||||
| Noverande |
|
||||
| Tidlegare | Andorra · Jugoslavia · Serbia og Montenegro1 | ||||
| Andre | Algerie · Egypt · Jordan · Kasakhstan · Kosovo · Libanon · Libya · Liechtenstein · Palestina · Qatar · Sovjetunionen · Tsjekkoslovakia · Tunisia · Vatikanstaten · Wales | ||||
| 1.^ Tidlegare ein del av Jugoslavia. 2.^ Tidlegare ein del av Jugoslavia og Serbia og Montenegro. |
|||||