Eurovision Song Contest 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 2006
Feel The Rhythm
Offisiell tittel
51. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinalen 18. mai 2006
Finalen 20. mai 2006
Vertskap
Stad
Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten i Hellas
Programleiar(ar)
Sákis Rouvás og María Menoúnos
Kringkastar(ar)
Ellinikí Radiofonía Tileórasi
Varigskap
Opningsnummer
Semifinalen «Love Shine A Light» av Sákis Rouvás og María Menoúnos
Finalen «The Mermaid Song» av Foteini Darra og «My Number One» av Élena Paparízou
Pausenummer
Semifinalen «I'm In Love With You» av Sákis Rouvás
Finalen «Mambo!» av Élena Paparízou
Bidrag
Røystesystem
Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til deira ti favorittsongar.
Antal bidrag
37 land. 24 i finalen. 23 i semifinalen.
Debuterte
Armenia
Trekte seg
Austerrike
Ungarn
Serbia og Montenegro
Ikkje med
Italia
Luxembourg
Marokko
Kart
ESC 2006 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen ██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Vinnar
Finland med «Hard Rock Halleluja» av Lordi
Eurovision Song Contest
Kiev 2005 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Helsingfors 2007

Eurovision Song Contest 2006 (ESC 2006), offisielt 51. Eurovision Song Contest, var den 51. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten i Hellas. Semifinalen fann stad 18. mai 2006 og finalen fann stad 20. mai 2006. Finland vann tevlinga med songen «Hard Rock Hallelujah», framførd på engelsk av Lordi. «Hard Rock Halleluja» vart den fyrste rockesongen som vann tevlinga, sidan Eurovision ofte vert assosiert med pop og schlager. Det var fyrste gongen Finland vann etter å ha delteke i 45 år. Programleiarane var den greske songaren Sákis Rouvás, som representerte Hellas i 2004 og 2009, og den gresk-amerikanske programleiaren og skodespelaren María Menoúnos.[1] I semifinalen song Rouvás og Menoúnos «Love Shine A Light», vinnarsongen til Katrina and the Waves frå 1998. Rouvás framførde òg ein engelsk versjon av hans greske hit «S'ékho erotefthí» kalla «I'm In Love With You». Élena Paparízou som vann Eurovision Song Contest 2005 i Kiev i Ukraina framførde vinnarsongen «My Number One» samt «Mambo!». Ein offisiell CD og DVD vart gjeve ut og ein ny introduksjon var ein offisiell fanbok gjeve ut frå dette året, og kvart år for å kome med detaljert informasjon frå kvart land.

Song nummer 1 000 i tevlinga, «Every Song Is a Cry for Love», vart framførd av Brian Kennedy for Irland i semifinalen. Armenia deltok i tevlinga for fyrste gong.

Format[endre | endre wikiteksten]

Visuelt design[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle logoen var lik den som vart nytta i 2004 og 2005, men flagget i hjartet vart bytta ut med det greske flagget. Logoen vart sett saman av den offisielle logoen samt ein del laga av designbyrået Karamela. Ifylgje Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) var den «inspirert av vinden og sjøen, den gylne sol og gløden av sand». Etter at Istanbul hadde valt mottoet «Under The Same Sky» og Kiev hadde valt «Awakening» vart mottoet i 2006 «Fel The Rhythm». Dette vart òg nytta som grunnlag for postkorta som vart syna før kvar framføring, som understreka den historiske tydinga til Hellas samt at landet er eit stort moderne turistmål.

Røysting[endre | endre wikiteksten]

For å spare tid i finalen fekk ein berre røyste i ti minutt og då poenga vart lest opp vart dei sju fyrste poenga syna på skjermen i staden for. Talspersonane las berre opp poenga 8, 10 og 12. Sjølv om ein fekk ned tida under vart det framleis fleire problem under røystgjevinga. Då Nederland skulle gje poeng gjekk Menoúnos av scena og bak til green room. På grunn av problem med mikrofona fekk ikkje Rouvás kontakt med ho. Det var òg problem med lasting av resultattavlar av di dei hang seg opp og programleiarane og talspersonane byrja å prate før dei vart syna på skjermen. Den nederlandske talspersonen Paul de Leeuw laga òg problem då han gav mobilnummeret sitt til Rouvás og nytta meir tid då han las opp dei fyrste sju poenga. Khonstantínos Khristofórou, som representerte Kypros i 1996, 2002 og 2005, helsa frå «Nikosia, den siste delte hovudstaden i Europa». Då Kypros las opp poenga syna sendinga at poenga kom frå Sveits. Røystinga vart òg kritisert av di ein berre las opp dei tre poeng i staden for alle ti. For fyrste gong vart Makedonia presentert som «Former Yugoslav Republic of Macedonia» i staden for med forkortinga «FYR Macedonia» eller «F.Y.R. Macedonia». Etter 2006 har Makedonia berre vorte presentert som «F.Y.R. Macedonia».

