Eurovision Song Contest 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1976
Dato
Vertskap
Stad
Congresgebouw
Det nederlandske flagget Haag i Nederland
Programleiar(ar)
Corry Brokken
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Flag of Greece.svg Hellas
Flag of Austria.svg Austerrike
Trekte seg
Flag of Sweden.svg Sverige
Flag of Malta.svg Malta
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Kart
Røysting
Vinnar
Det britiske flagget «Save Your Kisses for Me»
Eurovision Song Contest
1975 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1977
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1976 (ESC 1976) var den 21. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Congresgebouw i Haag i Nederland. Finalen fann stad laurdag 3. april. Storbritannia vann konkurransen med songen «Save Your Kisses for Me», framførd av Brotherhood of Manengelsk.

Liechtenstein ynskte å delta i Eurovision Song Contest dette året, men fekk ikkje løyve fordi landet ikkje hadde eigen kringkastar. Det liechtensteinske bidraget i konkurransen ville ha vore «My Little Cowboy» av Biggi Bachmann. Malta valde Enzo Guzman og «Sing Your Song, Country Boy» som sitt bidrag for deretter å trekkje seg frå konkurransen av ukjende årsaker.

Det greske bidraget var kontroversielt sidan det handla om Tyrkia sin okkupasjon av Nord-Kypros. Hellas hadde trekt seg frå konkurransen året før nettopp på grunn av denne okkupasjonen. Sverige trekte seg frå konkurransen, av di Sveriges Radio ikkje hadde råd til å arrangere konkurransen om dei skulle vinna to gonger på rad. Det hadde også vore demonstrasjonar i Sverige mot konkurransen. Som følgje av dette blei det seinare introdusert ein regel som krev at alle kringkastarane i vertslandet må vere med og bidra økonomisk til arrangøren av konkurransen.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

  • Finalen blei halden den 3. april 1976 i Congresgebouw.
  • Storbritannia vann konkurransen for tredje gong.
  • Noreg sitt bidrag, Mata Hari av Anne-Karine Strøm kom på sisteplass med sju poeng.
  • Ein funksjonær fekk ikkje med seg dei fire poenga Frankrike gav Jugoslavia under avstemminga. Viss ein reknar desse poenga med, kom Jugoslavia på 17. plass med 10 poeng. Ulike kjelder uttaler seg forskjellig om desse poenga skal reknast med eller ikkje. Dei offisielle EBU-resultata ignorerer dei.
Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Brotherhood of Man «Save Your Kisses for Me» Engelsk 1 164
2. Flag of Switzerland.svg Sveits Peter, Sue and Marc «Djambo, Djambo» Engelsk 4 91
3. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Les Humphries Singers «Sing Sang Song» Tysk 15 12
4. Flag of Israel.svg Israel Chocolat, Menta, Mastik «אמור שלום» («Emor Shalom») Hebraisk 6 77
5. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Jürgen Marcus «Chansons pour ceux qui s'aiment» Fransk 14 17
6. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Pierre Rapsat «Judy et Cie» Fransk 8 68
7. Flag of Ireland.svg Irland Red Hurley «When» Engelsk 10 54
8. Flag of the Netherlands.svg Nederland Sandra Reemer «The Party's Over» Engelsk 9 56
9. Flag of Norway.svg Noreg Anne-Karine Strøm «Mata Hari» Engelsk 18 7
10. Flag of Greece.svg Hellas Mariza Koch «Παναγιά μου, Παναγιά μου» («Panagia Mou, Panagia Mou») Gresk 13 20
11. Flag of Finland.svg Finland Fredi & Friends «Pump-Pump» Engelsk 11 44
12. Flag of Spain.svg Spania Braulio «Sobran las palabras» Spansk 16 11
13. Flag of Italy.svg Italia Al Bano & Romina Power «We'll Live It All Again» Engelsk, italiensk 7 69
14. Flag of Austria.svg Austerrike Waterloo & Robinson «My Little World» Engelsk 5 80
15. Flag of Portugal.svg Portugal Carlos do Carmo «Uma flor de verde pinho» Portugisisk 12 25
16. Flag of Monaco.svg Monaco Mary Christy «Toi, la musique et moi» Fransk 3 93
17. Flag of France.svg Frankrike Catherine Ferry «Un, deux, trois» Fransk 2 147
18. Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia Ambasadori «Ne mogu skriti svoju bol» Serbokroatisk 18 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]