| Eurovision Song Contest 2001 |
|
|
|
| Dato |
| Vertskap |
|
|
| Varigskap |
| Opningsnummer |
| Pausenummer |
| Bidrag |
|
|
|
|
| Kart |
|
|
| Røysting |
|
|
| Eurovision Song Contest |
|
|
Eurovision Song Contest 2001 var den 46. Eurovision Song Contest, og vart arrangert på Parken Stadion i København, Danmark den 12. mai 2001 etter at Olsen Brothers vann tevlinga i 2000 med songen «Fly on the Wings of Love». Dette var fyrste gongen på 36 år at tevlinga vart arrangert i Danmark. Programleiarar var Natasja Crone Back og Søren Pilmark.
I forkant av tevlinga hadde arrangøren, Danmarks Radio (DR) vanskar med å finna ein passande stad å ha tevlinga, men valet fall til slutt på Parken Stadion. Parken husa 38 000 tilskodarar under arrangementet, og er dermed den største arenaen som har vorte brukt i Eurovision Song Contest til no. Dei store avstandane gjorde at tilskodarane som sat lengst borte ikkje kunne sjå scena. Ei endring i reglane gjorde at berre dei femten beste landa (utanom de fire største økonomiske bidragsytarane i til EBU: Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland) ville kvalifisera seg til neste års finale.
Frå og med dette året var det obligatorisk med telefonavstemming, og berre nokre få av landa brukte juryar som fylgje av tekniske problem med telefonavstemminga. På førehand var Frankrike, Hellas og Slovenia samt Malta og Spania rekna som dei største favorittane. Avstemminga utvikla seg til eit reint kappløp mellom Estland, Danmark, Hellas og Frankrike. Til slutt greidde ikkje Hellas og Frankrike meir, og det stod om Estland og Danmark. Den åttitalsinspirerte songen Everybody av Dave Benton og Tanel Padar vart til slutt den uventa vinnaren. Dave Benton kjem opphavleg frå Aruba og er den einaste farga personen som har vunne Eurovision Song Contest. Det svenske bidraget Listen to your Heartbeat av Friends skapte kontrovers ettersom det likna mistenkjeleg på Belgia sitt bidrag i 1996, «Liefde is een kaartspel» av Lisa del Bo, men kom på femteplass.
Noreg sitt bidrag, «On My Own» av Haldor Lægreid , fekk berre tre poeng (alle frå Portugal) og kom på delt sisteplass saman med Island.