Eurovision Song Contest 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 2010
Share the Moment
Eurovision Song Contest 2010 logo.svg
Dato
Semifinale 1 25. mai 2010
Semifinale 2 27. mai 2010
Vertskap
Stad Telenor Arena
Flagget til Noreg i Eurovision Song Contest Bærum i Noreg
Programleiarar Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui
Kringkastar Flagget til Noreg i Eurovision Song Contest NRK
Varigskap
Opningsnummer
Finalen «Fairytale» av Alexander Rybak
Pausenummer
Semifinale 1 Film om menneskelege lydar
Semifinale 2 Korleis ein gut kom seg til konsertarenaen og breakdance
Finalen «Glow» av Madcon med førehandsinnspelte klipp av dansande flash mob-ar frå ulike stader i Europa.
Bidrag
Attende collapse Georgia
Trekte seg collapse Andorra
collapse Montenegro
collapse Tsjekkia
collapse Ungarn
Kart
ESC 2010 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen ██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Flagget til Russland i Eurovision Song Contest Moskva 2009 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Düsseldorf 2011 Flagget til Tyskland i Eurovision Song Contest

Eurovision Song Contest 2010 (ESC 2010) var den 55. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Telenor Arena i Bærum i Noreg. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 25. mai 2010, den andre semifinalen fann stad torsdag 27. mai 2010 og finalen fann stad laurdag 29. mai 2010. Tyskland vann tevlinga med songen «Satellite», sungen av Lena.

Under finalen i Eurovision Song Contest 2009 vart det igjen brukt nasjonale fagjuryar i tillegg til telefonrøysting, der røystene til fagjuryane og telefonrøystene i utgangspunktet skulle telje like mykje. Frå og med 2010 vil dette systemet òg takast i bruk under semifinalane. Totalt 39 land deltok i tevlinga: Georgia kom attende etter ikkje å ha delteke i 2009, medan Andorra, Tsjekkia, Ungarn og Montenegro trekte seg. Litauen kunngjorde fyrst at dei ikkje kom til å delteke, men stod seinare på lista over stadfesta deltakarland kunngjort av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Innhaldsliste

[endre] Arrangement

Telenor Arena.

Dåverande statsråd i kulturdepartementet Trond Giske og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vart samde om eit budsjett på rundt 150 millionar kroner, noko som er om lag 130 millionar kroner mindre enn busjettet til Moskva frå 2009, men 50 millionar meir enn HelsingforsFinland arrangerte tevlinga i 2007. Dette estimatet vart seinare justert til 211 millionar kroner.

Det vart tidleg slått fast av Norsk rikskringkasting (NRK) at ein kom til å nytte ein allereie eksisterande arena, og at det ikkje ville verte bygd noko nytt i samband med arrangementet. EBU gav NRK og kulturministaren melding om at det vart stillt strenge krav til arena, noko som gjorde Tromsø, Bergen, Trondheim og Stavanger uaktuelle som arrangørbyar, sjølv om desse byane viste interesse for å arrangere tevlinga. Dimed sto valet mellom Telenor Arena på Fornebu i Bærum og Oslo Spektrum i Oslo. 3. juli 2009 vart det avgjort at tevlinga skulle arrangerast i Telenor Arena.

Finalen vart arrangert 29. mai med semifinalar 25. og 27. mai. Opphavleg dato for finalen var 22. mai med semifinalar 18. og 20. mai, men dette vart endra, då 22. mai òg er dato for finalen i Mesterligaen.

[endre] Programleiarar

Programleiarar for tevlinga var Nadia Hasnaoui, Erik Solbakken og Haddy N'jie.

Norske medium starta tidleg å spekulere i moglege kandidatar til programlederjobbene. Jon Almaas og Fredrik Skavlan frå høvesvis Nytt på nytt og Skavlan var mellom dei som vart nemnt hyppigast, medan duoen Thomas Numme og Harald Rønneberg vann ei avrøsting der Dagbladet spurde kva for kjendisar ein helst ville ha som programleiarar. Dorthe Skappel, som enda på andreplass i Dagbladet si kåring, viste interesse for å verte programleiar.

