Eurovision Song Contest 2002

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 2002
Motto: "A Modern Fairytale"
Dato: 2011-05-1010. mai 2011
Stad: Saku Suurhall
Flagget til Estland Tallinn, Estland
Programleiarar: Annely Peebo
Marko Matvere
Kringkasting: Flagget til Estland ETV
Deltakarland: 24 nasjonar
Vinnar: Flagget til Latvia Marie N
Førre: 2001
Neste: 2003
Deltaking
Attende: Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Flag of Finland.svg Finland
Flag of Cyprus.svg Kypros
Flag of Macedonia.svg Makedonia
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Switzerland.svg Sveits
Ikkje med: Flag of Iceland.svg Island
Flag of Norway.svg Noreg
Flag of Ireland.svg Irland
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Flag of Poland.svg Polen
Flag of Austria.svg Austerrike
Flag of Portugal.svg Portugal

Eurovision Song Contest 2002 (ESC 2002) var den 47. Eurovision Song Contest og gjekk av stabelen 25. mai 2002 i Saku Suurhall Arena i Tallinn i Estland. Programleiarane var Annely Peebo og Marko Matvere.

Estland var det første blant dei tidlegare østblokk-landa til å arrangere Eurovision Song Contest. Det var lenge stor uro for at landet ikkje ville ha råd til å arrangere konkurransen, men denne svann hen då stor innsats til slutt sikra arrangementet. Temaet rundt dette årets Eurovision Song Contest var Eventyr, noko som kom til uttrykk i dei såkalla postkorta som vart vist mellom songane. Konkurransen vart vunne av Marie N frå Latvia med songen I Wanna. Noreg deltok ikkje i konkurransen dette året på grunn av den dårlege plasseringa i konkurransen året før.

Opphavleg var det meint at 22 deltakarland skulle få konkurrere; dei 15 beste frå fjoråret pluss dei sju landa som hadde vorte ekskludert frå 2001-utgåva på grunn av dei gjennomsnittleg låge poenga deira frå dei siste fem åra. Seinare auka den europeiske kringkastingsunionen deltakartalet til 24 då dei gav Israel og Portugal høve til å delta. Portugal avstod og vart erstatta av vinnarlandet Latvia.

Dette årets utgåve prova kor uforutsigbar konkurransen var, då få kunne ha gjetta på førehand at konkurransen skulle bli eit reint løp mellom Malta og Latvia. Storbritannia gjorde suksess med Jessica Garlicks bidrag Come Back, som enda på delt tredjeplass med Estland. Tyskland deltok med songarinna Corinna May som hadde vore blind sidan fødselen, Hellas sine deltakarar stilte i romdrakter og Slovenia sende tre menn kledd som kvinnelege flyvertinner.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Språk Artist Song Omsett tittel Plassering Poeng
1 Flag of Cyprus.svg Kypros Engelsk One Gimme Gje meg 6 85
2 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Engelsk Jessica Garlick Come back Kom tilbake 3 111
3 Flag of Austria.svg Austerrike Engelsk Manuel Ortega Say A Word Sei eit ord 18 26
4 Flag of Greece.svg Hellas Engelsk Michalis Rakintzis S.A.G.A.P.O E.L.S.K.A.R D.E.G 17 27
5 Flag of Spain.svg Spania Spansk Rosa Europe's living a celebration Europa lever ei feiring 7 81
6 Flag of Croatia.svg Kroatia Engelsk Vesna Pisarović Everything I Want Alt eg vil ha 11 44
7 Flag of Russia.svg Russland Engelsk Prime Minister Northern Girl Nordleg jente 10 55
8 Flag of Estonia.svg Estland Engelsk Sahlene Runaway Rømling 3 111
9 Flag of Macedonia.svg Makedonia Makedonsk Karolina Gočeva Od Nas Zavisi Det er opp til oss 19 25
10 Flag of Israel.svg Israel Engelsk, Hebraisk Sarit Hadad Light a candle Tenn eit ljos 12 37
11 Flag of Switzerland.svg Sveits Fransk Francine Jordi Dans le jardin de mon âme I hagen til min sjel 22 15
12 Flag of Sweden.svg Sverige Engelsk Afro-dite Never let it go Aldri la det gå 8 72
13 Flag of Finland.svg Finland Engelsk Laura Voutilainen Addicted to you Avhengig av deg 20 24
14 Flag of Denmark.svg Danmark Engelsk Malene Mortensen Tell Me Who You Are Fortel meg kven du er 24 7
15 Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina Bosnisk / kroatisk / serbisk, engelsk Maja Tatić Na Jastuku Za Dvoje På ei pute for to 13 33
16 Flag of Belgium (civil).svg Belgia Engelsk Sergio & The Ladies Sister Søster 13 33
17 Flag of France.svg Frankrike Fransk Sandrine François Il faut du temps (Je me battrai pour ça) Det tar tid (eg vil kjempa for det) 5 104
18 Flag of Germany.svg Tyskland Engelsk Corinna May I can't live without music Eg kan ikkje leva utan musikk 21 17
19 Flag of Turkey.svg Tyrkia Engelsk, tyrkisk Buket Bengisu & Group Safir Leylaklar soldu kalbinde Liljene visna i hjarta ditt 16 29
20 Flag of Malta.svg Malta Engelsk Ira Losco 7th Wonder Sjuande underverk 2 164
21 Flag of Romania.svg Romania Engelsk Monica Anghel & Marcel Pavel Tell me why Fortel meg kvifor 9 71
22 Flag of Slovenia.svg Slovenia Slovensk Sestre Samo ljubezen Berre kjærleik 13 33
23 Flag of Latvia.svg Latvia Engelsk Marie N I Wanna Eg vil 1 176
24 Flag of Lithuania.svg Litauen Engelsk Aivaras Happy you Glade deg 23 12