Eurovision Song Contest 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1980
Offisiell tittel
25. Eurovisie Songfestival
Dato
Vertskap
Stad
Congresgebouw
Haag i Nederland
Programleiar(ar)
Marlous Fluitsma
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Marokko
Attende
Tyrkia
Trekte seg
Israel
Monaco
Kart
Røysting
Vinnar
«What's Another Year»
Eurovision Song Contest
Jerusalem 1979 Dublin 1981
██ Land som deltok i tevlinga██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Eurovision Song Contest 1980 (ESC 1980), offisielt 25. Eurovisie Songfestival, var den 25. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Congresgebouw i Haag i Nederland. Finalen fann stad laurdag 19. april. Irland vann tevlinga med songen «What's Another Year», framført på engelsk av Johnny Logan.

Tevlinga vart arrangert i Nederland etter at vinnaren året før, Israel, nekta å påta seg arrangementet for andre år på rad. Den israelske regjeringa gjekk ikkje med på å utvide kringkastaren IBA sitt budsjett slik at ein kunne ta på seg arrangementet, og datoen som Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) hadde sett for tevlinga, 19. april, fall på same dag som den israelske minnedagen for falne i krig. Spania og Storbritannia skal båe ha vorte spurde om å påta seg arrangementet, men takka nei. Nederland gjekk deretter med på å arrangere tevlinga så lenge dei fekk kutte i produksjonskostnadane; som eit resultat av dette vart tevlinga halden på same stad som i 1976, og delar av scena si utforming var lik som i 1976.

Marokko deltok for fyrste gong dette året, medan Tyrkia kom attende til tevlinga. Monaco trekte seg frå tevlinga og kom ikkje att før i 2004.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Austerrike Blue Danube «Du bist Musik» Tysk 8 64
02 Tyrkia Ajda Pekkan «Pet'r Oil» Tyrkisk 15 23
03 Hellas Anna Vissi og Epikouri «Autostop» Gresk 13 30
04 Luxembourg Sophie & Magaly «Papa pingouin» Fransk 9 56
05 Marokko Samira Bensaïd «Bitakat Hob» Arabisk 18 7
06 Italia Alan Sorrenti «Non so che darei» Italiensk 6 87
07 Danmark Bamses Venner «Tænker altid på dig» Dansk 14 25
08 Sverige Tomas Ledin «Just nu!» Svensk 10 47
09 Sveits Paola del Medico «Cinéma» Fransk 4 104
10 Finland Vesa-Matti Loiri «Huilumies» Finsk 19 6
11 Noreg Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta «Sámiid Ædnan» Norsk og nordsamisk 16 15
12 Vest-Tyskland Katja Ebstein «Theater» Tysk 2 128
13 Storbritannia Prima Donna «Love Enough for Two» Engelsk 3 106
14 Portugal José Cid «Um grande, grande amor» Portugisisk 7 71
15 Nederland Maggie MacNeal «Amsterdam» Nederlandsk 5 93
16 Frankrike Profil «Hé, hé, m'sieurs dames» Fransk 11 45
17 Irland Johnny Logan «What's Another Year» Engelsk 1 143
18 Spania Trigo Limpio «Quédate esta noche» Spansk 12 38
19 Belgia Telex «Euro-Vision» Fransk 17 14

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Land i Eurovision Song Contest 1980 Mal:Uttakingar til Eurovision Song Contest 1980 Mal:Deltakarar i Eurovision Song Contest 1980 Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1980 Mal:Låtskrivarar i Eurovision Song Contest 1980