Eurovision Song Contest 1958

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1958
250px
Dato
Vertskap
Stad
AVRO Studios
EuroPaíses Bajos.svg Hilversum i Nederland
Programleiar(ar)
Hannie Lips
Dirigent
Dolf van der Linden
Kringkastar(ar)
EuroPaíses Bajos.svg NTS
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Finalen Metropole Orkest
Bidrag
Debuterte
EuroSuecia.svg
Trekte seg
EuroReino Unido.svg
Kart
ESC 1958 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Eurovision Song Contest 1957 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Eurovision Song Contest 1959

Eurovision Song Contest 1958 (ESC 1958) var den tredje gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i AVRO Studios i Hilversum i Nederland. Finalen fann stad onsdag 12. mars. Frankrike vann tevlinga med songen «Dors, mon amour», sunge av André Claveau.

Tevlinga vart for fyrste gong arrangert av landet som vann året før, ein tradisjon som er vorte halden i hevd sidan. Røystinga gjekk føre seg på same måte som året før: Alle deltakarlanda hadde ein jury med ti medlemmar kvar, der kvart medlem gav eit poeng til den songen han eller ho likte best. Juryen var basert i heimlandet og vart kontakta via telefon. Sjølv om «Nel blu dipinto di blu», sungen av Domenico Modugno for Italia, berre enda på tredjeplass, vart han ein internasjonal bestseljar, kanskje best kjend under namnet «Volare». Songen låg mellom anna på fyrsteplass på den amerikanske Billboard-lista og vart løna med tre Grammy-prisar.

Sverige deltok i tevlinga for fyrste gong med ei av sine største stjerner på den tida, Alice Babs. Storbritannia trekte seg frå tevlinga slik at det var ti deltakarar, akkurat som i 1957. Eurovision Song Contest 1956 og Eurovision Song Contest 1958 er dei einaste tevlingane der det ikkje har vorte sunge nokon bidrag på engelsk.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

  • Finalen vart halden den 12. mars i AVRO Studios.
  • Frankrike vann tevlinga for fyrste gong.
  • Italia framførte sin låt to gongar på grunn av tekniske problem. Problemet førte til fyrste bruken av skiltet på fjernsynsskjermen der det står «Brot på biletsambandet med utlandet».
  • Nederland og Luxembourg enda på ein delt niandeplass.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 EuroItalia.svg Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» Italiensk 013 03
02 EuroPaíses Bajos.svg Corry Brokken «Heel de wereld» Nederlandsk 001 09
03 EuroFrancia.svg André Claveau «Dors, mon amour» Fransk 027 01
04 EuroLuxemburgo.svg Solange Berry «Un grand amour» Fransk 001 09
05 EuroSuecia.svg Alice Babs «Lilla stjärna» Svensk 010 04
06 EuroDinamarca.svg Raquel Rastenni «Jeg rev et blad ud af min dagbog» Dansk 003 08
07 EuroBélgica.svg Fud Leclerc «Ma petite chatte» Fransk 008 05
08 EuroAlemania.svg Margot Hielscher «Für zwei Groschen Musik» Tysk 005 07
09 EuroAustria.svg Liane Augustin «Die ganze Welt braucht Liebe» Tysk 008 05
10 EuroSuiza.svg Lys Assia «Giorgio» Tysk 024 02

Artistar som har delteke tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Tidlegare år
Fud Leclerc EuroBélgica.svg 1956
Margot Hielscher EuroAlemania.svg 1957
Corry Brokken EuroPaíses Bajos.svg 1956 og 1957 (vinnar)
Lys Assia EuroSuiza.svg 1956 (vinnar) og 1957

Det var den fyrste gongen at to tidlegare vinnarar deltok i tevlinga same år. Andre, og førebels siste, gongen det hendte var i 2011.

Kommentatorar[endre | endre wikiteksten]

Kommentatorar i land som deltok
Land Kommentator Kringkastar
Flag of Italy.svg Italia Bianca Maria Piccinino Programma Nazionale
Flag of the Netherlands.svg Nederland Siebe van der Zee NTS
Flag of France.svg Frankrike Pierre Tchernia RTF
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Jacques Navadic Télé-Luxembourg
Flag of Sweden.svg Sverige Jan Gabrielsson Sveriges Radio-TV
Flag of Denmark.svg Danmark Statsradiofonien TV
Flag of Belgium (civil).svg Belgia Arlette Vincent INR
Nand Baert NIR
Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Wolf Mittler Deutsches Fernsehen
Flag of Austria.svg Austerrike ORF
Flag of Switzerland.svg Sveits Theodor Haller TV DRS
Georges Hardy TSR
Kommentatorar i land som ikkje deltok
Land Kommentator Kringkastar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Peter Haigh BBC Television Service
Tom Sloan BBC Light Programme

Kjelder[endre | endre wikiteksten]