Eurovision Song Contest 1979

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1979
Dato
Vertskap
Stad
Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi
Flagget til Israel Jerusalem i Israel
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Trekte seg
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Israel «Hallelujah»
Eurovision Song Contest
1978 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1980
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1979 (ESC 1979) var den 24. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem i Israel. Finalen fann stad laurdag 31. mars. Israel vann konkurransen med songen «Hallelujah», framførd av Gali Atari og Milk & Honeyhebraisk.

Tyrkia deltok ikkje dette året. I boka «The Eurovision Song Contest - The Official History», som blei gitt ut ved konkurransens femtiårsjubileum i 2005, skriv forfattar John Kennedy O'Connor at Tyrkia fyrst hadde tenkt å bli med i konkurransen, men at dei valte å trekke seg etter press frå arabiske statar som hadde innvendingar mot at eit muslimsk land skulle delta i ein konkurranse halden i Israel. Det tyrkiske bidraget ville ha vore «Seviyorum» av Maria Rita Epiks og 21.Perons.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of Portugal.svg Portugal Manuela Bravo «Sobe, sobe, balão sobe» Portugisisk 9 64
2. Flag of Italy.svg Italia Matia Bazar «Raggio di luna» Italiensk 15 27
3. Flag of Denmark.svg Danmark Tommy Seebach «Disco Tango» Dansk 6 76
4. Flag of Ireland.svg Irland Cathal Dunne «Happy Man» Engelsk 5 80
5. Flag of Finland.svg Finland Katri Helena «Katson sineen taivaan» Finsk 14 38
6. Flag of Monaco.svg Monaco Laurent Vaguener «Notre vie c'est la musique» Fransk 16 12
7. Flag of Greece.svg Hellas Elpida «Σωκράτη» («Sokrati») Gresk 8 69
8. Flag of Switzerland.svg Sveits Peter, Sue & Marc & Pfuri, Gorps & Kniri «Trödler und Co» Tysk 10 60
9. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Dschinghis Khan «Dschinghis Khan» Tysk 4 86
10. Flag of Israel.svg Israel Gali Atari & Milk & Honey «הללויה» («Hallelujah») Hebraisk 1 125
11. Flag of France.svg Frankrike Anne-Marie David «Je suis l'enfant soleil» Fransk 3 106
12. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Micha Marah «Hey Nana» Nederlandsk 18 5
13. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Jeane Manson «J'ai déjà vu ça dans tes yeux» Fransk 13 44
14. Flag of the Netherlands.svg Nederland Xandra «Colorado» Nederlandsk 12 51
15. Flag of Sweden.svg Sverige Ted Gärdestad «Satellit» Svensk 17 8
16. Flag of Norway.svg Noreg Anita Skorgan «Oliver» Norsk 11 57
17. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Black Lace «Mary Ann» Engelsk 7 73
18. Flag of Austria.svg Austerrike Christina Simon «Heute in Jerusalem» Tysk 18 5
19. Flag of Spain.svg Spania Betty Missiego «Su canción» Spansk 2 116

Kjelder[endre | endre wikiteksten]