Eusosialitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eusosiale)
Hannar av maurslekta Pogonomyrmex.

Eusosialitet (etter gresk, «ekte sosialitet») er eit mønster somme dyr organiserer formeiringa si etter. Fenomenet er først og fremst kjend frå sosiale insekt som maur, bier, kvefsar og termittar, men det er òg kjend frå krepsdyr og til og med pattedyrartar som nakenrotte.

Den mest brukte definisjonen på at eit dyresamfunn skal kunne kallast eusosialt går på tre punkt:

  1. Individ frå fleire generasjonar lever i lag
  2. Dei ulike medlemmane i kolonien samarbeider om å ta vare på dei yngste dyra (egg og larver)
  3. Bestanden er delt inn i minst to klart skilde kastar; ein som formeirar seg og ein som ikkje gjer det.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]