Eurovision Song Contest 1997

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1997
Dato
Vertskap
Stad
Flag of Ireland.svg Republikken Irland Point Theatre i Dublin
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Flag of Italy.svg Italia
Ikkje med
Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Flag of Finland.svg Finland
Flag of Israel.svg Israel
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Slovakia.svg Slovakia
Kart
Røysting
Vinnar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Love Shine a Light (Storbritannia)
Eurovision Song Contest
1996 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1998

Eurovision Song Contest 1997 var den 42. i rekkja, og vart arrangert i Point Theatre i Dublin i Irland den 3. mai 1997. Irland arrangerte tevlinga for sjuande gong av di Eimear Quinn vann i Oslo i 1996. Programleiarane var Carrie Crowley og Ronan Keating. Italia kom attende dette året, og den italienske kringkastaren RAI slo fast at dette var siste gongen landet akta å delta.

Katrina and the Waves, som representerte Storbritannia, vann tevlinga med rekordmange 227 poeng. Denne rekorden stod heilt fram til 2004, då semifinalen vart innført og mange fleire land vart med i avstemminga). Vinnarsongen «Love Shine a Light» fekk poeng frå alle landa, ti tolvarar og fem tiarar. Songen vert rekna som ein av dei mest vellukka som har vunne tevlinga nokonsinne. Vertslandet Irland kom på andreplass, med Marc Roberts og «Mysterious Woman».

Det var eit breitt spekter av ulike songar med dette året. Danmark sendte ein rapsong, Kroatia sendte deira versjon av Spice Girls og Sverige sendte eit boyband i beste åttitalsstil. Musikken var generelt meir moderne enn før, og for fyrste gong på seks år var det ein song med raskt tempo som vann. Noreg sitt bidrag, San Francisco av Tor Endresen kom på ein delt sisteplass saman med Portugal, og fekk null poeng.

Telefonavstemming vart testa ut i fem land dette året: Storbritannia, Sverige, Sveits, Tyskland og Austerrike. Det synte seg at resultata frå desse landa skilte seg ganske mykje frå dei andre landa, som brukte jury. For eksempel fekk Island 16 av sine totalt 18 poeng frå desse fem landa.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Språk Artist Song Nynorsk omsetjing Plassering Poeng
1 Flag of Cyprus.svg Kypros Gresk Hara & Andreas Konstantinou Mana mu
(Μάνα μου)
Moderlandet 5 98
2 Flag of Turkey.svg Tyrkia Tyrkisk Şebnem Paker & Grup Etnic Dinle Høyr 3 121
3 Flag of Norway.svg Noreg Norsk Tor Endresen San Francisco 24 0
4 Flag of Austria.svg Austerrike Tysk Bettina Soriat One Step Eitt steg 21 12
5 Flag of Ireland.svg Republikken Irland Engelsk Marc Roberts Mysterious Woman Mystisk kvinne 2 157
6 Flag of Slovenia.svg Slovenia Slovensk Tanja Ribič Zbudi se Vakn opp 10 60
7 Flag of Switzerland.svg Sveits Italiensk Barbara Berta Dentro di me Inni meg 22 5
8 Flag of the Netherlands.svg Nederland Nederlandsk Mrs. Einstein Niemand heeft nog tijd Ingen har tid lenger 22 5
9 Flag of Italy.svg Italia Italiensk Jalisse Fiumi di parole Elvar av ord 4 114
10 Flag of Spain.svg Spania Spansk Marcos Llunas Sin rencor Utan bitterheit 6 96
11 Flag of Germany.svg Tyskland Tysk Bianca Shomburg Zeit Tid 18 22
12 Flag of Poland.svg Polen Polsk Anna Maria Jopek Ale jestem Men eg er 11 54
13 Flag of Estonia.svg Estland Estisk Maarja-Liis Ilus Keelatud maa Forbode land 8 82
14 Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina Bosnisk/kroatisk/serbisk Alma Čardžić Goodbye Farvel 18 22
15 Flag of Portugal.svg Portugal Portugisisk Célia Lawson Antes do adeus Før avskjed 24 0
16 Flag of Sweden.svg Sverige Svensk Blond Bara hon älskar mig Berre ho elskar meg 14 36
17 Flag of Greece.svg Hellas Gresk Marianna Zorba Horepse
(Χόρεψε)
Dans 12 39
18 Flag of Malta.svg Malta Engelsk Debbie Scerri Let Me Fly La meg flyga 9 66
19 Flag of Hungary.svg Ungarn Ungarsk V.I.P. Miért kell, hogy elmenj? Kvifor må du gå? 12 39
20 Flag of Russia.svg Russland Russisk Alla Pugacheva Primadonna
(Примадонна)
15 33
21 Flag of Denmark.svg Danmark Dansk Kølig Kaj Stemmen i mit liv Røysta i livet mitt 16 25
22 Flag of France.svg Frankrike Fransk Fanny Sentiments songes Lygner kjensler 7 95
23 Flag of Croatia.svg Kroatia Kroatisk E.N.I. Probudi me Vekk meg 17 24
24 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Engelsk Katrina & The Waves Love Shine a Light Kjærleik skin eit ljos 1 227
25 Flag of Iceland.svg Island Islandsk Paul Oscar Minn hinsti dans Min siste dans 20 18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]