Eurovision Song Contest 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1994
Dato
Vertskap
Stad
Point Theatre
Det irske flagget Dublin i Irland
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Flag of Estonia.svg Estland
Flag of Hungary.svg Ungarn
Flag of Lithuania.svg Litauen
Flag of Poland.svg Polen
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Russia.svg Russland
Flag of Slovakia.svg Slovakia
Ikkje med
EuroYugoslavia.svg1
Flag of Monaco.svg Monaco
Flag of Morocco.svg Marokko
Kart
ESC 1994 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga██ Land som ikkje deltok i tevlinga
Røysting
Vinnar
Det irske flagget «Rock 'n' Roll Kids»
Eurovision Song Contest
1993 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1995

Eurovision Song Contest 1994 (ESC 1994) var den 39. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Point Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 30. april. Irland vann tevlinga med songen «Rock 'n' Roll Kids», framførd av Paul Harrington og Charlie McGettigan.

Estland, Ungarn, Litauen, Polen, Romania, Russland og Slovakia deltok i tevlinga for fyrste gong. Polen skapte skandale då Polen sin deltakar, Edyta Górniak, song på engelsk under generalprøven, som er den som blir vist til juryane som skal røyste. Dette er imot reglane som gjaldt denne gongen, som sa at deltakarane måtte synge på eit av dei offisielle språka i landet dei deltok for. 6 land kravde at Polen skulle bli diskvalifisert, men ifølgje reglane måtte 13 land krevje dette for at klagen skulle verte fremja. Polen fekk altså delta og kom til slutt på 2. plass.

Belgia, Israel, Slovenia, Danmark, Tyrkia og Luxembourg deltok ikkje dette året på grunn av den dårlege plasseringar deira året før. Då Italia trekte seg frå konkurransen fekk Kypros plassen istaden.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of Sweden.svg Sverige Marie Bergman & Roger Pontare «Stjärnorna» Svensk 13 48
2. Flag of Finland.svg Finland CatCat «Bye Bye Baby» Finsk 22 11
3. Flag of Ireland.svg Irland Paul Harrington & Charlie McGettigan «Rock 'n' Roll Kids» Engelsk 1 226
4. Flag of Cyprus.svg Republikken Kypros Evridiki «Είμαι άνθρωπος κι εγώ»
(«Eimai Anthropos Ki Ego»)
Gresk 11 51
5. Flag of Iceland.svg Island Sigga «Nætur» Islandsk 12 49
6. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Frances Ruffelle «We Will Be Free (Lonely Symphony)» Engelsk 10 63
7. Flag of Croatia.svg Kroatia Tony Cetinski «Nek' ti bude ljubav sva» Kroatisk 16 27
8. Flag of Portugal.svg Portugal Sara Tavares «Chamar a música» Portugisisk 8 73
9. Flag of Switzerland.svg Sveits Duilio «Sto pregando» Italiensk 19 15
10. Flag of Estonia.svg Estland Silvi Vrait «Nagu merelaine» Estisk 24 2
11. Flag of Romania.svg Romania Dan Bittman «Dincolo de nori» Rumensk 21 14
12. Flag of Malta.svg Malta Chris & Moira «More than Love» Engelsk 5 97
13. Flag of the Netherlands.svg Nederland Willeke Alberti «Waar is de zon?» Nederlandsk 23 4
14. Flag of Germany.svg Tyskland MeKaDo «Wir geben 'ne Party» Tysk 3 128
15. Flag of Slovakia.svg Slovakia Tublatanka «Nekonečná pieseň» Slovakisk 19 15
16. Flag of Lithuania.svg Litauen Ovidijus Vyšniauskas «Lopšinė mylimai» Litauisk 25 0
17. Flag of Norway.svg Noreg Elisabeth Andreassen & Jan Werner Danielsen «Duett» Norsk 6 76
18. Flag of Bosnia and Herzegovina (1992-1998).svg Bosnia-Hercegovina Alma Čardžić & Dejan Lazarević «Ostani kraj mene» Bosnisk 15 39
19. Flag of Greece.svg Hellas Kostas Bigalis & The Sea Lovers «Το tρεχαντήρι»
(«To Trehandiri»)
Gresk 14 44
20. Flag of Austria.svg Austerrike Petra Frey «Für den Frieden der Welt» Tysk 17 19
21. Flag of Spain.svg Spania Alejandro Abad «Ella no es ella» Spansk 18 17
22. Flag of Hungary.svg Ungarn Friderika Bayer «Kinek mondjam el vétkeimet?» Ungarsk 4 122
23. Flag of Russia.svg Russland Youddiph «Вечный странник»
(«Vyechniy stranik»)
Russisk 9 70
24. Flag of Poland.svg Polen Edyta Górniak «To nie ja!» Polsk 2 166
25. Flag of France.svg Frankrike Nina Morato «Je suis un vrai garçon» Fransk 7 74

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

1.^ Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, som deltok under namnet Jugoslavia, vart oppløyst i 1991. To av dei tidlegare landa, Serbia og Montenegro, som i 1992 tok namnet Den føderale republikken Jugoslavia, tevla i 1992 under namnet Jugoslavia. I 1993 trekte dei seg ut av tevlinga, men kunne fortsett delteke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]