På ein pressekonferanse 10. mars 2010 offentliggjorde NRK at Eurovision Song Contest 2010 skulle leiast av Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui. Programleiarane opna og avslutta sendingane i fellesskap, men hadde ulike oppgåver undervegs. Medan Solbakken og N'jie sto for kontakten med deltakarane, hadde Hasnaoui ansvaret for avrøstinga. Dette var andre gongen i historia til tevlinga ein hadde fleire enn to programleiarar; fyrste gongen var i 1999.

[endre] Pauseinnslag

Pauseinnslaget i den fyrste semifinalen var ein film om menneskelege lydar, medan den andre semifinalen sitt pauseinnslag handla om korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, der han deltok i ein oppvisning i breakdance. Pauseinnslaget i finalen besto mellom anna av førehandsinnspelte klipp av dansande flash mob-ar frå ulike stader i Europa, og dessutan direkteoverføring frå Hamburg. Klipp frå fjernsynsstover i alle deltakarland direkte via nettkamera var òg med. Publikum i salen deltok òg i dansen. Den norske rapgruppa Madcon song songen «Glow» som ein del av pauseinnslaget.

[endre] Avrøsting

EBU vidareførde ordninga med både jury- og telefonrøyster som vart introdusert under finalen i Eurovision Song Contest 2009. I 2010 vart dette systemet òg teke i bruk under semifinalane. Kvart land hadde ein nasjonal fagjury som gav poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag. Røystene til juryen vart kombinert med resultatet frå telefonavrøstinga ved at dei ti bidraga som mottok flest telefonrøystar, òg fekk poeng i valørane 12, 10 og 8–1. Dei ti bidraga som til saman hadde fått flest røyster då jury- og telefonrøystene vart lagt saman, mottok poeng frå landet. Ved eventuell røystelikskap skulle telefonrøystene vege tyngst.

Dette året kunne ein røyste frå før fyrste land hadde framførd til om lag 15 minutt etter at siste bidrag var framførd. Tidlegare kunne ein berre røyste i om lag 15 minutt etter at eit land hadde framførd.[1]

[endre] Orkester

Ei gruppe på nettsamfunnet Facebook som hadde som mål at det skulle nyttast orkester under Eurovision Song Contest 2010, oppnådde nærare 5000 medlemmar. Det vart nytta orkester i tevlinga frå starten i 1956 til og med 1998. Sidan Eurovision Song Contest 1999 har ein som fylgje av den tekniske utviklinga innan musikkindustrien valt å nytte forhandsinnspelte lydspor i staden. Debatten om framtida til orkestret i tevlinga har versert sidan, men EBU ytra ikkje noko ynskje om å endre på den noverande ordninga. Jan Fredrik Heyerdahl frå Kringkastingsorkestret sa at orkestret var interessert i å bidra i tevlinga, om EBU og NRK samtykte.

[endre] Fordeling av semifinaleplassar

Sundag 7. februar 2010 vart det halde ei trekning som avgjorde kva for land som skulle delteke i kvar av dei to semifinalane. Deltakarlanda vart fordelt i fem ulike grupper basert på røystemønstrane frå tidlegare tevlingar. Det vart òg avgjord i kva for ein halvdel av semifinalen dei respektive landa kom til å framføre – dette for at delegasjonane skulle vita når øvingane starta. Det vart òg avgjord i kva for semifinalar vertslandet Noreg og «Dei fem store», Storbritannia, Frankrike, Spania og Tyskland, som alle var førehandskvalifiserte til finalen, skulle vere med og røyste. Den endelege rekkjefylgja for fremføringane vart trekt 23. mars 2010. Her vart det òg avgjord i kva for ei rekkjefylgje landa skulle presentere røystene sine under finalen.

