Eva Kristin Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eva Kristin Hansen

Eva Kristin Hansen (fødd 5. mars 1973 i Molde) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho har sete på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke sidan 2005.

Hansen har studert ved NTNU og ved kommunalkandidatstudiet ved HiO. Ho har arbeidd i ulike stillingar i Nei til EU, LO, Rissa kommune, Arbeidaranes Ungdomsfylking og Norsk kommuneforbund.

Frå 2000 til 2002 var ho leiar av Arbeidaranes Ungdomsfylking. På landsmøtet i 2002 tapte ho ei kampvotering mot Gry Larsen med 3 stemmer. Frå 2009 er ho leiar i Sør-Trøndelag Arbeidarparti, etter å ha vore nestleiar frå 2003. Ho var bystyremedlem i Trondheim 2003–2005 og varamedlem til fylkestinget 1995–1999.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]