Finalen[endre | endre wikiteksten]

  • Finalen vart kringkasta 20. mai 2006 frå Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten.
  • Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Hellas var direktekvalifisert til finalen.
  • Dei ti beste landa i finalen i Eurovision Song Contest 2005 og dei ti beste frå semifinalen i Eurovison Song Contest 2006 kvalifiserte seg til finalen. Totalt deltok 24 land i finalen.
  • Serbia og Montenegro trekte seg frå tevlinga og vart bytta ut med Kroatia. Landet fekk røyste i finalen, men det var berre mogleg å røyste i Serbia. Under poengutdelinga sa Jovana Janković, som las opp poenga frå Serbia og Montenegrino, «som de veit så har me ingen song til dykk i år, men eg lovar at me vil gje dykk den beste neste år». Året etter vann Serbia telvinga og Janković fekk vere programleiar då tevlinga vart halden i Beograd i 2008.
# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass
01 Sveits six4one «If We All Give a Little» Engelsk Ralph Siegel og Bernd Meinunger 030 16
02 Moldova Arsenium, Natalia Gordienko og Connect-R «Loca» Engelsk og spansk Arsenium 022 20
03 Israel Eddie Butler «Together We Are One» Engelsk og hebraisk Eddie Butler, Osnat Tzavag og Orly Burg 004 23
04 Latvia Vocal Group Cosmos «I Hear Your Heart» Engelsk Reinis Sējāns, Andris Sējāns, Molly-Ann Leikin og Guntars Račs 030 17
05 Noreg Christine Guldbrandsen «Alvedansen» Norsk Kjetil Fluge, Atle Halstensen og Christine Guldbrandsen 036 14
06 Spania Las Ketchup «Un Blodymary» Spansk Manuel Ruiz Gómez 018 21
07 Malta Fabrizio Faniello «I Do» Engelsk Aldo Spiteri og Fabrizio Faniello 001 24
08 Tyskland Texas Lightning «No No Never» Engelsk Jane Comerford 036 15
09 Danmark Sidsel Ben Semmane «Twist of Love» Engelsk Niels Drevsholt 026 18
10 Russland Dima Bilan «Never Let You Go» Engelsk Alexandr Lunyov, Karen Kavaleryan og Irina Antonyan 248 02
11 Makedonia Elena Risteska «Ninanajna» Engelsk og makedonsk Darko Dimitrov og Rade Vrčakovski 056 12
12 Romania Mihai Trăistariu «Tornerò» Engelsk og italiensk Eduard Cîrcotă, Mihai Traistariu, Cristian Hriscu og Mihaela Deac 172 04
13 Bosnia-Hercegovina Hari Mata Hari «Lejla» Bosnisk Željko Joksimović, Fahrudin Pecikoza og Dejan Ivanović 229 03
14 Litauen LT United «We Are the Winners» Engelsk og fransk Andrius Mamontovas, Victor Diawara og Saulius Urbonavičius 162 06
15 Storbritannia Daz Sampson «Teenage Life» Engelsk John Matthews og Daz Sampson 025 19
16 Hellas Ánna Víssi «Everything» Engelsk Níkos Karvélas og Ánna Víssi 128 09
17 Finland Lordi «Hard Rock Hallelujah» Engelsk Mr. Lordi 292 01
18 Ukraina Tina Karol «Show Me Your Love» Engelsk Mikhail Nekrasov, Tina Karol og Pavlo Shylko 145 07
19 Frankrike Virginie Pouchain «Il était temps» Fransk Corneille 005 22
20 Kroatia Severina «Moja štikla» Kroatisk Boris Novković, Franjo Valentić og Severina Vučković 056 13
21 Irland Brian Kennedy «Every Song Is a Cry for Love» Engelsk Brian Kennedy 093 10
22 Sverige Carola «Invincible» Engelsk Thomas G:son, Bobby Ljunggren, Henrik Wikström og Carola Häggkvist 170 05
23 Tyrkia Sibel Tüzün «Süper Star» Tyrkisk og engelsk Sibel Tüzün 099 11
24 Armenia André «Without Your Love» Engelsk Armen Martirosyan og Catherine Bekian 129 08