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4 Gruppe 5

[endre] Bidraga

[endre] Semifinale 1

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 collapse Moldova SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 052 10
02 collapse Russland Peter Nalitch and Friends «Lost and Forgotten» Engelsk 074 07
03 collapse Estland Malcolm Lincoln og Manpower 4 «Siren» Engelsk 039 14
04 collapse Slovakia Kristína Peláková «Horehronie» Slovakisk 024 16
05 collapse Finland Kuunkuiskaajat «Työlki ellää» Karelsk 049 11
06 collapse Latvia Aisha «What For?» Engelsk 011 17
07 collapse Serbia Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 079 05
08 collapse Bosnia-Hercegovina Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 059 08
09 collapse Polen Marcin Mroziński «Legenda» Engelsk og polsk 044 13
10 collapse Belgia Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 167 01
11 collapse Malta Thea Garrett «My Dream» Engelsk 045 12
12 collapse Albania Juliana Pasha «It's All About You» Engelsk 076 06
13 collapse Hellas Jórgos Alkaíos and Friends «ÓPA!» Gresk 133 02
14 collapse Portugal Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 089 04
15 collapse Makedonia Gjoko Taneski, Billy Zver og Damjan Pejčinoski «Jas ja imam silata» Makedonsk 037 15
16 collapse Kviterussland 3+2 «Butterflies» Engelsk 059 09
17 collapse Island Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 123 03

[endre] Semifinale 2

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of Lithuania.svg Litauen InCulto «East European Funk» Engelsk 12 44
2. Flag of Armenia.svg Armenia Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 6 83
3. Flag of Israel.svg Israel Harel Skaat «Milim» Hebraisk 8 71
4. Flag of Denmark.svg Danmark Christina Chanée & Tomas N'evergreen «In a Moment Like This» Engelsk 5 101
5. Flag of Switzerland.svg Sveits Michael von der Heide «Il Pleut de L'or» Fransk 17 2
6. Flag of Sweden.svg Sverige Anna Bergendahl «This Is My Life» Engelsk 11 62
7. Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan Safura Alizadeh «Drip Drop» Engelsk 2 113
8. Flag of Ukraine.svg Ukraina Alyosha «Sweet People» Engelsk 7 77
9. Flag of the Netherlands.svg Nederland Sieneke «Ik ben verliefd (Sha-la-lie)» Nederlandsk 14 29
10. Flag of Romania.svg Romania Paula Seling & Ovidiu Cernăuţeanu «Playing with Fire» Engelsk 4 104
11. Flag of Slovenia.svg Slovenia Ansambel Roka Žlindre & Kalamari «Narodnozabavni rock» Slovensk 16 6
12. Flag of Ireland.svg Irland Niamh Kavanagh «It’s for You» Engelsk 9 67
13. Flag of Bulgaria.svg Bulgaria Miroslav Kostadinov «Ангел си ти» («Angel si ti») Bulgarsk 15 19
14. Flag of Cyprus.svg Kypros Jon Lilygreen & The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 10 67
15. Flag of Croatia.svg Kroatia Feminnem «Lako je sve» Kroatisk 13 33
16. Flag of Georgia.svg Georgia Sopho Nizharadze «Shine» Engelsk 3 106
17. Flag of Turkey.svg Tyrkia maNga «We Could Be the Same» Engelsk 1 118