Tidlegare deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Deltakar Land Tidlegare år Tidlegare land Deltok som Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Ánna Víssi Hellas 1980 Hellas Artist 030 13
1982 Kypros Artist og
låtskrivar
085 05
Eddie Butler Israel 1999 (del av Eden) Israel Artist 093 05
Viktoras Diawara
(del av LT United)
Litauen 2001 (del av SKAMP) Litauen Artist og
låtskrivar
035 13
Fabrizio Faniello Malta 2001 Malta Artist 048 09
Michał Wiśniewski
(del av Ich Troje)
Polen 2003 (del av Ich Troje) Polen Artist og
låtskrivar
090 07
Justyna Majkowska
(del av Ich Troje)
Polen 2003 (del av Ich Troje) Polen Artist 090 07
Jacek Łągwa
(del av Ich Troje)
Polen 2003 (del av Ich Troje) Polen Artist og
låtskrivar
090 07
Carola Sverige 1983 Sverige Artist 126 03
1991 Sverige Artist 146 01
Ralph Siegel
(med Mauro Balestri)
Sveits 1974 (med Michael Kunze) Luxembourg Låtskrivar 014 04
1976 (med Kurt Hertha) Vest-Tyskland Låtskrivar 012 15
1979 (med Bernd Meinunger) Vest-Tyskland Låtskrivar 086 04
1980 (med Bernd Meinunger) Vest-Tyskland Låtskrivar 128 02
1980 (med Bernd Meinunger,
Pierre Delanoë og Jean-Paul Cara)
Luxembourg Låtskrivar 056 09
1981 (med Bernd Meinunger) Vest-Tyskland Låtskrivar 132 02
1982 (med Bernd Meinunger) Vest-Tyskland Låtskrivar 161 01
1985 (med Bernd Meinunger og
Jean-Michel Beriat)
Luxembourg Låtskrivar 037 13
1987 (med Bernd Meinunger) Vest-Tyskland Låtskrivar 141 02
1988 (med Bernd Meinunger) Vest-Tyskland Låtskrivar 041 14
1990 (med Michael Kunze) Vest-Tyskland Låtskrivar 060 09
1992 (med Bernd Meinunger) Tyskland Låtskrivar 027 16
1994 (med Bernd Meinunger) Tyskland Låtskrivar 128 03
1997 (med Bernd Meinunger) Tyskland Låtskrivar 022 18
1999 (med Bernd Meinunger) Tyskland Låtskrivar 140 03
2002 (med Bernd Meinunger) Tyskland Låtskrivar 017 21
2003 (med Bernd Meinunger) Tyskland Låtskrivar 053 11
Bernd Meinunger
(med Ralph Siegel)
Sveits 1979 (med Ralph Siegel) Vest-Tyskland Låtskrivar 086 04
1980 (med Ralph Siegel) Vest-Tyskland Låtskrivar 128 02
1980 (med Ralph Siegel,
Pierre Delanoë og Jean-Paul Cara)
Luxembourg Låtskrivar 056 09
1981 (med Ralph Siegel) Vest-Tyskland Låtskrivar 132 02
1982 (med Ralph Siegel) Vest-Tyskland Låtskrivar 161 01
1985 (med Ralph Siegel og
Jean-Michel Beriat)
Luxembourg Låtskrivar 037 13
1987 (med Ralph Siegel) Vest-Tyskland Låtskrivar 141 02
1988 (med Ralph Siegel) Vest-Tyskland Låtskrivar 041 14
1992 (med Ralph Siegel) Tyskland Låtskrivar 027 16
1994 (med Ralph Siegel) Tyskland Låtskrivar 128 03
1997 (med Ralph Siegel) Tyskland Låtskrivar 022 18
1999 (med Ralph Siegel) Tyskland Låtskrivar 140 03
2002 (med Ralph Siegel) Tyskland Låtskrivar 017 21
2003 (med Ralph Siegel) Tyskland Låtskrivar 053 11
Željko Joksimović Bosnia-Hercegovina 2004 (med Ad Hoc Orchestra) Serbia og Montenegro Artist 263 02 263 01

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. In pictures: Eurovision 2006 (engelsk). BBC News (21. mai 2006). Vitja 9. mars 2013.

Mal:Eurovision Song Contest 2006 Mal:Deltakarar i Eurovision Song Contet 2006 Mal:Songar i Eurovision Song Contest 2006 Mal:Låtskrivarar i Eurovision Song Contest 2006 Mal:Land i Eurovision Song Contest 2006