[endre] Finalen

Finalen vart halden 29. mai 2010 i Telenor Arena i Bærum. Tyskland vann tevlinga for andre gong. Berre «Dei fire store» var direktekvalifisert til finalen. I tillegg til desse deltok dei 10 beste frå kvar semifinale. Spania fremførde sitt bidrag to gongar fordi den kjende avbrytaren Jimmy Jump løp opp på scena.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 collapse Aserbajdsjan Safura «Drip Drop» Engelsk 145 5
02 collapse Spania Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk
03 collapse Noreg Didrik Solli-Tangen «My Heart Is Yours» Engelsk 035 20
04 collapse Moldova SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 027 22
05 collapse Kypros Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 027 21
06 collapse Bosnia-Hercegovina Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 051 17
07 collapse Belgia Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 143 06
08 collapse Serbia Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 073 13
09 collapse Kviterussland 3+2 og Robert Wells «Butterflies» Engelsk 018 24
10 collapse Irland Niamh Kavanagh «It's for You» Engelsk 025 23
11 collapse Hellas Jórgos Alkaíos and Friends «ÓPA!» Gresk 140 08
12 collapse Storbritannia Josh Dubovie «That Sounds Good to Me» Engelsk 010 25
13 collapse Georgia Sofia Nizharadze «Shine» Engelsk 136 09
14 collapse Tyrkia maNga «We Could Be the Same» Engelsk 170 02
15 collapse Albania Juliana Pasha «It's All About You» Engelsk 062 16
16 collapse Island Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 041 19
17 collapse Ukraina Alyosha «Sweet People» Engelsk 108 10
18 collapse Frankrike Jessy Matador «Allez Ola Olé» Fransk 082 12
19 collapse Romania Paula Seling og Ovi «Playing with Fire» Engelsk 162 03
20 collapse Russland Peter Nalitch and Friends «Lost and Forgotten» Engelsk 090 11
21 collapse Armenia Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 141 07
22 collapse Tyskland Lena «Satellite» Engelsk 246 01
23 collapse Portugal Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 043 18
24 collapse Israel Harel Skaat «Milim» Hebraisk 071 14
25 collapse Danmark Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This» Engelsk 149 04
02 collapse Spania Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 068 15

I finalen vart røystane presentert i følgjande rekkjefylgje:

  1. Flag of Romania.svg Romania
  2. Flag of Ireland.svg Irland
  3. Flag of Germany.svg Tyskland
  4. Flag of Serbia.svg Serbia
  5. Flag of Albania.svg Albania
  6. Flag of Turkey.svg Tyrkia
  7. Flag of Croatia.svg Kroatia
  8. Flag of Poland.svg Polen
  9. Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina
  10. Flag of Finland.svg Finland
  11. Flag of Slovenia.svg Slovenia
  12. Flag of Estonia.svg Estland
  13. Flag of Russia.svg Russland
  1. Flag of Portugal.svg Portugal
  2. Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
  3. Flag of Greece.svg Hellas
  4. Flag of Iceland.svg Island
  5. Flag of Denmark.svg Danmark
  6. Flag of France.svg Frankrike
  7. Flag of Spain.svg Spania
  8. Flag of Slovakia.svg Slovakia
  9. Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
  10. Flag of Ukraine.svg Ukraina
  11. Flag of Latvia.svg Latvia
  12. Flag of Malta.svg Malta
  13. Flag of Norway.svg Noreg
  1. Flag of Cyprus.svg Kypros
  2. Flag of Lithuania.svg Litauen
  3. Flag of Belarus.svg Kviterussland
  4. Flag of Switzerland.svg Sveits
  5. Flag of Belgium (civil).svg Belgia
  6. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
  7. Flag of the Netherlands.svg Nederland
  8. Flag of Israel.svg Israel
  9. Flag of Macedonia.svg Makedonia
  10. Flag of Moldova.svg Moldova
  11. Flag of Georgia.svg Georgia
  12. Flag of Sweden.svg Sverige
  13. Flag of Armenia.svg Armenia

[endre] Artistar som har delteke tidlegare

Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Feminnem collapse Kroatia 2005 collapse Bosnia-Hercegovina 079 14 X X
Niamh Kavanagh collapse Irland 1993 collapse Irland 187 01 X1 X1

[endre] Fotnotar

1.^ Det vart ikkje arrangert nokon semifinale i 1993, men ein kvalifikasjonsrunde der sju land deltok.

[endre] Kjelder


[endre] Referansar

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk